Forside:Telemarksarkivet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Telemarksarkivet
Telemarksarkivet, logo
Foto: Telemarksarkivet.no

Telemarksarkivet er eit samarbeid mellom dei tre konsoliderte musea i Telemark: Telemark Museum, Norsk Industriarbeidermuseum og Vest-Telemark Museum. På oppdrag frå Telemark fylkeskommune jobbar Telemarksarkivet for å ta vare på og formidle arkiv frå privat sektor.

Telemarksarkivet blei lansert 1. september 2015, med prøvedrift frå 1. juli 2015, og er ein forlenging av prosjektet «Privatarkiv i Telemark», PRAKT, som blei gjennomført i 2013 og 2014. Dei tre musea såg behovet for å finne ei felles løysing for bevaring av privatarkiv i regionen, og initiativet fekk økonomisk stønad frå fylkeskommunen.   Les mer ...

 
Smakebitar
Landgård hotell med Høydalsmo sentrum i bakgrunnen.
Foto: Mittet & Co. / Nasjonalbiblioteket.
Landgård hotell låg i Høydalsmo i Tokke kommune. Hotellet var i drift frå ca. 1920-1972. Alt i 1891 kjøpte Halvor O. Landsverk frå Kviteseid tomta som var utskild frå Nigard Ofte og tok til å byggje her. På 1890-talet blei det lagt fram forskjellige forslag for kvar Bergensbanen skulle leggjast, og eitt av forslaga var å leggje han gjennom Høydalsmo. Om dette var årsaka til at Halvor satte opp bygningen er usikkert, men det er ingen tvil om at den store bygningen vakte oppsikt i samtida. Då ein grosserar Ulrichsen frå Skien farta gjennom bygda då bygningen blei reist i 1890-åra, skal han ha bemerka; «Det var da svært til lang gård!». Dermed blei staden kalla «Langaard». Då sonen til Conrad Langaard, sjefen for Langaards Tobakksfabrikk, ei gong i slutten av 1920-åra kom køyrande forbi og såg skiltet med "Hotel Langaard" hengande på veggen, tok han tak i ein sakførar. Hotelleigar Halvor J. Ofte fekk brev frå ein advokat om at namnet på hotellet måtte endrast. Halvor sette inn ein «d» i namnet, og sidan heitte hotellet «Landgård».   Les mer …

Transport av molybden med taugbane frå toppen av gruva ned til Bandak. Molybdenen vart frakta vidare med båt.
Foto: Ukjend / Vest-Telemark Museum.

Dalen Gruber A/S var ei molybdengruve som låg på Dalen i Telemark. Gruva var i drift frå 1916 til 1919. Undersøkelsane ved Dalen gruver vart gjort av Otto Bonden og A. Dettmer i 1915. Året etter vart drifta tatt over av A/S Dalen Molybdengruber som 20. desember satte i drift eit «Elmore»-vaskeri.

Molybden var eit viktig metall for krigsindustrien. Når ein fekk reinsa malmen for ymse stoff kunne ein blande molybdenen med stål. Slik fekk ein panserstål som vart nytta som materiale i bygging av tanks og stridsvogner.

Medan fyrste verdskrig rasa i Europa i 1916 tok ingeniør Otto Falkenberg initiativ til gruvedrift på garden Berge i Eidsborg. I liane ned mot Dalen var det store forekomster av malm. (Her skal ein ha funne ein klump på 10 kilo som visstnok har hamna på eit museum i Belgia.) I desse liane bygde Falkenberg opp Dalen Gruber A/S som allereie i 1917 hadde 90 arbeidsfolk.   Les mer …

Glomfoss Bruk og Glomsdammen.
Foto: Ukjend (før 1914)
Glomfoss Bruk i Kilegrend ligg på Kiland nedre, gnr. 25/2, fnr. 11 i Fyresdal kommune. Bruket vart starta opp i 1908. Drifta opphøyrde i 1980-åra, og frå 1994 vart Fyresdal Bygdemuseum eigar.I Kilegrend vart det i lang tid attende arbeidd med fleire dammar og nokre mindre sagbruk, men så kom det planar om eit større sagbruk ved Glomfoss, og i 1908 stod det ferdig. Eigarar i 1913 var Tjostolv Kiland, Helge Kiland, Ketil Sundslid, T. K. Kiland og Ketil J. Kiland. Det blei skipa eit aksjeselskap 10. august 1919 av skogeigarar. Aksjebreva er i 1919 underskrive av Nils Lotsberg og Ketil Kiland og Ketil Sundsli. Nils Lotsberg var forretningsførar for bruket. Av aksjebrev ser ein at det fyrst var tenkt på namnet Øyfoss på grunn av lokaliseringa på Øyne, men det er eit anna sagbruk med dette namnet og difor vart namnet Glomfoss.   Les mer …

"Love for Selskapet Fyresdals Vel".
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)

Fyresdals Vel vart skipa allereie i 1898 og hadde som oppgåve å stimulere til diverse aktivitetar til fordel for bygda og innbyggarane. Foreininga vart nedlagd som eiga stifting i 2001.Grunnlaget for oppstartinga var ei gåve frå Anders Jørgensen Veum på kr. 2000,- og ei tilsvarande løyving på kr. 2000,- frå Fyresdal heradstyre. Fyresdal heradstyre skreiv lovene, og laget fekk namnet Fyresdals Vel.

16. desember 1898 godtok kongen lovane. Brevet er stempla med riksseglet og underskrive av regjeringa. 8. april 1899 valde Fyresdals Vel sitt fyrste styre: J. K. Kiland (formann), B. Taraldlien (nestformann), H. Qvisling, Ivar Tveiten, Torleiv Veum. Torgeir Lie blei kassastyrar. I 1902 blei Bendik Taraldlien formann og var det til 1908 med unnatak av 1905 då J. K. Kiland var formann.

Fyresdals Vel vart innmeld i Norsk Landmandsforbund og Bratsberg Landhusholdningsselskap. Fyresdals Vel var og innmeld i Bratsberg amts skogselskap og hagebrukslag.   Les mer …

Telens lokale på Notodden.
Foto: Ukjent / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Telen er en avis som dekker kommunene Notodden, Hjartdal og Sauherad i Telemark. Telen har mer enn 80 år lange tradisjoner på Notodden og i nabokommunene. Det var en markant avismann i redaktør Ola Storeng som etablerte avisen som kom ut med sitt første nummer 6. juni 1928 fra trykkeriet i Telegaten 3. Ola Storeng hadde allerede som 24-åring startet Teledølen i 1905 med 1200 kroner som startkapital, en avis han solgte i 1916 for så å dra tilbake til Røros og senere storgården Innbryn i Trøndelag. Han grunnla også i 1909 Rjukan Blad, senere Rjukan Dagblad. Begge disse avisene gikk inn på 1960- og 1970-tallet.

Det var dramatisk fall i tømmerprisene som skulle komme til å føre Ola Storeng tilbake til Notodden og avisdrift. Avisa Telen ble etablert i konkurranse med Teledølen som han selv hadde skapt noen år tidligere.   Les mer …

Den fyrste bilen som gjekk mellom Årnes brygge og Ulveneset, var ein Federal kjøpt inn ved starten i 1919. Mannen på fotografiet er Tor Sannes.
Seljord Billag, L/L, blei skipa på møte i Klokkarstogo i Seljord 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget Seljords Automobillag. Føremålet med laget var «å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur». Torgrim Haugerud blei valt til formann. Den fyrste bilen laget kjøpte, var ein Federal lastebil. Den vart påbygd i Seljord, «med eit karosjeri på ein måte, men det var nokso primitivt». Før bilen blei satt i rute, kosta den laget 19 865 kr. Bilen køyrde ruta to gonger i veka, men berre om sumaren.   Les mer …
 
Sjå òg




 
Kategoriar for Telemarksarkivet
ingen underkategorier
 
Andre artiklar