Henrik Mathiesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Mathiesen (1847-1927), kona Karoline Agnes fødd Nielsen og mora Karen Ingebrigtsdotter Mathiesen fødd Ranum eller Ramm.
Foto: L. Szacinski

Henrik Mathiesen (fødd i Strinda 9. juli 1847, død same stad 8. oktober 1927) var forretningsmann, historikar, forfattar og illustratør. Spesielt kjend og populær vart han som Trondheims og Trøndelags historikar. Han var ei drivkraft i kulturminnevernet, særleg kva gjeld Nidarosdomen og andre byggverk med opphav i mellomalderen. Han gav ut eit stort tal bøker, hefte, tidsskrift og enkeltartiklar, og har illustrert ei rad historiske og arkeologiske publikasjonar. Mathiesen var også politisk engasjert som radikal venstremann.

Familie

Han var fødd på Berg prestegard i Strinda, som foreldra forpakta. Året etter at Henrik var fødd, kjøpte dei garden Søndre Loholt i same bygda, der Henrik vaks opp.

Faren Iver Mathias Mathiesen (1815-1872) blir i kjeldene omtala som proprietær, og ikkje som vanleg gardbrukar. Det kjem seg neppe av at garden var spesielt stor (10 storfe i 1865). Det var heller at han sosialt og kulturelt skilde seg ut frå vanlege gardbrukarar. Han var fødd inn i forretningsstanden i Trondheim, fekk opplæring i forretningsdrift og var elles ein danna og utdanna mann med vide interesser. Han dreiv også sjølv som forretningsmann ei kort tid før han gjekk heilt over til landbruket, som var det han interesserte seg mest for. Hans far igjen, Henrik Mathiesens bestefar, og som han heitte opp att etter, var kjøpmann i Trondheim og forstandar for det haugianske vennesamfunnet i byen.

Mor til Henrik Mathiesen var Karen Ingebrigtsdotter Mathiesen, fødd Ranum eller Ramm (kjeldene varierer) i Strinda i 1824.

Henrik Mathiesen gifta seg 9. juni 1888 med Karoline Agnes Nielsen (fødd i Kristiania 1858), dotter av furer Lars Nielsen og Maren Gurine Olsen. Dei budde i den seinare del av livet på eigedomen Fagrabrekka i OlderdalenRanheim.

Oppvekst, utdanning og forretningsdrift

Henrik var veikhelsa som barn, og fekk mykje av den grunn privatundervisning heime. Dei hadde huslærarar, og dertil var faren god for å gje sonen undervisning i teikning, språk og landmåling. Henrik gjekk så fire år på realskulen i Trondheim. Da budde han i heimen til fanejunker Undset, der sonen i huset, den seinare arkeologen Ingvald Undset, vart Henriks ven og delvis kollega vidare i livet. I folketeljinga 1865 bur 19-åringen i foreldreheimen, og er oppført med yrkestittelen fotograf.

Mathiesen måtte gje opp tanken på vitskaplege studiar, mykje av di han hadde problem med augo. Han fekk da i staden praktisk opplæring innan handel og kontor. Fyrst arbeidde han for brukseigar Herman LøchenSundnes i Inderøy, som mellom anna var stortingsmann og far til Håkon Løken, journalisten og politikaren som i 1890-åra skulle bli ein av Mathiesens kampfelle for radikal og nasjonalistisk venstrepolitikk.

Mathisen starta så sjølv forretningsverksemd i Trondheim og Kristiania, og dreiv dette ein god del år.

Lokalhistorikar, arkeolog, illustratør og publisist

Frå midten av 1880-åra gjekk Mathiesen fullt og heilt over på dei fagområda han interesserte seg sterkast for, og som gjorde han vidgjeten i samtid og ettertid. I København 1885-1886 tok han undervisning i perspektivlære, og vidareutvikla sine evner som illustratør. Han vart mykje nytta som såvoren ved vitskaplege samlingar og til vitskaplege og populærvitskaplege verk. Han var engasjert av Universitetet i Kristiania som vitskapleg teiknar. Han laga teikningar til O.A.Øverlands illustrerte noregssoge (1895-1900), til fleire publikasjonar av Ingvald Undset og mykje meir.

Saman med Undset føretok han fleire reiser med vitskaplege føremål mellom anna på Hedemarken og Hamar, Valdres og Østfold for å teikne av innskrifter frå mellomalderen.

Som Trondheims-historikar kan Mathiesen sjåast som ein føregangsmann i byhistorisk gransking og formidling her til lands. Han heldt tallause foredrag og skreiv ei lang rad artiklar, og også større avhandlingar om byens og landsdelens historie.

Han fekk i monaleg grad finansiert sitt vitskaplege arbeid ved årlege stipend frå brennevinssamlaget i Trondheim, og noko også ved stalege løyvingar.

I 1891 fekk Mathiesen danna ein komite som skulle arbeide for bevaring av erkebispegarden i Trondheim. Samstundes tok han til orde for å danne eit folkemuseum i Trondheim, noko som vart realisert som Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum få år seinare (1893).


Venstrenasjonalisten

Henrik Mathiesen var Trondheims- og Trøndelags-patriot og venstrenasjonalist. Historikaren Rolf Danielsen påpeikar eit utbreidd ønske i lokale krinsar om å gjere Trondheim til «et kult- og anesentrum for den radikale venstrebevegelse».[1]. Mathiesen kan sjåast som den fremste eksponenten for dette. Han rekna «den trønderske stamme» som det ypparste av «det gamle folk». Det manifesterer seg tydeleg til dømes i hans argumentasjon for eit folkemuseum i Trøndelag: «Dersom en søndenfjeldsk centralisation skulde faa magt til efterhaanden at udviske den thrønderske nationalkarakter, saa vilde dette være den største skade, ikke blot for thrønderne selv, men for hele landet.»Han meinte å kunne påvise at «nasjonalånden» var meir utvikla i dei nordafjelske enn i dei sønna- og austafjellske bygdelaga.

Dei nasjonalromantiske synsmåtane og den venstreradikale aktivismen toppa seg på sett og vis i Henrik Mathiesens og Håkon Løkens engasjement for gjenoppliving av olsoktradisjonane. Ved byjubileet i 1897 ville venstrerørsla i Trondheim leggje hovudfeiringa nettopp til olsokdagen 29. juli. Kong Oscar insisterte på at det heller skulle leggjast til den 18. juli, dagen da han hadde innvigd nasjonalmonumentet for Noregs samling på Karmøy. Det konservative bystyret støtta opp om kongens forslag. Den 18. juli fekk venstresida i stand ein effektfull demonstrasjon ved å paradere med seinka flagg forbi kongen som var til stades. Og den 29. juli stod dei same aktivistane i spissen for ei olsok- og byjubileumsmarkering utan like. Det var parade med 6000 deltakarar, og foredrag av venstrehistorikaren Ernst Sars. Mathiesen heldt sjølv tale i Nidarosdomen, noko som vart til eit fast innslag på olsokfeiringa i ei årrekkje frametter. Det skal ha vore titusenar på folkefesten på Ilavollen om kvelden, der Bjørnstjerne Bjørnson heldt festtalen.

Kjelder og litteratur

  • Danielsen, Rolf: "En exempelløs fremgang" 1880-1920. Trondheims historie 997-1997, bind 4. Universitetsforlaget 1997.
  • Henrik Mathiessen i folketeljinga 1865 for Strinda prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Henrik Mathiesen i folketeljinga 1900 for Strinda herred frå Digitalarkivet.
  • Henrik Mathiesen i folketeljinga 1910 for Strinda herred frå Digitalarkivet.
  • Myre, Olav: Artikkel om Henrik Mathiesen i Norsk biografisk leksikon, bind IX, Oslo 1940.
  • Norsk forfatter-lexikon, ved J.B.Halvorsen, fjerde bind, Kristiania 1896.
  • Ropeid, Andreas: «Byhistorie og byhistorisk forskning», i Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år. Landslaget for bygde- og byhistorie 50 år 6. juli 1970. Universitetsforlaget 1970.
  • Strinda bygdebok. Utg. av Strinda bygdebokkomite med formann skoleinspektør H. Osnes. Trondheim 1939.
  • WikiStrinda, artikkel om Henrik Mathiesen.

Eksterne lenker

Referansar

  1. Danielsen, R. 1997 side 220.