Språkskiftet til nynorsk i Lom
Språkskiftet til nynorsk i Lom skjedde tidleg. Det var den fyrste bygda på Austlandet som innførte landsmålet som skulemål. Det skjedde i 1899, i alle skulekrinsane i bygda. Språkskiftet hadde nær samanheng med den blomstrande norskdomsrørsla som Christopher Bruun hadde sett i gang i Gudbrandsdalen i siste tredelen av 1800-talet. Fleire av dei som rydda grunnen og stilte seg i spissen for språkskiftet i Lom, hadde sjølve vore elevar av Bruun på folkehøgskulen hans i Sel og/eller i Gausdal. Andre hadde i barneskulealderen gått på Andreas Austlid sin friskule på Ofigsbø i Lom i 1870-åra. Friskulen var ein avleggjar av Bruuns folkehøgskule.
Arbeidarrørsla, som verka i positiv lei for nynorsksaka i Gudbrandsdalsbygdene i mellomkrigstida, var ikkje på banen enno i denne pionerbygda for norskdomen. Men da den neste måloffensiven kom midt på 1920-talet, hadde Arbeidarpartiet fått betydeleg innverknad i bygda. Da fekk nynorsken gjennomslag som administrasjonsmål. Enda litt seinare kom språkskiftet i kyrkjeleg samanheng, heilt mot slutten av 1920-åra i hovudkyrkja. Dette var det neppe Arbeidarpartiet som gjekk i bresjen for. Det skjedde heller under sterk innverknad av norskdomsdyrkinga og olsokfeiringa som nynorsk-ikonet Olav Aukrust hadde vore hovuddrivkrafta i til han gjekk bort i 1929. Nynorskliturgien vart innført nokre år seinare i annekssokna.
Vedtaket om skulemålet
Den personen som kom til å bety mest for dei konkrete tiltaka som skulle til, var Erik Rudser, ein ung lærar og kyrkjesongar i hovudsoknet i Lom, tilsett der frå 1894. Han vart formann i skulestyret snart etter at han hadde teke til i stillinga. Under hans leiing vart det altså med eitt slag teke avgjerd om landsmål som hovudmål i alle skulekrinsane i 1899.
Det skal på førehand ha vore krinsmøte «bygda rundt», og i følgje M. Høgåsen[1] var det «eit trygt fleirtal for nynorsken». (Det herskar litt tvil om tidspunktet for vedtaket. Somme stader er det nemnt 1898, og dette låg til grunn for utnemninga av Erik Rudser som æresmedlem i Dølaringen den 22. august 1948.)
Skuleelevane og bygdefolket var ikkje heilt ubudde på språkskiftet. Allereie i 1887 hadde skulestyret gjort vedtak om å kjøpe inn Andreas Austlids nynorske ABC og lesebok, men soknepresten hadde trenert dette. Så gjorde heradsstyret vedtak om det same, og frå 1891 var desse lærebøkene i bruk.[2]
Pionerar og pådrivarar - frå bygdeeliten?
Andreas Austlid fortel i sine livsminne om skuledagane hjå Christopher Bruun på Romundgard i Sel. Han nemner der ei rad framståande folk blant elevar og lærarar, og tek ikkje så lite i når han mellom anna skriv følgjande:
- «Det var Loms-gutane Hallvard og Eilev Ofigsbø, Olav Aukrust [den eldre, wiki-merknad]og Rasmus Nordal – dei saag ikkje so grome ut den gongen; men sidan har dei styrt bygda, og gjort Lom til den norskaste bygd i Noreg.»
Det er liten tvil om at desse namna representerte bygdeeliten – sosialt, politisk kanskje også kulturelt -, iallfall om ein ser bort frå det ørvesle kondisjonerte miljøet av prest, doktor, lensmann og nokre få andre. Da Austlid og Hallvard Ofigsbø starta friskulen i Lom, fekk dei også heilhjarta støtte av ein eldre generasjon bygdeleiarar, som Hallvards far bonden Halvor Ofigsbø, bonden, læraren og ordføraren Ola Gudbrandsen Kvåle (Vekkje-Kvålen) og skulemeister, handverkar og bonde Eirik Rusten.
I jubileumsomtalen sin om Erik Rudser ramsar M. Høgåsen opp nokre av dei same namna når han skal vise kven som gjekk i bresjen for målfolket, men har også med fleire yngre: «Menn som ordførar Rasmus Nordal, Olav Aukrust d.e., Hallvard Holm, Hallvard Ofigsbø, Olav Øygard, Syver Marstein, Gregor Kvåle, Jehans Flatmo og Eilev Nyrnes var heilhuga målmenn alle saman.» Ikkje alle desse var rett nok storbønder om dei var gardbrukarar. Og iallfall Halvard Holm og Olav Øygard var lærarar med mindre gardsbruk attåt. Halvard Holm og broren Lars Holm var forresten dei einaste vestlandslærarane som kan påpeikast som pådrivarar for målsaka i Lom så tidleg. Dei var komne frå Veøy, og særleg Halvard ser ut til å ha gjort seg sterkt gjeldande som nynorskforkjempar, mellom anna som rapportør til Den 17de Mai. Han vart seinare ordførar i Lom.[3]
Ein annan person som må ha stått sentralt i dette, men som ikkje har vore vidare framme i det historisk ljoset, var Anne Eggen. Ho representerte det motsette av bygdeliten sosialt og økonomisk, men venteleg ikkje kulturelt. Ho var ugift kvinne frå ein husmannsplass under prestegarden, men var openbert særs begava og kunnskapsrik. Det eineståande skjedde at ho vart vald til leiar i Lom venstreforening på denne tida (1894), og det på trass av at kvinner ikkje fekk røysterett før mange år etter dette. Det er kjent at Anne Eggen abonnerte på målbladet Den 17de mai. Og venstrelaget som ho altså leia, var utan tvil politisk drivkraft i språkskiftet.
Lom mållag vart skipa same året som nynorsken vart innført i skulane, 1899. Men allereie i 1870 hadde Loms-gutane som hadde gått hjå Christopher Bruun på Sel eit ungdomslag som også vart oppfatta som eit mållag.[4] At det var god grunn til å rekne det som mållag, blir stadfesta ved at dei melde seg inn i Vestmannalaget, under leiing av «Halvor Offigsbø», som mest truleg var Hallvard og ikkje faren Halvor.
Motstanden
Riksmålssaka er lite belyst i det gjennomgådde kjeldematerialet. Det er likevel liten tvil om at motstanden mot språkskiftet ikkje var ubetydeleg. Ein indikator er at det i 1903 kom opp i skulestyret ein diskusjon om «Landsmaalets fortsatte Brug i Skolen», utan at det vart til noko meir.[5]
Vi veit lite om den sosiale basisen for riksmålssaka. I grannebygda Skjåk var det både bygdeelite og folk frå arbeidarklassen som vegra seg mot innføring av landsmålet. [6]Den motstanden mot skulemålskiftet i Lom som er omtala hjå Hovdan, er representert ved to utanforståande høge embetsmenn: Biskop Hille og skuledirektør Ole Holck. Dei var båe særs betenkte på konsekvensane av språkskiftet, og noko av korrespondansen som tilkjennegir dette, er sitert i Hovdan-protokollen. Mest plass er likevel vigd den lokale soknepresten, Per Mortensen (i kallet 1880-1903), særleg i samband med hans motstand mot Blix-salmane (sjå nedanfor).
Vi får også nokre ymt om ein breiare lokal basis for motstanden mot nynorsken. Kommunevalet i 1904 vart av riksmålstilhengarane gjort til eit språkval. Av målforkjemparane vart dette uttrykt slik: «Nokre danemålsmenn der var, vilde hausten 1904 nytta heradsvalet til å kasta ut norsken. "Danemålet skal vera einaste sak på høgrelista".»[7] Det var jamvel tale om å få i gang ein privatskule basert på riksmålsundervisning. Men Venstre stod særleg sterkt i bygda på denne tida rett før 1905. Resultatet av kommunevalet vart 16 målmenn og berre fire andre. Frå riksmålssida førte altså den politiske vegen ikkje fram, enda dei i følgje nok ein sarkastisk kommentar i Den 17de Mai hadde hatt «god hjelp frå dokter, lensmann, "de herrer Blagere" og fleire.»
Den siste merknaden om «Blagere» er særleg verdt å merkje seg, fordi det indikerer ein motstand mot venstre- og nynorskframstøytane også blant gardbrukarane, ikkje berre frå det kondisjonerte sjiktet. Det må vere sikta til gardbrukaren på Blakar, Rolv Pålsson Frisvold (1879-1961), og faren hans, føderådsmannen Pål Erlandsson Frisvold (1846-1912). Kanskje kan også ein eller fleire av brørne til den unge brukaren ha vore rekna til «de herrer Blagere». Det var i så fall eldstemann Erland (1877-1971), som på dette tidspunktet gjekk på Krigsskulen, og Ragnvald (1881-1912) som vart kontorist hjå Richard Andvord i Kristiania. Ingen av desse er registrerte som heimeverande på Blakar i folketeljinga 1900.
Så er det kanskje eit uttrykk for den sikre dominansen nynorsken fekk i Lom i mellomkrigstida, at ein ny generasjon på Blakar, representert ved Pål Rolvsson Blakar (1906-1998), engasjerte seg i det nystarta måldyrkingslaget i 1935. Han var far til Rolv Mikkel Blakar (fødd 1944), professor i psykologi, nynorskmann og forfattar av språkpsykologiske avhandlingar.
Motstanden i Lom vart aldri sterk nok til å omgjere skulemålsvedtaket, og bygda er den dag i dag (2013) framleis ei stabil nynorskkommune kva gjeld hovudmål i grunnskulen og på vidaregåande.
Det same kan seiast om administrasjonsmålet og liturgien i kyrkja. Lom er offisiell nynorskkommune både kva gjeld administrasjonsmål og kyrkjeliturgi. Men på desse felta fekk nynorsken mykje seinare gjennomslag enn som skulemål. Det ser også ut til at omskifte i kyrkja vekte meir uttala motstand enn kva gjeld skulemålet, med direkte konfrontasjon mellom målforkjemparane og sokneprestane i bygda.
Sterk strid om Blix-salmane
Bruken av «Nokre salmar» (Blix-salmane) kom rett nok ganske tidleg. Det skjedde fyrst i Bøverdalen anneks i 1905 ved eit samrøystes vedtak på soknemøte. Den 10. mars 1907 vart same vedtak gjort ved hovudkyrkja med 129 mot 64 røyster. Garmo var monaleg seinare ute, med vedtak den 25. oktober 1914 med 30 mot 1 røyst. Blix-salmane hadde kome inn etter ein hard batalje mellom sokneprest Mortensen på den eine sida, iallfall to av dei tre klokkarane hans og resten av målfolket på den andre sida. Det var kome lovlege krav om soknemøte og røysting i spørsmålet i 1903. Soknepresten ignorerte og trenerte saka. Det var såpass openbert at 12 målmenn melde presten til påtalemakta. Det var indignerte innlegg i pressa, og ein leiande målmann ved Universitetet i Kristiania, jussdosent Nikolaus Gjelsvik rådde biskop Hille til å utnemne ein ny prest som «kan folkemålet».
Mortensen slutta i kallet det same året, utan at vi har bringa på det reine i kor stor grad dette skuldast språkstriden. Statsadvokaten hadde i alle høve lagt bort saka mot Mortensen på grunn av bevisets stilling.
Liturgien
I følgje Hovdan-protokollen fekk ikkje Lom nokon prest som «kunne preika på norsk» etter Mortensen heller. Theodor Julius Børresen, som vart innsett i kallet same året (1903), var venteleg også riksmålsmann, men stod neppe så hardt i striden som forgjengaren. Børresen kom frå kallet i Jostedalen, og var van med å takle utfordringane frå det framstormande landsmålet i den bygda.
Etter at Børresen døydde i 1921, kom det ein ny prest som heller ikkje sjølv var nynorskbrukande. Men han var ein kulturelt romsleg natur, og hadde stor sympati for norskdomsrørsla. Det var Lorentz Smidt (1880-1944, etter Lom sokneprest i Vang på Hedmarken frå 1936). Han vart god ven med diktaren Olav Aukrust, og samarbeidde med han om å få i gang olsokstemnene som sidan har vore eit fast innslag i kulturlivet i Lom. Smidt vart også ven av og mentor for den nynorskdyrkande og opprørske proletardiktaren Tor Jonsson. Jonsson levde dei fyrste åtte åra av livet sitt på ein husmannsplass under prestegarden, og sidan i ei «stusslegstugu» like ved, etter at familien vart utsagd frå plassen. Jonsson var ein generasjon yngre enn diktaren frå Aukrust i same nabolaget, og måtte finne seg i å bli kalla «Vetl-Aukrusten» på folkemunne. Dei to vidgjetne diktarane har gjort mykje til å sikre statusen for nynorsken i heimbygda.
Det var på ei av Smidts og Olav Aukrusts olsokstemner, i 1928, at det for fyrste gong vart halde gudsteneste på nynorsk i Lomskyrkja. Da var det ikkje Smidt som heldt preika, men presten i nabokallet Vågå, Karl Eugen Birkelund.
Året etter, ved vedtak den 26. mai 1929, vart nynorsk tekst og altarbok innført i Lomskyrkja. Så gjekk det nokre år før det same skjedde i anneksa Garmo (22. mars 1936) og Bøverdalen mest samstundes, etter det som er notert i Hovdan-protokollen.
Administrasjonsspråket
På kommunestyremøte den 14. mai 1926 skjedde nok ein konfrontasjon i målstriden. Det kom framlegg om å vedta nynorsk som bruksmål i kommuneadministrasjonen, mellom anna ved at protokollane skulle førast i den målforma. Ordføraren frå Venstre - det må ha vore Rasmus Elvesæter, ordførar 1917-1922 og 1926-1928 - reiste litt uventa motstand. Han framheldt at han ikkje kunne skrive nynorsk, og truga med å trekkje seg, men skal ha kome på betre tankar etter ei pause i forhandlingane. «Alle dei frilynde minus ordføraren var sterkt for norsken», heiter det i Hovdan-protokollen. Motstandarane var elles «nokre bondepartimenn». Det vart fleirtal for nynorsk.
Same kjelda (Hovdan-protokollen) nemner elles - litt i motstrid til ovanståande - at nynorsken hadde kome inn i administrasjonen på eit monaleg tidlegare tidspunkt. Kommunestyret skal ha gjort vedtak om at møteforhandlingane skulle protokollerast på landsmål frå nyttår 1906. Skulestyret vedtok den 29. desember 1908 at møtebok og brevbyte der skulle foregå på «norsk». Vedtaket frå 1926 var såleis kanskje ei vidareføring og moglegvis oppstramming av ein praksis som eigentleg var innført 20 år før.
Referansar
Kjelder og litteratur
- Høgåsen, Martinus: «Erik Rudser», i Årbok for Gudbrandsdalen 1948
- Kolden, Jon (red. Arnfinn Kjelland): Bygdabok for Lom bd 2 (2002), bd 3 (2005) og bd 4 (2007).
- Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195.. Handskriven protokoll av Peder Hovdan, nå i Arkiv for norsk målreising, Ivar Aasen-tunet i Ørsta.
- Myhren, Johs.: «Nynorsk mål i Gudbrandsdale»n, i Årbok for Gudbrandsdalen 1989.
- Teigen, Håvard: «Bygdedyr i Loms-mørkret? Ei alternativ forståing av bygdesamfunnet på Tor Jonssons tid,» i Årbok for Gudbrandsdalen 2006.
Språkskiftet til nynorsk i Lom er del av prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013 som er komme i stand i samband med Språkåret 2013. Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien. |