Bergenhus len
Bergenhus len var eit len som omfatta Vestlandet og frå 1540-åra Nord-Noreg, med Bergen som administrasjonsby og eksporthamn.
Frå 1503 vart Norge inndelt i fire slottslen eller hovudlen:
- Akershus
- Båhus
- Bergenhus
- Trondheim (med Nord-Noreg)
Frå midten av 1540-åra vart Nord-Noreg lagt under Bergenhus hovudlen, som i 1560 omfatta desse underlena:
- Lister (Vestre Vest-Agder)
- Stavanger (Rogaland)
- Hardanger
- Dale (Luster, eige len 1565-1614)
- Nordfjord
- Sunnmøre
- Helgeland
- Salten
- Lofoten og Vesterålen
- Andenes (Andøya)
- Senja (Søndre Troms)
- Troms (Midt- og Nord-Troms)
- Vardøhus (Finnmark)
Slottslenet omfatta dei resterande delane av dagens Hordaland og Sogn og Fjordane.
Trondheim hovudlen var også underlagt regionaladministrasjonen i Bergen. Til sammen utgjorde de to hovudlena det nordafjelske Noreg. Noreg aust for Lista og sør for Dovre til Båhuslen, vart rekna til det sønnafjelske Noreg.
I 1662 falt lensordninga bort og Bergenhus hovudlen vart avløyst av Bergenhus stiftamt.
Lensherrar ca 1500-1679
Sjå Bergenhus stiftamt for stiftamtmenn.
Litteratur
- NRR: Norske Rigs-Registranter. (Bd. 1-12.) (1861-1891). Christiania. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
- Erslev, Kr. (1885). Danmark-Norges Len og Lensmænd. 1596-1660. København, s. 79-80. (Digital utgåve, University of Alberta)
- Fladby, Rolf. (1963). Fra lensmannstjener til Kongelig Majestets Foged. Oslo, s. 195.
- Weidling, Tor. (2000). Eneveldets menn i Norge. Sivile sentralorganer og embetsmenn 1660-1814. Oslo: Riksarkivaren, s. 31.
Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Bergenhus len» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden. Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon. |