Vråliosen hotell
Tidlegare Vråliosen hotell (også kalla Vraaliosen Hotel og Sanatorium, Vraaliosen Hotel og Pensionat, Vraaliosen Hotel og Vraaliosen/Vråliosen Turisthotel) ligg i enden av Vråvatn i Vrådal i Kviteseid kommune. Dette var endepunktet for dampskipsruta som hadde gjenge på Vråvatn og Nisser sidan 1867. Hotellet vart sett opp av Mikkel P. Fladeland (Flatland) i 1895[1] som Vraaliosen Hotel og Sanatorium.[2] I desember 1918 vedtok Kviteseid heradstyre at Astrid Iversen fekk løyve til å driva hotell i Vråliosen i 1919.[3] Ein veit ikkje hvor lenge ho heldt på. Kring 1920 overtok Petter M. Flatland hotellet etter far sin. Eigedomen vart skild ut frå gnr. 7/1 i 1942.[4] Kåre Steen fekk skøyte på eigedomen i 1944, og i 1977 overtok sonen, Tore Steen.[5] Etter ei tid som asylmottak, sto bygningen tom i mange år og forfall. I 2026 fekk det gamle hotellet nye eigarar, og planane er å restaurere bygningen og starte opp att hotelldrifta.
Kvifor turisthotell i Vråliosen? Turisttrafikken over Haukeli auka og det vart bygd turisthotell i Tveitsund. På Nisser og Vråvatn gjekk det rutebåt Tveitsund–Vråliosen, og det vart naturleg med eit hotell i Vråliosen der turistane kunne overnatte før turen gjekk vidare over Haukeli med karjol. Vråliosen hotell er bygd i 1895 i ein romantisk stil, same byggemåte og stil som det omfangsrike Dalen Hotel (1894). Arkitekt der var Haldor Larsen Børve. I 1910 var Arendal–Åmlibanen bygd ferdig, og den vart forlenga til Tveitsund som Treungbanen 1913. Etter kvart som turisttrafikken med bil tok seg opp vart det mindre bruk for hotellet, det vart gjort fleire freistnader med ny bruk, men etter kvart vart det ståande tomt og ubruka. Eigedomens adresse er Vråliosvegen 2140.
Arkiv
Ei gjestebok og nokre reklameartiklar frå Vråliosen hotell vert oppbevart ved Vest-Telemark Museum. Sjå Vråliosen Hotell på Arkivportalen.
Referansar
- ↑ Kviteseid bygdesoge. Utg. Kviteseid kommune 1962. Digital versjon på Nettbiblioteket
- ↑ Buskeruds Blad 1896.06.14. Digital versjon på Nettbiblioteket
- ↑ Norig 1918.12.28. Digital versjon på Nettbiblioteket
- ↑ Grunnboksblad for gnr. 7/1, Vraaliosen og Skreosen
- ↑ Grunnboksblad for gnr. 7/10, Vråliosen Turistpensjonat
Kjelder
- Nes, Trygve, Postkort fra gamle Telemark, Notodden, T. Nes, 1999. Lenke til digital utgåve på Nasjonalbiblioteket.
- Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. (s. 820). Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
- Kulturminnesøk: Vråliosen hotell
- Nes, Trygve. Postkort fra gamle Telemark. Utg. T. Nes. Notodden. 1999. Digital versjon på Nettbiblioteket