Gustav Indrebø

Gustav Ludvig Indrebø (fødd 17. november 1889 i Samnanger i Hordaland, død 3. august 1942) var filolog, historikar og lærar. Han arbeidde mykje med norrøn filologi, eldre norsk historie og stadnamn. Norsk språkhistorie var også eit viktig arbeidsfelt for Indrebø. Han var elles svært aktiv innanfor målrørsla, som talsmann for den tradisjonelle høgnorsklinja (skriftnormal som ligg tett opp til den opprinnelege nynorsken som Ivar Aasen utarbeidde).

Gustav Indrebø
Foto: Ukjent, faksimile frå Heidersskrift til Gustav Indrebø på femtiårsdagen 17. november 1939.

Familie

Gustav Indrebø var son av overlærar Ludvig Johannes Indrebø (1864–1921) og Severine Malene Frøysland (1861–1943), og vart gift i 1918 med lærar Astrid Ruth Louise Olsen (1885–1956). Han var bror til biskop Ragnvald Indrebø (1891-1984).

Barneår i Indre Sunnfjord

Gustav Indrebø fekk dei fleste av barneåra sine i Indre Sunnfjord, der foreldra hans var frå. Faren Ludvig J. Indrebø fekk arbeid som lærar i Jølster og Gaular i 1892, og familien var difor busette i dette området fram til 1901. Gustav Indrebø rekna Jølster som si eigentlege heimbygd, og hadde ei eiga hytte i Årdal.

Studium og arbeid

Indrebø tok lærareksamen i 1910, og praktiserte som lærar fram til 1913. Då starta han på filologistudiet ved Det Kgl. Frederiks Universitet i Kristiania (i dag Universitetet i Oslo). I 1917 vart han cand.philol. med historie som hovudfag. Han hadde elles tysk og norsk som sidefag.

1917 var Indrebø tilsett som amanuensis ved Riksarkivet, ei stilling han hadde fram til 1921 (1919-1920 hadde han eit studieopphald på ni månader i København og Berlin). I 1921 vart det oppretta eit nytt dosentur i norrøn filologi ved universitetet i Kristiania, som Indrebø vart tilsett i. Same år byrja han også som styrar for Norsk Stadnamnarkiv. I 1930 vart Gustav Indrebø professor i vestnorsk målføregransking ved Bergens museum, denne stillinga hadde han til han døydde.

Norsk Målsoga

Hovudverket til Indrebø må vel seiast å vera Norsk Målsoga. Det var arbeidet med denne boka som opptok Indrebø den siste tida han levde. Han fekk ikkje fullført verket, så boka vart utgjeve posthumt i 1951. I boka skildrar Indrebø utviklinga i norsk språk frå gammalnorsk til og med Ivar Aasen. I 2001 kom det ei 2. utgåve av boka. Her er det teke med eit nytt kapittel: "Målbrigdingar (1525 til notidi)". Dette er basert på ein kladd som vart funnen av dottera til Indrebø, Inger Indrebø Eidissen, i 1990.

Bibelutgåver og Nynorsk salmebok

I åra 1917-1921 var Gustav Indrebø filologisk redaktør for ei nynorsk bibelutgåve ("Studentmållagsbibelen"). Seinare var han også språkleg konsulent for broren Ragnvald under arbeidet med den nynorske bibelutgåva av 1938 ("Indrebø-Bibelen").

Gustav Indrebø var også oppteken av å få utgjeve ei nynorsk salmebok, det skjedde i 1925.

Verv i målrørsla

Gustav Indrebø hadde fleire verv innanfor målrørsla: Leiar for Studentmållaget i Oslo (1917), formann i Det norske Samlaget (1923-1929), styremedlem i Noregs Mållag (1928-1942), formann i Noregs Mållag (1929-1931), styremedlem i Vestmannalaget (1931), formann i Vestmannalaget (1937-1942), redaktør for Norsk Årbok (1931-1939).

Ettermæle

 
Gustav Indrebø er gravlagd på Grefsen kirkegård i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2015)

I Årdal i Jølster vart det i 1955 reist ein minnestein over Gustav Indrebø, laga av Dyre Vaa. I Florø er det ei Professor Indrebøgate.

Gustav Indrebø er gravlagd på Grefsen kirkegård i Oslo saman med kona Astrid og dottera Inger.

Sjå også

Nettutgåve av Bibelen 1938

Kjelder