Folkehøgskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Ein folkehøgskule er i dag ein eksamensfri skule som har til føremål å gje ungdom ei vidare allmenndanning etter grunnskulen. Folkehøgskulane er i regulerte i folkehøgskulelova (2002).

Dei 78 norske folkehøgskulane som er i drift (2013) fell i dag i to kategoriar: 48 frilynte folkehøgskular som er tilknytt Informasjsonkontoret for folkehøgskolen (IF), og 30 kristelege folkehøgskular som er tilknytt Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole (IKF). Dagens folkehøgskular har likevel opphavet sitt i tre ulike skuleslag: folkehøgskulane, fylkesskulane (amtskulane) og dei kristelege ungdomsskulane. Med den fyrste lova om folkehøgskular (1949) vart desse tre skuleslaga lagde under same lov og folkehøgskule-omgrep.

Dei eldste folkehøgskulane

Portrett av Grundtvigfra 1848, med ridder av Dannebrogsordenen. Maleri av Christian Albrecht Jensen (1792-1870).
Foto: Den Hirschsprungske Samling, København

Skulane som opphavleg vart kalla folkehøgskular, fører tradisjonen sin attende til den danske diktaren og presten Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783-1872) som la det teologiske og pedagogiske grunnlaget for folkehøgskuleideologien. Den fyrste private folkehøgskulen i Danmark vart skipa i 1844, frå 1864 kjend som Askov Højskole. Skulen vart førebilete for dei norske folkehøgskulepionérane.

Den fyrste skulen grunnlagd på desse ideane i Noreg var Sagatun folkehøgskole ved Hamar, skipa 1864 av Herman Anker og Olaus Arvesen. Tre år etter skipa Christopher Bruun ein folkehøgskule i Sel i Gudbrandsdalen, frå 1871 i Gausdal under namnet Vonheim. Bruuns bok Folkelige Grundanker (1878) vart det viktigaste programskriftet for den norske folkehøgskulerørsla.

Det vart skipa eit førtitals private folkehøgskular i Noreg fram til kring 1890. Dei fleste eksisterte berre nokre få år, og dei femnde over eit breitt spekter. Somme var ambulerande skular, andre vart etablerte permanent i nye skulebygningar. Det varierte mykje kor lange kursa var, kva det vart undervist i og ikkje minst kva teologisk, politisk og pedagogisk profil folkehøgskulane hadde.

Det er ei mistyding at alle var grundtvigianske eller frilynte. Fleire folkehøgskular vart i 1870-åra skipa på eit pietistisk grunnlag i meir eller mindre erklært opposisjon til dei grundtvigianske (mellom anna Sogndal folkehøgskule). Omgrepet frilynt må heller forståast som ei nemning på dei folkehøgskulane som utover på 1900-talet ikkje hadde eit erklært kristeleg grunnlag. Somme av dei mest radikale skulane er gjerne kalla friskular. Mange av dei eldste folkehøgskulane måtte gje opp i 1870-åra etter tevlinga frå amtsskulane.

Amtsskular

Sjå Amtsskole – utdjupande artikkel

Stortinget vedtok i 1875 å opprette offentlege ungdomsskular for gje eit tilbod om ei allmenn utdanning etter den sjuårige allmugeskulen. Det vart overlate til amta (amtstinga) å opprette skulane, men staten gav romsleg økonomisk støtte. I løpet av nokre få år kom 33 skular i gang landet over. Somme stader vart dei skipa i direkte konkurranse med radikale folkehøgskular. I nokre få tilfelle fekk òg private folkehøgskular tilskot og status som amtsskular.

Likevel vart skilnaden mellom folkehøgskulane og amtsskulane etter kvart mindre, ikkje minst fordi tidlegare folkehøgskulelærarar kom inn i amtsskulane (frå 1919 fylkesskular). I 1949 kom dei under folkehøgskulelova, og i dag er attlevande av dei tidlegare fylkesskulane ein del av dei frilynte folkehøgskulane. Amtsskuleordninga er opphavet til at fleire folkehøgskular i dag har fylke som eigarar.

Kristelege ungdomsskular

Dagens kristelege folkehøgskular har opphavet sitt i det som fyrst gjekk under nemninga ungdomsskular. Den fyrste kristelege ungdomsskulen vart grunnlagd på Notodden i 1893, og skulane vart dei neste tiåra skipa av misjonsorganisasjonar og andre kristelege organisasjonar. Frå 1949 kom dei òg under folkehøgskulelova, og dei har i dag sin eigen organisasjon. Det vart skipa ei rekkje nye kristelege folkehøgskular fram til 1960- og 70-åra.

Folkehøgskular etter skipingsår

Den følgjande lista femner berre om folkehøgskular grunnlagde fram til 1890-åra. Amtsskulane og dei kristelege ungdomsskulane er ikkje med. Mange av folkehøgskulane var berre kurs som gjekk over nokre månader med eit lite elevtal.

Skule/Stad Fylke Skipa år Nedlagt år Grunnleggar, nøkkelpersonar Merknader
Sagatun folkehøgskole (Hamar) Hedmark 1864 1891 Herman Anker, Olaus Arvesen I alt over 1200 elevar
Vonheim (Sel (til 1871), Gausdal) Oppland 1867 1896 Christopher Bruun I alt over 1100 elevar
Halsnøy (til 1872) og Time Hordaland, Rogaland 1868 1873 Wollert Know SB, Niels Juel, Olav Lofthus I alt 50-60 elevar
Stjørdalen, Sund folkehøgskole (Inderøy) (frå 1900) Nord-Trøndelag 1868 (i drift) Lars Martinius Bentsen, Hans Konrad Foosnæs Ambulerande mykje av tida før 1900
Krødsherad Buskerud 1869 1870 Ole Andreas Aabel, Anfin Syversen, ingeniør Støren
Nordheimsund Hordaland 1869 1870 J. E. Unger, Olav Lofthus
Ullensvang Hordaland 1869 1898 Johannes Helleland Ikkje drift 1870-71. I alt kanskje ca 500 elevar. Tilskot som amtsskule frå 1880
Todalen Møre og Romsdal 1869 1872 Sæmund Vik
Eidsberg, Trøgstad Østfold 1869 1870 Daniel Sæter
Vestre Slidre Oppland 1870 1873? K. K. Kleve Tilskot frå Hærem-komiteen
Ålen, Kvikne (frå 1873) Sør-Trøndelag 1870 1875 Hans Storeng, O. K. Kuløy
Heddal Telemark 1870 1872? Olav Ramberg
Sogndal folkehøgskule Sogn og Fjordane 1871 (i drift) Jakob Sverdrup, Henrik Mohn Dahl I alt over 2700 elevar til 1900. Støtte frå

Hærem-komiteen. Tilskot som amtsskule frå 1875

Skodje Møre og Romsdal 1872 1874 Einar Skavlan, Kristian Olsen Nordlid
Dale i Sunnfjord Sogn og Fjordane 1871 1874 Jens Rolvsson
Seljord Telemark 1871 1872 Kristian Olsen Nordlid
Skoger Vestfold 1871 1874 Gustav Jensen, Christen Brun Tilskot frå Hærem-komiteen
Beitstad (frå 1876) Nord-Trøndelag 1872 1879 Hans Konrad Foosnæs Ambulerande 1873-76, òg i Vefsn (Nordland). Amtstilskot frå 1873.
Holla, Sauherad, Solum Telemark 1872 1877 H. J. Sannes Ikkje-grundtvigiansk
Vigmarken (Austre Moland, Landvik frå 1875) Aust-Agder 1873 1879 Viggo Ullmann
Såner, Vestby Østfold 1873 1875? Nicolai Julius Sørensen, Ola Five
Veøy Møre og Romsdal 1874 1875 Ole Moe, O. Olafsen Støtte frå Hærem-komiteen
Drangedal Telemark 1874 1875 Kristian Olsen Nordlid
Gloppen Sogn og Fjordane 1876 1877 Jakob Hjelmesæt
Byneset, Klæbu, Halse (Nordmøre), Oppdal, Ørlandet, Orkdal, Malvik, Åfjord, Bjugn, Hitra, Røros, Åfjord (frå 1884) Sør-Trøndelag 1876 1888 Daniel Sæter, Karl Seip Ambulerande til 1884. Amtstilskot frå 1882
Ølve Hordaland 1878 1884 J. Kullmann Olsen Jenteskule, ikkje-grundtvigiansk
Brekke Sogn og Fjordane 1878 1879 Lasse Trædal
Drangedal Telemark 1878 1878 Lasse Trædal Vårkurs
Seljord Telemark 1878 1878 Olaus Arvesen
Alvheim (Skjeberg, Enningedal, Askim, Tromberg, Eidsberg, Rakkestad) Østfold 1878 1888 Nicolai Julius Sørensen, Kristian Olsen Nordlid, Peder Velde, Lasse Trædal
Vefsn Nordland 1879 1880 Peter Karl Eberg Pedersen
Seljord, Kviteseid (frå 1914) Telemark 1880 (i drift) Viggo Ullmann, Jakob Naadland Ambulerande 1880-84
Fyresdal Telemark 1881 1881? Halvor Klevar
Ytre Sandsvær, Vestfossen (frå 1887), Sigdal (frå 1888?), Modum Buskerud 1884 1893 Olav L. Kirkeberg, Andreas B. Vamraak Amtstilskot frå 1885
Namdalen Nord-Trøndelag 1884 1892 Marius Hægstad Amtstilskot frå 1884.
Tjølling, Andebu Vestfold 1884 1888 Oddmund Vik Amtstilskot 1885 (1 år)
Randesund, Vanse, Farsund Vest-Agder 1885 1889 Tomas Torsvik
Garnes (Haus) Hordaland 1887 1899 Hans Christian Ørsted Hambro I alt ca 900 elevar
Hornindal Sogn og Fjordane 1887 1890 Haakon Aasvejen
Fusa Hordaland 1888 1899 Stein Hauge
Oppdal Sør-Trøndelag 1888 1889 Lasse Trædal
Ulvik Hordaland 1889 1891 Lasse Trædal
Høyland Rogaland 1892 1893 Jakob Naadland
Vefsn Nordland 1899 (i drift) Odin Benum
Møre folkehøgskule (Ørsta) Møre og Romsdal 1899 (i drift) Andreas Austlid
Hjelmeland Rogaland 1901 1902 Jakob Naadland

Kjelder