Lesja kompani

Lesja kompani kan nyttast som ei samlenemning på den avdelinga av Hæren som i hovudsak bestod av utskrivne soldatar frå Lesja prestegjeld i Gudbrandsdalen.

Lesja kompanis telthus, nå på Maihaugen.
Foto: Arnfinn Kjelland (2016).

Etablering og opphør

Ein kan seie kompaniet kom til ved hærordninga av 1718 da Opplandske regiment vart delt i to og avdelingane i Gudbrandsdalen lagt inn under 1. eller Austre Opplandske regiment.

Tidlegare vart soldatar frå Lesja utskrivne til Nordre Gudbrandsdalske kompani. I rullane for det kompaniet ser vi det vart skrive ut 42 mann i 1662 og 1665, 39 mann i 1670, 41 mann i 1693 og det same i 1696.

Så er det ikkje registrert ruller før i 1739, altså 21 år etter delinga av regimentet i 1718, og da er nemninga framleis Nordre Gudbrandsdalske kompani under kaptein Langeland. Men no bestod det av 41 legder og 82 soldatar frå Lesja og Dovre, og ni legder med 18 soldatar frå Sel anneks av Vågå prestegjeld, til saman 100 mann.

I perioden 1789-1817 inngjekk kompaniet i regimentets 2. nasjonale bataljon, og frå 1818 til 1866 i Gudbrandsdalske nasjonale musketerkorps, stort sett heile tida saman med dei andre kompania i dalen.

Vi kan så seie kompaniet eksisterte som eining med hovuddelen av dei utskrivne soldatane til Hæren vart omorganisert i 1866 og Gudbrandsdalens bataljon fekk 4 kompani der det første bestod av soldatar frå Lesja, Vågå og Lom.

Operasjonar kompaniet deltok i

Sjefar og kompanisjefsgard

Berre Systugu Avdem var formell sjefsgard for kompaniet, sjå Bygdebok for Lesja bd. 2 s. 561ff.

Grad Namn Kp-sjef frå til Merknder
Kaptein Carl von Passow 15.8.1718 16.6.1730
Kaptein Tosten Langeland 16.6.1730 1.9.1745 Sjå Bygdebok for Lesja bind 3 s. 266
Kaptein Hans Wilhelm Dopp 1.9.1745 19.10.1746
Kaptein Johan Wibe Pihl 19.12.1746 12.6.1748 Død i stillinga
Kaptein Wilhelm Friderich von Hanstein 17.7.1748 26.10.1752
Kaptein Ludvig Christian Orning 26.10.1752 1.5.1765 Sjå Bygdebok for Lesja bind 3 s. 471
Kaptein Nicolaus Daniel Fischer 1.1.1766 4.3.1773 Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 550
Kaptein Christian Robert Ruge 4.3.1773 26.5.1779 Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 550
Kaptein Amund Bøe 26.5.1779 1.4.1786 Sjå Bygdebok for Lesja bind 3 s. 236
Kaptein Joachim Wessel 14.7.1786 2.3.1787
Pr. major Israel Olai Sigholt 2.3.1787 22.8.1788
Kaptein Thomas Christian Rosing 22.8.1788 21.12.1788 Død i stillinga
Kaptein Jacob Lund 1.5.1789 ??.8.1789 Deretter vakant til neste
Kaptein Peder Lorentz Stibolt 5.3.1790 11.5.1798
Kaptein Isach Mandahl 11.5.1798 29.3.1800 Død i stillinga
Kaptein Otto Friderich Gremming Heyerdahl 16.5.1800 6.2.1801
Kaptein Peter Todderud Coucheron 6.2.1801 20.12.1808 Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 562. Død i stillinga
Kaptein Andreas Gieldt 15.6.1809 16.12.1809
Kaptein Lars Halvorsen Hoel 16.12.1809 1818 Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 563
Kaptein Jens Christian Glad 1818 1824 Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 563
Kaptein Christian Dorph Piro 1824 1824 Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 563
Kaptein Hans Urban Fabricius 1825 1829 Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 563
Kaptein Georg Ulrich Lohse 1829 1836 Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 563
Kaptein Lorentz Olaus Sigholt 20.2.1838 1842

Ekserserplassar

Kjelder

Referansar