Valle kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Valle kommune
Valle sentrum sett fra Åmli Foto: Siri Johannessen
Basisdata
Kommunenummer 0940
Fylke Aust-Agder
Kommunesenter Valle
Areal 1264.74  km²
Areal land 1135.17  km²
Areal vann 129.57  km²
Folketall 1 246 (2017)
Grunnlagt 1837
Sammenslåing(er) 1962: Med Hylestad
Fradeling(er) 1902: Bykle fradelt
1915: Hylestad fradelt
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Liste over ordførarar
Valle from Åmli (1)W.JPG
Valle sentrum sett fra Åmli
Foto: Siri Johannessen
Tusenårsmonumentet, verdas største munnharpe.
Foto: Siri Johannessen
Frikyrkja i Valle.
Foto: Siri Johannessen (2017).

Valle kommune ligg i Aust-Agder, nærare bestemd i Setesdal. Kommunen vart oppretta i 1837, og i 1902 vart Bykle kommune skild ut. Hylestad vert skild ut til ein eigen kommune 1915. Hylestad og Valle vart på nytt slegne saman til nåverande Valle kommune i 1962.

Som ei nord-sør-akse gjennom kommunen renn elva Otra, og attmed denne ligg dei to største befolkningssentra i kommunen, kommunesenteret Valle og bygda Rysstad lengre sør. Ingen av dei er store nok til å bli rekna som tettstader av SSB. I vest grensar Valle til Sirdal i Vest-Agder, Bykle i nord-vest, Tokke i Telemark i nordøst, Fyresdal i Telemark i øst, og Bygland i sør. Øst- og vestgrensene ligg på høgfjellet.

Kommunevåpenet som vart godkjent ved Kongeleg resolusjon av 11. mai 1984 er teikna av Daniel Rike frå Valle. Inspirasjonen til våpenet som består av fem andreaskors i gull (or) på rød bunn (gules), er henta frå gamal kyrkjedekor.[1] Valles tusenårsstad er skulesenteret der og tusenårsmonumentet, verdas største munnharpe er sett ned.

I 2010 ligg det tre kyrkjer og fleire bedehus i kommunen, Valle kyrkje frå 1844, Hylestad kyrkje frå 1838, frikyrkja i Valle sentrum og Nomeland bedehus. Frå 1200-talet og fram til omkring 1664 stod Hylestad stavkyrkje på garden Bjørgums grunn, den vart då riven og erstatta av ei lafta kyrkje som blei ståande fram til 1838. Det året blei ho riven og flytt til Rysstad.[2]

Jordbruk dominera kommunens næringsliv frå gamalt av, Valles kulturlandskap er prega av korn- og grønnsakdyrking, husdyrhald og sætring. Det har og vore gruvedrift her, tildømes Bøgruva der koper vart henta ut, og frå byrjinga av 1900-talet blei sylvsmedkunsten ei ekstra inntektskjelde for mange. Det heiter seg at var tredje husstand i Hylestad hadde ei sylvsmie i byrjinga av 1970-åra.[3] Kraftproduksjon vart ei anna viktig inntektskjelde for kommunen, i 1964 blei Brokke kraftstasjon på Nomeland satt i drift. Sidan 1981 er han Otra Krafts driftssentral og «nervesenter».[4]

Frå gamle tider var kommunen knytt til omverda via to veger:[5]

Kommunenamnet

Namnet kjem av gammalnorsk Vǫllr, genitiv Vallar, dvs. voll.

Geografi

Befolkingssentra ligg langs elva Otra på omlag 260-300 moh. medan Setesdal Austhei og Vesthei når ei høgde frå 800-1000 moh. På Vestheia finst fleire toppar over 1400 moh. i Rjuvenområdet, mens Austheias høgaste punkt er Ljomsnuten med 1268 m.o.h. Vestheia er ein del av Norges nest største landskapsvernområde, Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde, som og husar den sørlegaste villreinstammen i Europa.

Historisk-administrativ tilknyting

Valle tilhøyrde saman med Bykle det ein reknar som det opphavlege Setesdal. I seinmellomalderen og tidleg nytid høyrde Valle til Råbyggelaget futedømme. Fram til 1663 utgjorde Råbyggelaget eit len i litt skiftande konstellasjonar, for det meste saman med Mandal len og Nedenes len. Under eineveldet etter 1660 (1663) tilhøyrde Valle Nedenes og Råbyggelagets amt.

Befolkningsutvikling

Etter andre verdskrigen gjekk innbyggjartalet ein del ned, fram til byrjinga av 1970-åra. Då starta ein periode med relativt stabilt folketal, på mellom 1400 og 1500 innbyggjarar. Sidan 2004 har det igjen vore negativ befolkningsvekst, og 1. januar 2016 budde det 1242 personar i Valle.

Sjå òg Statistisk sentralbyrå

Kjende valldølar

Galleri

Kveste
Lund
Homme

Litteratur

Fotnoter

  1. «Kommunevåpenet i Valle kommune» på Valle kommunes vevsider (vitja 29. juni 2010)
  2. Ruud, Erling: «Kirkeliv og kirker» i Bygd og by i Norge: Agder,s. 316-317, Gyldendal 1977, ISBN 8205094063
  3. «Sylvsmedtradisjonen» på Valle kommunes vevsider (vitja 29. juni 2010)
  4. «Kraftutbygginga» på Valle kommunes vevsider (vitja 29. juni 2010)
  5. «Glimt frå historia» på Valle kommunes vevsider (vitja 29. juni 2010)

Koordinater: 59.21195° N 7.53334° Ø