Torbjørg Trydal (1914–2002)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav og Gunhild i Lunden med alle borna ca 1939. Bak frå venstre: Margit og Hallvard, Sigrid og og Store-Knut, Gunvor og Lisle-Knut, Torbjørg og Dreng. Ånund mellom foreldra. Bilete frå samlinga etter Knut T. Hovden i Setesdalsmuseet.

Torbjørg Trydal f. Mosdøl (fødd 28. november 1914 i Bykle, død 19. januar 2002 i Flekkefjord) var bondedotter frå Bykle. Under andre verdskrigen var ho involvert i motstandsarbeid, og ho vart arrestert og satt fengsla i fleire månader.

Slekt og familie

Ho var dotter av Olav Knutsson Stavenes (1888–1973) og Gunhild Hallvardsdotter Mosdøl (1888–1947). Torbjørg var det tredje av ti born.

Ho vart i 1944 gift med Torgeir Trydal (1911–1953). Dei fekk sønane Hallvard (f. 1946) og Olav Magne (f. 1948).

Liv og verke

Ho vaks opp på bruket LundenMosdøl i Bykle. Mora tok, som eldst av to systrer, over bruket saman i 1918, og dreiv det saman med mannen.

I januar 1943 vart Torbjørg Mosdøl trulova med Torgeir Trydal frå Der inne frå Trydal sør i Bykle.[1] Ho vart arrestert kort tid etter, den 20. februar 1943. Dette hende i samband med opprullinga av Laudals organisasjon, ei stor og viktig motstandsgruppe i Agder. Sipo starta opprulling i desember 1942, og i løpet av dei neste månadene skulle meir enn 350 verte arrestert. Dei fleste vart sendt i konsentrasjonsleir. Torbjørg Mosdøl si rolle er uklår, og det ser ut til at tyskarane ikkje hadde prov på at ho hadde vore direkte involvert. Ho vart sendt rett til Kristiansand kretsfengsel med fangenummer 2321, og der var ho til 26. februar. Så var ho nokre dagar på det frukta Arkivet, der ho utan tvil vart avhøyrd av Gestapo. Den 5. mars bar det attende til Kristiansand, og så vart ho sendt til Grini. Ho kom dit 10. mars 1943, og fekk fangenummer 6854. Den 20. desember 1943 vart ho sett fri.

Ho gifta seg i 1944.[2] Etter krigen busette dei seg nær Flekkefjord, i dåverande Nes herad.

Referansar

  1. Vestlandske Tidende 1943.01.11. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Fædrelandsvennen 1944.10.03. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur