Einar Skavlan (1845–1923)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Einar Skavlan (1845-1923))
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Skavlan.
Foto: Ukjent

Einar Skavlan (fødd i Herøy, Sunnmøre, 29. august 1845, død i Kristiania 6. februar 1923) var prest, lærar og folkehøgskulestyrar. Han stifta den fyrste folkehøgskulen på Sunnmøre så tidleg som i 1871 eller 1872. Dette, sett i samanheng med liberale venstrehaldningar i nær familie og det sosiale miljøet han tilhøyrde, peikar mot grundtvigiansk innverknad og ei liberal politisk og teologisk innstilling. Men enkelte omtaler peikar i motsett lei.

Familie

Han var son av prost Aage Schavland (1806-1876) og Gerhardine Pauline Bergh (1817-1884). I tillegg til sin geistlege karriere var faren også politikar, ordførar i Trondheim og stortingsrepresentant. Også hans far igjen, Ole Einarsen Schavland (1759-1839) var prest og stortingsmann.

Einar hadde 11 sysken. Fleire av brørne var markante personlegdomar i kultur- og samfunnsliv på slutten av 1800-talet. Dei mest kjende var professor i litteraturhistorie Olaf Skavlan (1838-1891) og ingeniør og utbyggingsleiar for Bergensbanen Harald Skavlan (1854-1908) og teolog, salmediktar og døvstummelærar Sigvald Skavlan (1839-1912). Eldste systera var gift med Ludvig L. DaaeSolnør i Skodje, fut på Sunnmøre, stortingsmann og statsråd i Johan Sverdrups regjering frå 1884. Ein annan svoger var riksadvokat og stortingsmann Johan Blackstad (1832-1904). Også matematikaren og barnebokforfattaren Elling Bolt Holst var gift med ei syster av Einar Skavlan. Skavlan var farbror til Dagblad-redaktøren med same namn (Einar Skavlan 1882-1954).

Einar Skavlan gifta seg i 1877 med Johanne Louise Brun Bomhoff (1852-1919), dotter av kjøpmann i Larvik Konstans Bomhoff og Anette Gehter. Einar og Johanne Louise fekk to born, Aagot (1878-1918) og ein son som døydde som mindreårig.

Lærar og folkehøgskulestyrar

Skavlan skal ha vore lærar på Sagatun før han starta den fyrste folkehøgskulen på Sunnmøre på Skodje i 1871 eller 1872. Skulen på Skodje vart halden i gang i to år. Det fyrste året hadde han kyrkjesongar Ludvig Flåte som andrelærar, andre året kom cand. theol. Kristian Nordlid i staden. I bygdeboka for Skodje blir det framheva at Skavlan «la mykje vekt på å vekkje dei unge for det åndsliv som gjekk ut frå Grundtvig, Henrik Wergeland og Ole Vig

Etter at skulen på Skodje vart nedlagd, flytta Skavlan til Christiania og underviste eit års tid ved Aars og Voss skole (1874). Så tok han fatt på prestegjerninga.

Prestegjerninga

I mars 1875 vart Einar Skavlan utnemnd til personell kapellan hjå faren, som da var residerande kapellan til domkyrkja i Trondheim. I 1879 fekk Einar Skavlan sokneprestembetet i Beitstad. Det er frå tida hans her vi har framstillinga som stiller spørsmålsteikn ved Skavlans liberale profil. Bygdebokforfattaren (og venstrepolitikaren) Henrik Bartnes portretterer Skavlan mest som ein konservativ trone- og altar-teolog i Gisle Johnsons ånd:

«Ein skal ikkje sjå bort frå at regjeringa si meining med å utnemne denne unge kapellanen til sogneprest i Beitstaden var at han skulle søke å få folket i denne venstrereiren inn under 'Herrens og Kirkens Tugt'. Det ser i kvartfall ut til at han nermest såg oppgaven sin slik sjøl[...]En skal ikke ta mye feil når en seier at han meinte å ha et stort og helligt kall i å søke å motverke den nedbrytinga av kjerkelig autoritet og sann, levende kristentru som 'den fremstormende radikalisme' og vantrua som den førte med seg, var i ferd med å gjennomføre i folket vårt. Det var ikke lite å gjøre i Beitstaden i så måte - etter hans syn [...] Skavlan var først og fremst støypt i Gisle Johnsons kristendomsform [...]»[1]

Bartnes legg rett nok til at hjå Skavlan hadde likevel «Grundtvig og den korte tia i folkehøgskolen satt sine spor».

Om Bartnes har rett, må Skavlans teologiske og politiske innstilling ha kome i strid med markante personlegdomar i hans næraste familie, noko som sjølvsagt ikkje skal utelukkast. Broren Olaf var kjend som «den første venstreprofessor»[2], og svogeren og støttespelaren i folkehøgskuletida, Ludvig Daae, vart altså venstrestatsråd i 1884.

Kanhende bør Bartnes si framstilling modifiserast også av andre kjensgjerningar. Skavlan opptro mellom anna som 17. mai-talar i kampåra fyrst på 1880-talet på stemne som i høg grad var radikalt venstredominerte, jamsides venstrehøvdingar som Hans Konrad Foosnæs. Bartnes berettar sjølv om dette i den same bygdeboka.[3]

I 1887 fekk Skavlan nytt kall ved det nyoppretta Årstad prestegjeld ved Bergen, og han vart prost i Midthordland frå 1888. I 1900 flytta han Kristiania att, der han var prest ved Botsfengselet. Frå 1903 var han stiftsprost i Trondheim stift og sokneprest ved domkyrkja der.

Referansar

  1. Bartnes, H. 1969:337-340.
  2. Aarnes, S.Aa., NBL.
  3. Bartnes, H. 1969:464-465..

Kjelder og litteratur

  • Bartnes, Henrik: Det gamle Beitstden. Kommune- og allmenhistorie 1837-1904. Beitstaden historielag 1969.
  • Bygdebok for Skodje. Utgjeve Skodje kommune ved ei nemnd. 1961.
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Biografier. Kristiania 1914.
  • Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880. J.B.Halvorsen, artikkel om Einar Skavlan i bd. 5, Kristiania 1901.
  • Studentene fra 1865. Ved W.P.Sommerfeldt. Oslo 1943.
  • Aarnes, S.Aa.: Artikkel om Olaf Skavlan i Norsk biografisk leksikon. Digital utgåve.
  • Einar Skavlan i folketelling 1900 for Kristiania fra Digitalarkivet.
  • Einar Skavlan i Historisk befolkningsregister.