Sygard Stamstad i Lom. Store delar av sitt vaksne liv budde Tosten Olsen i Øvergrenda på husmannsplassar under Stamstad og andre gardar i nærleiken. Nordgard Stamstad, som kan skimtast i bakgrunnen, var lensmannsgard 1823-ca. 1846. Nabogarden Synstad var lensmannsgard etter det, fram til 1884, så var Sygard Stamstad og deretter igjen Synstad bustad for lensmannen fram til 1891. Tosten var godt kjend i desse gardane. Han var fleire gonger arrestant der. I bakgrunnen: Lomsegga og Fossbergom bygdesentrum. (2011)
Tosten Olsen Oppnåsen (fødd i Skjåk 11. april 1829, død i Lom 1918) var husmannsson og livnærde seg i vaksen alder som åkerbrytar, grøftegravar og med anna slags manuelt arbeid. Han fekk tidleg ord på seg for å vere ein rabagast og notorisk tjuvradd. Rettsprotokollane viser at ryktet ikkje var heilt ugrunna. Han vart også hugsa som ein god historieforteljar og skrønemakar. I likskap med ei rekkje samtidige representantar for bygdeproletariatet i Lom og Skjåk er Tosten udøyeleggjord som ein av aktørane i Olav Aukrusts dikt «Aksion på Tande», under oppnamnet Musken. Les mer …
Torkjell Naterstad (fødd den 20. januar 1898 i Kvinnherad, død 1990) var lærar, lokalpolitikar og organisasjonsmann. Han la mykje arbeid i fråhaldsrørsla og kristeleg arbeid, og ivra for målsaka.
Foreldra var gardbrukarparet Åsmund Halvardson Haugstøl (1860-1944) og Anne Oline Jensdotter fødd Seglem (1864-1946). Dei fekk i 1889 skøyte på garden Håbakka (bnr. 6 under gardsnummer 94 Naterstad), der Torkjell og syskena voks opp. Syskenflokken bestod av fem gutar og tre jenter, fødde i tidsrommet 1892-1908.
Torkjell Naterstad gifta seg i 1931 med Andrea Torp, dotter av Johan Rasmussen og Verdine Elisabet Andreassen Torp. Dei fekk to søner og to døtrer. Les mer …
Øyberget der Anne og Syver budde 1806-1811. (1998) Anne Olsdotter Hyrve (Hørve, Hørven) (fødd 10. april 1783 i Skjåk, død same stad i 1837) var gardkone og haugianar. Mykje tyder på at ho, i lag med mannen Syver og nokre andre av dei haugianske kadrane i Skjåk, øvde sterk innverknad på bygdekulturen der i fyrste halvparten av 1800-talet. Kva meir er, etterkomarane til Anne og Syver, med sin haugianske ballast, skulle kome til å øve innverknad på politikk, samfunn og kultur langt utanfor Skjåk og Gudbrandsdalen seinare i århundret.Som det framgår av lista over borna til Anne og Syver, gifta tre av dei seg med kvar sine av ein syskenflokk frå garden (Nigard) Bu i Sel. Der var folket også haugianarar. Guro og mannen Iver Olsen Bu flytta til garden Blekastad, også i Sel. Dei vart foreldre til folkehøgskolemannen Ivar Blekastad og stortingsmannen Sigurd Blekastad (Venstre). Dette viser ein direkte familiesamanheng over tre-fire generasjonar mellom haugianismen i Gudbrandsdalen og den seinare norskdoms- og folkehøgskulerørsla i distriktet. Ein kan også trekkje inn den patriotiske liberalismen frå 1830-åra i denne samanhengen. Eldste sonen til Anne og Syver Hyrve, avisredaktøren Sylvester Sivertson, var sentral i krinsen rundt Wergeland i 1830-åra, og aktivist i den bondepolitiske framstøyten på den tida. Les mer …
Hjørmund Kummen på sine eldre dagar. Foto frå familien.
Hjørmund Kummen (fødd i Skjåk 6. februar 1916, død i Seattle, USA, 2000) var ingeniør og krigsflygar. Mesteparten av yrkeskarrieren sin hadde han etter krigen i Canada og USA, der han hadde der leiande stillingar i fly- og krigsindustri.
Hjørmund tok ingeniørutdanning i Uppsala. Deretter gjekk han inn i flyvåpenet ( Hærens flyvåpen) i Noreg. I april 1940 var han mekanikarsersjant på Flygerskolen på Kjeller. Kummen var vakthavande befal den 8. april. Om ettermiddagen beordra skolesjefen rittmeister Normann evakuering av dei om lag 30 øvingsflya på staden. Kummen hadde det fyrste døgnet ansvaret for vakthaldet over flya som var halde i skjul ved Øyeren.Den 8. mai 2012 vart det avduka ein minneplakett over Hjørmund Kummen ved familiens gravstad ved Skjåk kyrkje. Les mer …
Ola O. Skjaak i Brekk. Foto: Fotograf ukjent
Ola O. Skjaak (fødd i Skjåk 29. oktober 1836, død same stad 15. september 1921) var gardbrukar, lokalpolitikar og norskdomsforkjempar. Han var ordførar i Skjåk i to periodar ( Venstre). Han var fødd på Uppigard Skjåk, men vart med ekteskapet gardbrukar i Øvre Brekk, og blir derfor ofte omtala som Ola Skjåk i Brekk. Namnet hans blir skrive i mange variantar, og det er ikkje heilt på det reine kva han sjølv føretrekte. Ein del etterkomarar nyttar etternamnet Skjaak Bræk. Les mer …
Rasmus Haugen. Foto: Ukjent
Rasmus Haugen (fødd i Skjåk 11. februar 1854, død same stad 1. mars 1929) var underoffiser, bonde og lokalpolitikar i Skjåk. Han var husmannsgut, men vart gardbrukar og rekna som ein av dei fremste menn i bygda i si tid. Han var ordførar i 1905-1907.Foreldra var husmann og skomakar Ola Rasmussen (f. 1819) og Gunhild Larsdotter (f. 1823). I kyrkjeboka både under dåpsinnførsla for Rasmus og vigselen til foreldra står det at dei da bur «ved Øvre Grimstad». Kanhende hadde dei allereie da plassen Haugom under same garden (gnr. 42.2 Øvre eller i lokal daglegtale Nordistun Grimstad). Familien er iallfall på Haugom i folketeljingane 1865 og 1875. Les mer …
|