Hylestad kommune
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Hylestad er ein tidlegare kommune i Setesdal i Aust-Agder. Den var ein del av Valle formannskapsdistrikt frå 1873 til 1. juli 1915, då den vart skild ut til ein eigen kommune med kommunenummeret 0939. 1. januar 1962 vart kommunane Hylestad og Valle på ny slegne saman til Valle kommune. I løpet av desse åra hadde Hylestad hatt elleve ordførarar.
Hylestad ligg lengst sør i Valle, og tettstaden Rysstad var kommunens senter. Kommunen var ved samanslåinga 570 km² stor[1] og folketalet hadde vakse frå 658 i 1915 til 662 i 1962.[2]
Namnet
Kommunen (opphaveleg soknet) fekk namn etter (preste)garden Hylestad eller Hyl(k)je, norrønt: Hyljastaðir. Den fyrste delen av namnet kjem frå hylja som tyder «kulp» (leddet kan visa til ein kulp i Otra) medan staðir tydar gard eller bustad.[3]
Kyrkje og trusliv
Sentralt på Rysstad ligg den nyaste av kyrkjene på Hylestad. Ho er den fyrste på denne tomta der ho vart bygd av Anders «Kirkebygger» Thorson Syrtveit i 1838. Den eldste kyrkja på Hylestad er nemnd fyrste gong i pavelege rekneskap og dagbøker i 1328 (Ecclesia de Hulesta)[4]
Stavkyrkja stod nede ved elva Otra på garden Bjørgum frå omkring 1200 fram til ho vart riven i 1644. I staden kom ei lafta langkyrkje som blei ståande fram til 1838. På Nomeland ligg dessutan eit bedehus. Hylestad er ein del av Valle og Hylestad fellesråd i Otredal prosti.
Gardane
Frå gamalt av er det tolv gardar i bygda, men det har vore minst tretten. Hylje låg truleg i området der Hovet, Haugen og Bjørgum ligg i 2010. Oppe i dalsida, vest for Otra og midt i bygda ligg Brokke, Berg og Haugeland som har samnamnet Gardan.
G.nr. | Gard | Ligging | Fyrst nemnd |
Merknader |
---|---|---|---|---|
60 | Oppstad | heilt nord, vestafor Otra | 1593 - fullgard | |
61 | Haugeland | nordafor Nomeland, synnafor Oppstad | 1668 - skild ut frå Nomeland ein av Gardan | |
62 | Brokke | nordafor Rysstad, vestafor Berg | 1401 - Brekka | ein av Gardan |
63 | Berg | nordafor Rysstad, vestafor Nomeland | til 1838 g.nr. 65 1838-1889 g.nr. 60 frå 1889 g.nr. 63. ein av Gardan | |
64 | Nomeland | nordafor Rysstad, vestafor Otra | 1601 - fullgard | |
65 | Hovet | nordafor Bjørgum, austafor Otra | 1593 - fullgard | |
66 | Haugen | nordafor Bjørgum, vestafor Otra | 1593 - fullgard | |
67 | Bjørgum | nordafor Straume, austafor Otra | til 1838 g.nr. 61 1838-1889 g.nr. 64 frå 1889 g.nr. 67. | |
68 | Rysstad | nordafor Helle, vestafor Otra | 1576 - Røssestadt | 1593 - fullgard |
69 | Straume | heilt syd, austafor Otra | 1405 - Strvm | 1593 - fullgard til 1838 g.nr. 58 1838-1889 g.nr. 66 frå 1889 g.nr. 69. |
70 | Helle | nordafor Besteland, vestafor Otra | 1479 - i Hellee | 1593 - 1623: fullgard til 1838 g.nr. 63 1838-1889 g.nr. 67 frå 1889 g.nr. 70. |
71 | Besteland | heilt sør, vestafor Otra | 1437 - Bestaland | 1601 - 1647: øydegaard til 1838 g.nr. 66 1838-1889 g.nr. 68 frå 1889 g.nr. 71. |
Kjelder og fotnoter
- ↑ «Hylestad» i Store Norske Leksikon (vitja 29. juni 2010)
- ↑ Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- ↑ Nomeland, Tarald: «Gardsnamna i Valle og Hylestad» i Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad s. 317, 1983, ISBN 8290300077
- ↑ Ruud, Erling: «Kirkeliv og kirker» i Bygd og by i Norge: Agder, s. 316-317, Gyldendal 1977, ISBN 8205094063
- ↑ Om ikkje anna er angjeve: Ryningen, Alfred: Valle kommune I og II, Gards- og ættesoge Hylestad; Valle kommune 1985, ISBN 82-991334-0-8 og ISBN 82-991334-1-6.