Nesset kommune
| Nesset kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 1543 |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Kommunesenter | Eidsvåg |
| Areal | 0 km² |
| Areal land | km² |
| Areal vann | 0 km² |
| Folketall | 0 (2025) |
| Grunnlagt | 1964 |
| Sammenslåing(er) | Nesset, Eresfjord og Vistdal |
| Målform | Nynorsk |
| Nettside | Nettside |
Nesset kommune var ein av Romsdalskommunane i Møre og Romsdal. Kommunen grensa mot Gjemnes, Sunndal, Lesja, Rauma, Molde og Tingvoll (sistnemnde ligg på den andre sida av Sunndalsfjorden). Administrasjonssenteret låg i Eidsvåg.
Eresfjord og Vistdal blei i 1964 slått saman med dåverande Nesset kommune. I 2016 vedtok kommunane Nesset, Midsund og Molde å slå seg saman, i samband med Solberg-regjeringa si kommunereform. Samanslåinga fann stad 1. januar 2020.
Dei største bygdene i Nesset kommune var Eikesdal, Vistdal, Eresfjord og Boggestranda på sørsida av Langfjorden. I aust låg Eidsøra og Raudsand og i vest Rød, Tjelle, Ranvik og Gussiås.
Vasskraftkommune
Gjennom omfattande utbygging av fleire vassdrag i Aursjøtraktene og Eikesdalsfjella vart Nesset kommune ein av kraftkommunane i fylket. Vasskrafta hadde stor økonomisk betydning for kommunen. Vasskraftutbygginga skape strid på 1970-talet, og toppa seg i Mardøla-aksjonen fordi ein stor del av vassføringa i Mardalsfossen skulle brukast til vasskraft.
Kultur
Nesset prestegard var i si tid barndomsheimen til Bjørnstjerne Bjørnson før han flytta til Molde. Prestegarden skal vedlikehaldast i samarbeid mellom Romsdalsmuseet og Opplysningsvesents fond. Prestegarden er kommunen sin tusenårsstad.
Det er fire kyrkjer i tidlegare Nesset kommune: Sira kyrkje i Eresfjord, Vistdal kyrkje i Vistdal, Eikesdal kapell i Eikesdal og Nesset kyrkje i Eidsvåg.
Historie
I 1756 fann eit fjellskred stad i Tjellafjellet ved Tjelle. Det såkalla Tjelle-skredet tok livet frå 32 menneske.
Folketalsutvikling
Utviklinga 1801-1970[1]
| Folketeljing | Innbyggjarar |
| 1-2-1801 | 1871 |
| 30-4-1815 | 2026 |
| 27-11-1825 | 2275 |
| 29-11-1835 | 2651 |
| 31-12-1845 | 2882 |
| 31-12-1855 | 3018 |
| 31-12-1865 | 3413 |
| 31-12-1875 | 3567 |
| 31-12-1890 | 3725 |
| 3-12-1900 | 3458 |
| 1-12-1910 | 3329 |
| 1-12-1920 | 3249 |
| 1-12-1930 | 3169 |
| 3-12-1946 | 3679 |
| 1-12-1950 | 3657 |
| 1-11-1960 | 3666 |
| 1-11-1970 | 3577 |
Folketalsutvikling folke- og bustadteljing 2001
Ved folketeljinga 3. november 2001 var totalt 3.258 personar busette i kommunen.[2]
Innbyggjartal etter område
| Område | Antal | Prosent av total |
| Eidsvåg | 872 | 27% |
| Rausand | 281 | 9% |
| Spreittbygde strok | 1919 | 58% |
| Ikkje oppgjeve | 186 | 6% |
Innbyggjartal etter grunnkrins
| Grunnkrins | Antal 2001 | Prosent |
| 0100 Nesset | 2429 | 74,6% |
| 0101 Ranvik | 82 | 2,5% |
| 0102 Tjelle | 116 | 3,6% |
| 0103 Rød | 219 | 6,7% |
| 0104 Høvik | 121 | 3,7% |
| 0105 Hammervoll | 326 | 10,0% |
| 0106 Eidsvåg sentrum | 344 | 10,6% |
| 0107 Aasen | 174 | 5,3% |
| 0108 Stubø | 183 | 5,6% |
| 0109 Vorpenes | 97 | 3,0% |
| 0110 Raudsand | 131 | 4,0% |
| 0111 Bersås | 205 | 6,3% |
| 0112 Eidsøra | 262 | 8,0% |
| 0113 Meisalstranda | 92 | 2,8% |
| 0114 Bugge | 77 | 2,4% |
| 0200 Eresfjord og Vistdal | 820 | 25,2% |
| 0201 Myklebostad | 169 | 5,2% |
| 0202 Nerland | 131 | 4,0% |
| 0203 Sira | 235 | 7,2% |
| 0204 Slenes | 203 | 6,2% |
| 0205 Eikesdal | 82 | 2,5% |
| 0206 Aursjøen | 0 | 0% |
| 9900 Ikkje oppgjeve | 9 | 0,3% |
Sjå òg
Referansar
Kjelder
- Faktaark fra Kartverket
- «Nesset» i Store norske leksikon
