Organisasjonsliv i Telemark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Oversyn over organisasjonslivet i Telemark frå 1900 og fram til i dag

Utdypende artikkel: Telemark i det 20. århundret

Denne artikkelen gir eit oversyn over organisasjonslivet i Telemark. Artikkelen er meint å skulle hjelpe privatarkivinstitusjonar i innsamlingsarbeidet av privatarkiv i fylket, og vart starta av Telemarksarkivet. Sjå også eigne artiklar om primærnæringane, sekundærnæringane og tertiærnæringane i fylket, og eiga liste over organisasjonane i Telemark.

Kode Organisasjonskategori Kjenneteikn ved perioden 1900-1945 Kjenneteikn ved perioden 1946-1972 Kjenneteikn ved perioden 1973-2000 Artiklar om tema Bevarte privatarkiv
1.0 Jord, skog, fiske, fangst
  • Det var større medvit kring dyrehald; kvalitet framfor kvantitet! Oppretting av kontrollag, avlslag m.m. frå 1901.[1]
  • Kooperative innkjøpslag og salslag for næringane.
  • Landhusholdningsselskap, andelsbedrifter i jordbruket, forbrukarkooperasjonen. Det fanst tjuge landboforeningar i 1900.[2]
  • Fesjå som viktig omsettings- formidlingsarena for landbruket.
  • Norsk Skogeierforening frå 1913.[3] «Skogsaka» stod sterkt, og skogkultivering var det viktigaste temaet.[4]
  • Skiensvassdragets Fellesfløtningsforening
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

55 arkiv
7,5 hm

2.0 Industri og håndverk
  • Lokallag tilslutta Telemark Husflidslag (stifta i 1924).
Ingen artikler oppfyller kriteria

9 arkiv
7,5 hm

3.0 Handel

15 arkiv
1,5 hm

4.0 Bank og forsikring, transport og service

10 arkiv
3,5 hm

5.0 Arbeidsgjevarorganisasjonar

0 arkiv
0 hm

6.0 Arbeidstakar- og yrkesorganisasjonar
  • Fleire handtverksforeiningar etablert før 1900, Skiens Håndverkerforening som den fyrste og største.
  • Vekst i organisasjonane utanfor LO på 1980- og 1990-talet.[5] YS frå 1977, Unio (tidl. UHO) og Akademikerne kring 2000 som dei største samanslutningane.
Ingen artikler oppfyller kriteria

382 arkiv
112 hm

7.0 Produktivitet og teknikk

38 arkiv
6 hm

8.0 Vitskap, kultur, internasjonalt samarbeid
  • Målrørsla dominerte i dei midtre og øvre bygdene. Telelagetblant dei største fylkeslaga tilslutta Noregs Mållag. Målbladet Norig i Skien.[6]
  • Det fyrste historielaget i Telemark, Brevik historielag, blei stifta i 1926.
  • Fylkesmuseet for Telemark og Grenland etablert i 1910.[7] Bygdemuseum oppstod fleire stader, ofte ut av andre organisasjonar/stiftingar.
  • Både leseforeningar og litterære foreiningar, m.a. Kvindernes læseforening i Porsgrunn.
  • Kulturvernorganisasjonen Forbundet Kysten med mange underavdelingar frå 1979.[8] Ei lang rekkje organisasjonar knytt til kysten i tillegg til denne.
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

42 arkiv
24 hm

9.0 Humanitære og sosiale organisasjoner
  • Fråhaldssaka stod sterkt – Telemark var det største fråhaldsfylket på Austlandet i 1919 og 1926, men med lokale variasjonar.
  • Lokale sanitetslag i 1910- og 20-åra. I mellomkrigstida oppstod det fleire. Saman med husmorlaga tok dei initiativ til helsemessige- og sosiale tiltak lenge før kommunane såg dette som si oppgåve. Det kom også til fleire andre typar lag, som Hjemmenes Vel, starta av Skien Kvinnestemmerettsforening i 1918.
  • Bygdefolkets Krisehjelp stod sterkt i fylket, og tente til dels som ei bru over til Nasjonal Samling.
  • Husmor- og sanitetslaga vart viktige i etterkrigstida.
  • Fråhaldslaga forsvinn.
  • Helse- og sanitetslaga vert overflødige når kommunane tek over.
  • Ei rekkje lokallag under Røde Kors.

Fråhaldsrørsla

Ingen artikler oppfyller kriteria

Hjelpeorganisasjonar

Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

Velforeiningar

Ingen artikler oppfyller kriteria

133 arkiv
67,5 hm

10.0 Idrett, ungdoms- og fritidsorganisasjonar
  • Idrettsrørsla var den største i fylket. Ei rekke idrettslag etablert før 1919 då Telemark Idrettskrets' vart etablert. Idrettsrørsla vaks mykje fram mot krigen, og vart før 1946 organisert i «Norges Landsforbund for Idrett» og «Arbeidernes Idrettsforbund». Skiidrett og friidrett stod frå byrjinga sterkt, m.a. med Morgedal som «skisportens vogge». Snart kom fotballen for alvor, med Odds Ballklubb som den eldste i landet.
  • Skyttarlag frå 1800-talet.
  • Segleforeiningar i både Brevik og Kragerø kring 1900.
  • Grenland Krets av Norges Speiderforbund etablert i 1918.
  • Ei rekke kor, orkester, korps og teatergrupper, t.d. Thomassens gutter og Suoni i Skien.
  • Borne- og ungdomslag, gjerne kombinert med fråhald, målsak og religion.
  • Idretten vaks etter krigen, men no vart den organisert gjennom èitt forbund.
  • Segleforeiningane.[9]
  • Kunstforeiningar, korps, kor, musikkforeninger, danseskular, revygrupper og mange fleire.
  • Førebilete som Dizzie Tunes, Grenland friteater (1976) og Knut Buen. "Nordstogafisering" på 2000-talet.
  • Kvinnerørsla på 1970-talet spegla seg i organisasjonslivet.
  • Borne- og ungdomslag, der temaet gjekk frå fråhald, målsak og religion til politikk.
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

229 arkiv
136 hm

11.0 Religiøse organisasjonar
  • Den religiøse kulturen vart styrkt i det nye hundreåret. Visstnok fanst det ingen byar i Noreg som hadde fleire kyrkjesamfunn enn Skien. Lammers dissidentermenighet frå 1853. I Nedre Telemark stod den katolske menigheten sterkt attmed frelsesarmé, metodistar og pinsevener.[10]
  • Lekmannsrørsla som alt hadde slått kraftige røter i dei nedre delane av fylket, vart sterkare.[11]
  • Den religiøse kulturen voks fram ved sida av den frilynde rørsla som hadde best grobotn i dei midtre og øvre bygdene.
  • Indremisjon med eit regionalt preg gjennom Langesundsfjordens indremisjonsselskap (1866), som hadde si stordomstid i 1920- og 30-åra.[12] Sagavoll' (1914) som samlingspunkt for både indre- og ytremisjon.[13]
  • Pinserørsla heldt dåp i mange vatn, og trakk folk frå arbeidarklassa.[14]
  • Åge Samuelsen som leiarskikkelse i pinserørsla. Då han vart kasta ut starta han Maran Ata i 1958.
  • Bedehuskultur i Øvre-Telemark.
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

56 arkiv
34 hm

12.0 Politiske parti og tilknytta organisasjonar, politiske rørsler og kampanjer
  • Store regionale skilnader knytt til folkerøystinga om monarki i 1905. Sterk republikansk stemning i Øvre-Telemark, stort sett motsatt i Nedre-Telemark. Så og seie alle ville ut av unionen.
  • Arbeidarrørsle i fylket kom med stiftinga av den fyrste arbeidarforeininga i Brevik i 1849. Arbeidarrørslene kom sterkt til syne ved Menstadslaget i 1931 og Siljankonflikta i 1926.[15]
  • Det fyrste "Folkets Hus» bygd av Nes Arbeiderforening på Gvarv i 1907.[16] Desse vart gradvis avvikla, rivne, selde eller erstatta av samfunnshus frå 1940-åra.[17]
  • Politisk var Telemark «landet imellom» med AP i ei sterkt stilling som på Austlandet, og med eit sterkt Venstre som på Sør- og Vestlandet.[18]
  • Arbeidarpartiet fann veljarar frå industriarbeidarklassa der sosialismen vart den politiske retninga. AP og til dels Kommunistpartiet, fekk snart ei førande stilling i fylket. AP fann også veljarar i dei øvre bygdene, noko som gav fylket både ei sterk industriarbeidarrørsle og ei sterk arbeidarrørsle på bygdene.
  • Venstre heldt ei sterk stilling fram til 2. verdskrig.
  • Nasjonal Samling fekk ikkje noko sterkt stilling i mellomkrigstida, men fylket vart likevel ein av dei sterkaste regionane til partiet, m.a. som heimfylket til Quisling som hadde tette band til partimiljøet i Porsgrunn. Antisemittisme representert gjennom andre organisasjonar?
  • Høgre stod lenge relativt sterkt i Porsgrunn og langs kystbeltet.[19]
  • AP fekk si glanstid etter krigen, men mista sitt politiske hegemoni på 60-talet, dels grunna etableringa av SV og dei borgarlege partia si auka oppslutning. AP i fyket var før dette eit av dei sterkaste i landet, med meir enn 50 prosent av veljarane.[20]
  • Norges Kommunistiske Parti hadde stor oppslutning i starten og stod sterkt mellom anna på Herøya, men vart utmanøvrert grunna indre strid knytt til haldninga til Sovjet, samt overvakingssaka.
  • Venstre mista den sterke stillinga – vart delvis erstatta av Kristeleg Folkeparti.
  • «Bygderørsla» med plasseringa av Høgskulen i Bø i 1970 som viktigaste siger.[21]
  • EF som ny politisk skilleline. Samtlege kommunar i fylket stemte "nei". Nei-stemninga i 1972 som eit symbol på «verdikonservatisme knytt til bygdekultur og utkantinteresser kombinert med politisk radikalisme»?
  • AP fall ved valet i 1973, då SV tok mange av stemmene. AP vaks på 80-talet, for deretter å falle ved valet i 1989 og 2001.[22]
  • Venstre nærast forsvann.
  • Høgrebølgjer frå Høgre og Framstegspartiet som hovudtendensen frå 1980-talet (med unnatak av tida rundt folkerøystinga i 1994). Dette var eit heilt nytt trekk ved partisystemet i fylket. Borgarlege i fleirtal frå 1993. Framstegspartiet sitt gjennombrot i 1997.[23]
  • Nei til EF i 1994 med nei-stemning gav Senterpartiet eit valdsamt løft, særleg i industrikommunane der partiet tidlegare ikkje hadde stått like sterkt.[24]
  • Miljøorganisasjonar med Hardangervidda nasjonalpark som symbol på gjennomslagskrafta?[25] Miljøvernsorganisasjonane starta opp kring 1970.
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

298 arkiv
40 hm

13.0 Uspesifisert

2 arkiv

Kjelder

  • Rovde, Olav og Ingvar Skobba (red.), Telemarks historie: Etter 1905, band 3, Fagbokforlaget. 2014. ISBN 978-82-450-1409-9.
  • NOS IV, nr. 106, Beretninger om amternes økonomiske tilstand i femaaret 1896-1900, bind I, VIII.

Referansar

  1. Telemark Historie 3, s. 28
  2. NOS IV, nr. 106, Beretninger om amternes økonomiske tilstand i femaaret 1896-1900, bind I, VIII, s. 5
  3. Telemark Historie 3, s. 31
  4. Telemark Historie 3, s. 26
  5. Telemark Historie 3, s. 192
  6. Telemark Historie 3, s. 134
  7. Telemark Historie 3, s. 299
  8. Telemark Historie 3, s. 102
  9. Telemark Historie 3, s. 102
  10. Telemark Historie 3, s. 255
  11. Telemark Historie 3, s. 10
  12. Telemark Historie 3, s. 251
  13. Telemark Historie 3, s. 252
  14. Telemark Historie 3, s. 257
  15. Telemark Historie 3, s. 152
  16. Telemark Historie 3, s. 153
  17. Telemark Historie 3, s. 181
  18. Telemark Historie 3, s. 11
  19. Telemark Historie 3, s. 134
  20. Telemark Historie 3, s. 164
  21. Telemark Historie 3, s. 186
  22. Telemark Historie 3, s. 178
  23. Telemark Historie, s. 192
  24. Telemark Historie 3, s. 214
  25. Telemark Historie 3, s. 184