Bjåen fjellstove

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjåen fjellstove
Breive 71 - HFB I 128.jpg
Bjåen fjellstove og Bjåen-gardane. Biletet er truleg teke sumaren 1939. Gamalt prospektkort frå samlinga ved Setesdalsmuseet.
Stad: Bjåen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bjåen fjellstove - flyfoto frå ca 1970 ved Norrønafly. Her frå Jorunn Rosenberg Rysstad via Setesdalsmuseet.

Bjåen fjellstove ligg på austsida av Breivatn i Bykle kommune, på flaten under Buskarlii, og i det nordvestre hyrna av Breivassflotti. Tomta og teigen ikring som høyrde til, ligg på grunnen til den eigedomen, gnr 2, bnr 9, og har aldri vorte formelt utskilt eller matrikulert for seg sjølv. Sjølv om eigedomen vart utskild frå Hovden, er han nært knytt til Bjåen som er ein av Breivegardane.

Bakgrunnen for byggjinga av fjellstoga var at det i andre helvta av 1930-åra vart arbeidd med veganlegg frå Hovden til Haukeli. Når denne vegen vart ferdig, ville det vera køyrande med bil frå Vinje over Valle og alt til Kristiansand. Dette måtte ein vente ville føre turisttrafikk med seg, og det burde det gå an å gjera seg ei næring av. Omlag såleis har han nok tenkt, Aslak Såvesson Bjåen frå Nor i stoga, då han bestemte seg for å setje i gang med fjellstove innmed nyvegen. Det fyrste tiltaket hans på staden var å setje opp ei hytte, som han fekk under tak i 1937. Dei større bygga, sjølve fjellstoga og uthuset, laut vente til vegen vart ferdig året etter, for slike materialmengder var ikkje godt å draga fram med hest.

Om Aslak Bjåen alt medan han bygde på hytta hadde avgjort kva for hotellbygning han skulle opp med, er uvisst. Kanskje var kaupet då alt for lengst avtala og på det reine, men iallfall kaupte han ikkje huset fyrr i 1938, les me i Mo bygdebok (I, 85). Det var ein Olav Skjelvik som då hadde det gjæve, gamle Byrte hotell til sals. Det store tømmerhuset i sveitserstil i 2 1/2 høgder var oppført i 1894 med kjøken og stoger og overnattingsrom til 24 gjester. Det hadde ikkje vore i bruk som hotell sidan 1920, men var i bra stand. Så Aslak slo til, og når han fyrst hadde fått handelen i orden, drygde han ikkje stort med å få løa ned tømra, frakte henne til Bjåen, og setje henne oppatt. Vegen frå Haukeli var endå ikkje særleg bra, så dei måtte bruleggje dei verste dika med plank for å få lastebilen over heia til Bjåen. I same rennet som Aslak, med god snikkarhjelp av verbrørne frå Flårenden, bygde hotell sumaren 1938, fekk han også sett opp uthusbygning med løe, fjos og stall. Fjellstoga kunne opne dørene for turistar fyre året var ute.

Aslak Såvesson Bjåen (1891-1972) og kona Ingebjørg Såvesdotter, fødd Uppstad (1905-1996). Biletet skal vera teke nest fyre dei gifte seg i 1929. Ein legg merke til at Ingebjørg har «Austmanndrakt» dvs. Vest-Telemarks-bunad. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Vegen mot Bjåen kring 1960 på gamalt prospektkort frå Setesdalsmuseet.
Foto: Carl Odd With Normann

Aslak Såvesson Bjåen, f 1891, d 1972

g 1929 m Ingebjørg Sigurdsdtr. Uppstad, f 1905, d 1996. Born:
  • Såve, f 1932, d 1995, anleggsarb., busett Ytre Vinje, g 1954 m Åse Øygarden, Vinje, born:
  • Aslak, f 1954
  • Jan, f 1955
  • Bjørg Else, f 1956
  • Bjarne, f 1962
  • Liv, f 1963
  • Ingjerd, f 1933, kontordame, buset Skien, g h v m Arne Jonassen, Skien, barn:
  • Aslak, f 1963
  • Margit, f 1940, husmor, g 1965 m Hallvard Knutsson Midtveit, Vinje, busett Midtveit, born:
  • Knut, f 1966
  • Inge, f 1969
  • Gyri f 1971
  • Sigurd, f 1943, g m Anne Margrete Malme, sjå nedanfor


Ingebjørg Bjåen kom frå Flårenden i Valle, gnr 58, bnr 1. Foreldra hennes var Sigurd Hallvardsson Uppstad på det bruket og kona, Birgit Asbjørnsdotter, fødd Kåvenes (jfr. Valle III, 28). Aslak var kreturhandlar i yngre år, og dreiv elles med jakt, sna- refangst og fiske - og dertil tamreindrift. Som ovanfor fortalt bygde han fjellstoga i 1938. Sidan arbeidde han og og Ingebjørg som turistvertar her. Ved sidan av dette hadde dei også litt jordbruk med 2-3 kyr og ei handfull sauer i lendet kring fjellstoga.

Jordbruket i Aslak si tid rakk berre til eige forbruk, og knapt nok det. Jordeple fekk dei låne åker til å dyrke på Kvaslerud i Grungedal, der syster åt Aslak budde. Mykje av suvlet som vart servert i fjellstoga var fjellaure og reinsdyrkjøt. Reinsdyrkjøtet hadde dei av tamreinen i Byklehei reinsamlag, der oppsitjarane i Bjåen var med heilt til 1977, då laget vart nedlagt pga. problem med gjæting og merking.

I 1971 overtok yngste son åt Aslak og Ingebjørg fjellstoga og den tilhøyrande jordteigen. Han sette kort etter opp eit tilbygg til fjellstoga.

Sigurd A. Bjåen fotografert i fjoset på Bjåen i 1986. Bilete frå kommunearkivet.
Fellesfjøset til Sigurd og Sondov Bjåen 18.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Sigurd Aslaksson Bjåen, f 1943

g 1971 m Anne Margrete Malme, f 1945. Born:
  • Ragnhild, f 1972, siv.agr., pt (2003) busett Voss
  • Ingebjørg Margrete, f 1975, fysioterapeut, (2003) busett Rjukan
  • Tone, f 1979, sjukepleiar, (2003) busett Voss
  • Olav Aslak, f 1984, p.t. (2003) under utdaning

Anne Margrethe er frå Sandefjord, dotter åt Torleif Malme og kona, Ragna, fødd Grini.

Ingebjørg, mor av Sigurd, dreiv fjellstoga til omlag 1975. Sidan har Sigurd og Anne Margrete stått for dette også, men i hovudsak berre med romutleige. Matservering til turistane har det ikkje vore større av i Bjåen fjellstove etter at Ingebjørg nådde pensjonsalderen. Sigurd har vore gardbrukar her sidan han og Anne Margrete gifte seg, ho har vore lærar og sidan rektor på Edland skule.

Huslyden budde elles i Edland medan han dreiv og sette opp det nye bustadhuset deira attanfor Fjellstoga i 1972. Den jordteigen kring fjellstoga som Sigurd fyrst overtok var ikkje stor nok til den gardsdrifta han emna på, og difor fekk han seg ei leigeavtale med farbroren, Olav S. Bjåen i Nor i stoga, så han kunne nytte arealet nordanfor fjellstoga. I 1993 overtok Sigurd Nor i stoga, bnr 17, og Olav sin part av Breivassflotti.

I gardsdrifta har Sigurd hatt samarbeid og økonomisk fellesskap med syskenbarnet og grannen Sondov Sveinsson Bjåen på Kvæven, bnr 16. Dei to har saman dyrka omlag 250 mål med eng, storparten av dette nordanfor Fjellstoga på arealet til Breivassflotti, og med desse nybrota attåt det som fanst frå fyrr på bruka deira har dei grunnlag for å fø ein temmeleg stor buskap i fellesfjoset sitt, som kom opp i 1979. Her har dei kring 30 mjølkekyr, og dertil kring 50 ungdyr og kalvar.

Eksterne lenkjer



0941 Bykle komm.png Bjåen fjellstove er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Breivassflotti • Neste bolk: Bjåli

Koordinater: 59.64016°  N° 7.45414