Christian Havig (1825–1912)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian M. Havig. Teikning av Hans Christian Olsen.

Christian Møinichen Havig (fødd 4. april 1825 i Overhalla, død 10. april 1912) var lensmann, gardbrukar og stortingsrepresentant. Fredrik Havig var sonen hans, og Sara Faye ei av døtrene.

Havig var fødd i Overhalla, men familien flytta til Vikna då han var i barneåra. Han fekk lite undervisning utanom omgangsskulen. På eiga hand lærde han seg så mykje at han fekk arbeid på kontoret hos lensmannen i Nærøy og Vikna. Seinare, 1848, vart han tilsett hos slektningen, lensmann Jørgen Havig i Namsos. I 1854 kom Havig med i Namsos bystyre, i 1858 ordførar i byen og forlikskommissær 1856-58.

År 1858 vart Havig sett til lensmann i Vefsn i Nordland. Denne stillinga hadde han heilt til 1904, då vart han etterfylgd av sonen Thorleiv N. Havig. Allereie i 1859 vart han medlem av heradsstyret i Vefsn, ordførar 1905. Elles var han forlikskommissær 1859-66 og kasserar i den lokale sparebanken 1860-70, formann i skulestyret og formann i matrikkelkommisjonen i Vefsn.

Havig representerte Nordlands amt på Stortinget frå 1871, der han hadde sete fram til 1888. I perioden 1871-74 var han medlem av justiskomite nr 1. Frå 1875 vart han medlem av jarnbanekomiteen, formann i denne frå 1880 til 1888. 1874-76 var han sekretær i Odelstinget, deretter sekretær i Stortinget 1877-85. Han var medlem av riksretten 1883–84, ei tid som mellombels president. Lagtingspresident 1886-88.

I 1884 vart Havig medlem av den parlamentariske jurykommisjonen. Seinare, 1899-1905, medlem av riksskattekommisjonen.

Lokalt engasjerte han seg for at fleire leiglendingar skulle få høve til å kjøpe gardane dei dreiv, og han arbeidde for innføring av norsk opplæringsmål i skulen. Han var leiar av Vefsn skulestyre då det i 1900 gjorde vedtak om at skuleelvane skulle bruke lærebøker på nynorsk mål. Havig var mellom dei som i 1905 tala for at Noreg skulle verte republikk.

Christian Møinichen Havig døydde i 1912. C.M. Havigs gate i Mosjøen er oppkalla etter han.

Kjelder


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Christian Havig» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.


Artikkelen Christian Havig (1825–1912) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.