Peder Pavels Aabel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Pavels Aabels gravminne på kyrkjegarden i Fluberg, i noverande Søndre Land kommune.
Foto: Dag Gurihus

Peder Pavels Aabel (fødd 19. desember 1795 i Jostedalen, død 3. juli 1869 i Krødsherad) var prest. Han tok teologisk embetseksamen 13. mai 1821 og arbeidde i Jostedalen, Sogndal, Land og Valdres. Han må reknast som ein typisk opplysningsprest.

Prest i Jostedalen

For å kome nærare far sin Ole Aabel, sokneprest i Aurland, søkte han prestekallet i Jostedalen som hadde stått ledig sidan 1820. Han vart utnemnd 13. april 1822 og overtok embetet i oktober 1822. Aabel var vertskap for den andre biskopen som visiterte i Jostedalen, Jacob Neumann i juli 1823.[1] Aabel vart raskt misnøgd med dei stusslege tilhøva for prestefamilien i det vesle og fattige bygda der han sjølv budde dei fyrste leveåra sine. Då sokneprestembetet i Sogndal vart ledig, søkte han det og vart utnemnd 20. august 1823. Aabel fekk gjenomslag for at han framleis skulle styre prestekallet i Jostedalen frå Sogndal. Som motyting gjorde han framlegg om jostedalspresten sitt tilskot på 19 tønner frå korntida til dei andre kyrkje i Sogn i tre år skulle gå til oppbygginga av eit kornmagasin i Jostedalen. Dette var bakgrunnen for skipinga av Jostedal bygdemagasin.[2] Aabel tok seg av Jostedal prestekall fram til 1829 då svogeren Bernt Anker Leigh kom til Jostedalen som sokneprest.

Sogndal

Som sokneprest i Sogndal vart Aabel 8. desember 1829 prost i Indre Sogn. I Sogndal fekk Aabel både skipa Læseselskab for Indre Sogns mer dannede Familier (1831) og Sogndals Sogneselskab (1831), som mellom anna fekk sogndølene til å dyrke importerte kornsortar.[3]

Sokneprest i Land

17. juni 1833 vart Aabel utnemnd til sokneprest i Land, der han skipa det som etter Lampe var den fyrste høgare allmugeskulen i Noreg. 16. april 1853 vart han prost i Valdres. Han fekk avskil som prost 1863 og frå sokneprestembetet 1866.

Han var gift med Margrethe f. Leigh. Peder Pavels Aabel var far til legen Morten Andreas Leigh Aabel, besteforeldre til skodespelaren Hauk Aabel og oldefar til skodespelaren Per Aabel.

Notar

Litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Munthe, C.M.: Provst Peder Pavels Aabel og hustru Margrethe født Leigh : et stykke slegtshistorie, Kristiania 1921. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Holger Halling Schjødt 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Bernt Anker Leigh