Historisk oppføringspraksis, òg ofte kalla musikk på originalinstrument, historisk informert oppføringspraksis o.a., byggjer på ideen om at musikk helst skal oppførast på instrumenttypar og med teknikk og tolking som er mest mulig likt det som var sett på som idealet i den tida musikken vart skriven. Dette er eit grunnleggande prinsipp for tidligmusikkrørsla. Les mer ...
Eit klavikord er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir danna av stiftar som slår mot strengen og ligg mot strengen til ein slepper tangenten att, i motsetning til piano, der hammaren slår mot strengen og dett tilbake att med ein gong. Det finst tre hovudtypar av klavikord: bunde klavikord, der strengene er dempa på eine sida og kvar streng har to eller fleire stiftar med ulike tonehøgder; ubunde klavikord, der strengene er dempa på eine sida og kvar streng har éin stift og ei tonehøgd; og cembal d'amour, som er eit ubunde klavikord der strengene er udempa på begge sider og stiften slår an strengen midt på slik at begge sidene kling med med same tonehøgd. Klavikordet, som på 1700-talet i Skandinavia ofte rett og slett vart kalla claveer, var mest populært i Skandinavia, tyskspråklige land og på Den iberiske halvøya. I Noreg var klavikordet populært frå tidlig på 1600-talet og utover til nokre tiår innpå 1800-talet. Les mer …
Historisk oppføringspraksis, òg ofte kalla musikk på originalinstrument, historisk informert oppføringspraksis o.a., byggjer på ideen om at musikk helst skal oppførast på instrumenttypar og med teknikk og tolking som er mest mulig likt det som var sett på som idealet i den tida musikken vart skriven. Dette er eit grunnleggande prinsipp for tidligmusikkrørsla.
Denne siden er en spire. Du kan hjelpe den til å vokse seg stor og sterk!
Denne sida er ei spire. Du kan hjelpe henne til å vekse seg stor og sterk!