Hemsedal
Hemsedal | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 0618 |
Fylke | Buskerud |
Kommunesenter | Trøim |
Areal | 38.77 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 38.77 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Grunnlagt | 1897 |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre Hemsedal kommune ligg i Buskerud fylke og er den nørdste kommunen i fylket. Kommunen vart utskilt frå Gol og Hemsedal kommune i 1897, og har grenser mot Buskerudkommunane Ål i sørvest og Gol i sørøst. I tillegg grenser Hemsedal i nordvest mot Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke og i nordøst mot Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Vang i Oppland fylke. Med 2 215 innbyggjarar (2012) er Hemsedal ein av dei minste kommunane i Buskerud, og den minste i Hallingdal etter Flå kommune. Administrasjonssenteret i kommunen er Trøim (eller Trøym), som hadde 774 innbyggjarar i 2012. Elles bur det ein del folk i grendene Tuv og Ulsåk. Kyrkjeleg svarar kommunen til Hemsedal sokn, som frå gamalt av har høyrt til Gol prestegjeld. Innbyggjarane i kommunen kallast hemsedølar.
Ålment
Geografisk fell kommunen saman med mesteparten av Hemsedalen, som er ein sidedal til Hallingdalen. Hemsedalen har også ein del sidedalar, og ved Tuv deler dalen seg i Grøndalen og Mørkedalen. Her renn Grøndøla og Mørkedøla saman og dannar Hemsil. Ifylgje Store norske leksikon er det Hemsa, eit eldre namn på Hemsil, som har gjeve dalen og kommunen namnet sitt - medan Sophus Bugge utleda namnet frå hemsa, hefnsa, hofn, som tyder «hamnegang».[1] Lokalt kallast Hemsil også Åné. Ved grensa åt Gol kommune ligg Hemsil på om lag 550 meter over havet, og dette er det lågaste punktet i kommunen. Hemsedal er elles ei utprega fjellbygd, åtti prosent av arealet ligg over 900 meter over havet. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft, på 1920 meter over havet, andre høge fjell er Raudebergnuten og Skogshorn (Skogshødn) på høvesvis 1818 og 1728 meter over havet. Hovudnæringi er jordbruket, framfor alt husdyrhald. Hovudvegen gjennom dalen er riksveg 52, som bind saman riksveg 7 (ved Gol) og europaveg 16 (ved Borlaug i Lærdal kommune).
Kommunevåpenet syner eit gullfarga gaupehovud mot raud bakgrunn, og kjem av at det finst gaupe i kommunen. Våpenet vart godkjent i 1992.
Talemålet i Hemsedal er frå gamalt av stort sett likt målet i dei andre Hallingdalsbygdene, med nær skyldskap til Valdresmålet. Det er eit typisk midlandsmål med felles austnorske drag som jamvekt, tjukk l og lågtone, og alderdomlege trekk som forskjellig bøying av sterke og linne hokjønnsord, dativsbøying av substantiv og fleirtalsbøying av verb. Eit typisk trekk for Hallingmål (og Valdresmål) er at norrøn -rn- har vorte differensiert til -dn- i formar som høddn (horn) og hæstadn (hestene), dette heng saman med dialektane i indre Sogn. I Hemsedal blir dette somme gonger til -tn-.
Historie
Ifylgje lokalhistorikaren Hans Flaten må Hallingdal ha vore tynt folkesett i forhistorisk tid, fordi folk i dalen ikkje er nemnd i Heimskringla. Det er funne gjenstandar frå steinalderen i Hol og Vang, og det er derfor sannsynleg at det budde folk også i Hemsedal på denne tidi.[2] Det er også blitt funne trekol i bygda, det eldste er frå 200- og 300-talet, noko som vitnar om jernutvinning i området.[3]
Som i Valdres og Telemark trur ein at den fyrste innvandringi skjedde frå Vestlandet, sidan kyststrøki vart folkesett føre innlandsstrøki.[4] Hemsedal har også seinare hatt mykje samkvem over fjellet med Vestlandet, særlig med dei næraste bygdene i indre Sogn. I mellomalderen høyrte heile Hallingdal til Gulating, og dalen låg fyrst til bispestolen i Selja, så til bispestolen i Bergen. I tidi 1111-1122 oppretta så kongene Øystein og Sigurd Jorsalfar bispestolen i Stavanger, der Hallingdal høyrte under fram til 10. april 1631, då det vart lagt under Christiania stift.[5]
Hemsedal hadde opphavleg ei stavkyrkje, men nye Hemsedal kyrkje vart bygd i 1882.
Kommunen har hatt praktisk tala dei same grensene sidan han vart oppretta i 1897 - einaste grenseendringi føre 1996 var at det ubebodde området Jallestølen vart overført frå Ål kommune til Hemsedal kommune i 1979.
Tusenårsstad
Tusenårsstaden i Hemsedal kommune er Klokkarsteinen, ein stein som ligg halvvegs uti Hemsil ved Fossheim på Ulsåk. Tre ulike segn fortel om korleis steinen havna der. Eitt av dei er attgjeve hos Flaten:
Hemsedal som de fleste andre bygder har sine sagn om St. Olav. Han steg med ene foten paa Grøtenuten og med den anden paa Storehødn. Han hadde i fanget en stor sten, som han slap ned i Heimsil ved Ulsaaker. Stenen sprak sund i faldet, men ligger der endnu og kaldes Klokkarstenen. At den fik det navn, gik saa til, siges der: Kirkeklokkerne i Hemsedal har saa vén klang, at man, syntes, de var alt for gode for en liten fjeldbygd. De skulde kjøres til Drammen. Som man kom isveien med dem til St. Olavsstenen, blev klokkerne med ét saa tunge, at hesten ikke kunde rikke dem av flekken. Man satte for en hest til, men det munte ikke. Man skjønte aarsaken og snudde. Tilbake dro en to aars fole dem.[6] | ||
Folketalsutvikling
Tidspunkt og kjelde | Folketal |
---|---|
Skattematrikkelen 1647 (anslagsvis)[7] | 400 |
Folketeljingi 1769[8] | 1 040 |
Folketeljingi 1801 | 1 154 |
Folketeljingi 1815 | 1 245 |
Folketeljingi 1825 | 1 374 |
Folketeljingi 1835 | 1 626 |
Folketeljingi 1845 | 1 775 |
Folketeljingi 1855 | 1 732 |
Folketeljingi 1865 | 1 609 |
Folketeljingi 1875 | 1 623 |
Folketeljingi 1891 | 1 499 |
Folketeljingi 1900 | 1 420 |
Folketeljingi 1910 | 1 364 |
Folketeljingi 1920[9] | 1 358 |
2012 | 2 215 |
Ved folketeljingi i 1769 budde det 1 040 menneske i Hemsedal. I perioden fram mot folketeljingi i 1845 aukte folketalet i Hemsedal, og det året budde det 1 775 personar i bygdi. Sidan byrja for alvor utvandringi til Amerika, og ifylgje lokalhistorikaren Hans Flaten utvandra til saman 1 008 menneske frå Hemsedal som er registrerte i ministerialbøkene. Han rekna dessuten med at kanskje eit hundretal menneske kunne ha utvandra uten å ha vorte registrert der.[10] Det største utvandringsåret i historia om bygdi var 1861, då heile 173 menneske utvandra. Flaten skriv det fylgjande:
Det siges, at man saa tydelig at kirkealmuen i Hemsedal hadde minket. Grunden er vel den store misvekst aaret før, flomaaret 1860, da bygden maatte kjøpe alt korn baade til føde og frø. ... Brukene Kroken, Bækkedal, Leirehaug, Haugssletten, Harahaug har siden staat øde.[11] | ||
Periode | Antal utvandrarar til Amerika[12] | Merknader |
---|---|---|
1845 | 27 | Ifylgje Flaten var desse dei fyrste utvandrarane frå Hemsedal til Amerika. |
1846-1850 | 43 | |
1851-1855 | 76 | |
1856-1860 | 43 | |
1861-1865 | 203 | Dei fleste av desse, 173, drog frå Hemsedal i 1861. |
1866-1870 | 117 | |
1871-1875 | 52 | |
1876-1880 | 98 | |
1881-1885 | 112 | |
1886-1890 | 97 | |
1891-1900 | 65 | |
1901-1913 | 75 | Siste familien drog i 1903. |
Kjente hemsedølar
- Oddvar Grøthe (1953-), lokalpolitikar (Senterpartiet), ordførar 1995-1999 og 2003-.
- Tom W. Lund, lokalpolitikar, ordførar 1999-2003.
- Arne Rudvin (1929-2011), misjonær.
- Ola Rudvin (1899-1978), redaktør, forfattar og salmediktar.
- Kjell Venås (1927-), språkforskar.
- Ingrid Wigernæs (1928-), fødd Løken, skiløpar.
Galleri
Bur frå Trøim, no på Norsk folkemuseum.
Referansar
- ↑ Flaten 1914, side 6.
- ↑ Flaten 1914, side 6.
- ↑ Hemsedal på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- ↑ Flaten 1914, side 6.
- ↑ Flaten 1914, side 6-7.
- ↑ Flaten 1914, side 9.
- ↑ Henta frå Hemsedal på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- ↑ Tali frå 1769 til 1910 er henta frå Flaten 1914, side 94. Flaten oppgjev årstalet 1890, men visar truleg til folketeljingi 1891.
- ↑ Henta frå Hemsedal på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- ↑ Flaten 1914, side 94.
- ↑ Flaten 1914, side 93.
- ↑ Tali er henta frå Flaten 1914, side 92-94.
Kjelder
- Hemsedal – kommune i Buskerud i Store norske leksikon.
- Hemsedal på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Hemsedal på Wikipedia på nynorsk.
- Oddvar Grøthe på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Arne Rudvin på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Ola Rudvin på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Magne Bolme. Ingrid Wigernæs i Norsk biografisk leksikon.
- Jarle Bondevik. Kjell Venås i Norsk biografisk leksikon.
- Hans Flaten. Hemsedal 1814-1914. Hemsedal kommunes forlag, 1914.
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999..
- Kjell Venås. Hallingdal – språk i Store norske leksikon.