Albert Joleik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. okt. 2020 kl. 12:02 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Utbygging)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Albert Sigvard Joleik (fødd i Florø 14. mars 1880, død i Bergen 30. april 1968) var pressemann, forfattar og omsetjar, offiser, gardbrukar og lokalhistorikar. Ikkje minst var han ein ihuga målstrevar og norskdomsmann. I fleire tiår før krigen var han ein markant og viktig aktør i den nynorske pressa. Mange kjenner han best for bygdebøkene og distriktssoga han skreiv frå Sunnfjord. Elles har Joleik vore mykje omtala for sitt opphald i Fristaten Kongo 1905–1908 som offiser i kolonihæren til Kong Leopold II av Belgia.

Bakgrunn og familie

Albert var den eldste av åtte sysken. Foreldra var Abraham Andersen (22.02.1854 - 08.10.1931, fødd i Eikefjord) og Susanne Abrahamsdotter Vasset (17.12.1854-12.12.1951, også fødd i Eikefjord). Albert fekk på eit seinare tidspunkt skifta ut familienamnet Andersen med det norrønt inspirerte Joleik. Namneskiftet skjedde i 1905, og Joleik gjorde eit ekstra poeng av at det var godkjent av «1905-ministerie».[1]

På den tida Albert vart fødd, dreiv faren som handelsmann på strandstaden Florø. Men før Albert var ferdig med folkeskulen, flytta familien ut på bygda til Eikefjord, og dreiv frå da av garden Vassethola. Faren dreiv nok også noko verksemd utanom gardsbruket. Iallfall er han i folketeljinga 1910 registrert som «reisende for et symaskinfirma».[2]

Albert Joleik gifta seg veslejulaftan i 1912 med lærar Olava Hjulstad (1888–1965) frå Inderøy i Trøndelag. Foreldra hennar var gardbrukarparet Olav Nilson og Amalia Kristine Andreasdotter Hjulstad. Albert og Olava Joleik fekk 11 born, fødde i tidsrommet 1914-1934. Albert hadde ein son frå før, Olav, fødd i Kongo 1908. Han voks opp hjå besteforeldra sine i Eikefjord.

Albert Joleik og familien budde fast i Bergen til 1932. Da kjøpte dei garden Kleppstølen i Naustdal. Albert budde også etter dette i Bergen monalege delar av året av omsyn til avis- og granskingsarbeidet.

Utdanningsvegen

Albert fekk fullføre folkeskulen i Florø enda om familien hadde flytta ut på bygda i Eikefjord. Han var ein ekstra oppvakt elev, og fekk ekstra undervisning i matematikk og engelsk. Etter folkeskulen gjekk han mellomskule i Bergen. Han gjekk på den private Hambros skole der, og tok mellomskuleeksamen berre 13 år gamal. Han fekk da friplass for også å ta gymnaset ved Hambros skole. Han fekk dertil nødvendig pengestøtte hjå formuande velgjerarar som Albert J. Mohn og apotekar Lohte. Han tok examen artium som 16-åring i 1896.

Etter eit halvår som krambudreng i Florø og eit års tid heime på garden, drog Albert til Kristiania for å studere, med økonomisk støtte frå dei same to velgjerarane Mohn og Lothe, og nå også med fleire kjende namn i ryggen som Christian Michelsen og Rasmus Meyer med fleire. Ved universitetet tok Joleik anneneksamen (forberedende) våren 1898. Som fagstudium las han både språkfag og realfag. Det var språkfaga som engasjerte mest, og han framhevar særleg professorane Marius Hægstad og Sophus Bugge som lærarar som tydde mykje for han.

Joleik tok embetseksamen som cand.real. til jul i 1902. I mellomtida hadde han gjennomgått eit aspirantkurs på Krigsskulen. Han gjennomførte den eittårige Nederste avdeling ved Krigsskulen i 1903. Han vart da «ulønna offiser» (reserveoffiser utan fast militær stilling, men med ei viss pliktteneste ved eksersis og øvingar i ein del år frametter) med graden sekondløytnant.[3]

Skulelærar

Etter Krigsskulen var Joleik framhaldsskulelærar i og Treungen i Telemark ei tid. Vanskar med å få lærarpost eller anna passande arbeid var sterkt medverkande til at han søkte seg teneste som militær i Kongo, sjå nedanfor. I åra 1908-1911, etter Afrika-opphaldet, hadde han vikariat som lærar ved lærarskular, fyrst på Stord, så i Levanger. «På Livangr», som han sjølv skriv, «[…] var eg heppin – der vart eg kjend med henne som vart kona mi.»

Afrikaopphaldet

Militærutdanninga og språkkunnskapane (ikkje minst fransk) gjorde det lett for Joleik å få engasjement i Kong Leopolds hær og administrasjonsapparat i Fristaten Kongo (État Indépendant du Congo). Det var namnet på kolonien som kongen dreiv for eiga rekning i tidsrommet frå 1885 til 1908, da den belgiske staten overtok koloniherreveldet over området.

Løytnant Joleik gjorde militær teneste som pelotongssjef (troppssjef/tilsvarande), tilsynelatande i avdelingar av afrikanske soldatar. Men stillinga medførte også ei rekkje sivile funksjonar og oppgåver. Joleik sjølv ramsar det opp som følgjer: «fut og forlikskommissær og sjukehjelpar og lagerchef og agronom og landeleitar». Når det gjeld det siste, «landleitinga» eller oppdagarverksemda, legg han til: «De siste var eg mykje, for paa dei tri aara var eg sjau maanadir paa farande fot i villmarkja.»

Kong Leopolds Kongo-styre vart kjent som noko av det mest brutale blant koloniregima i samtida. Det vart praktisert ei ekstrem utbytting av folk og ressursar, der bestialske avstraffingsmetodar og massedrap inngjekk blant verkemidla. Viktigaste maktinstrumentet var leigehærar, i stor mon afrikanske soldatar, men med offiserar rekruttert frå Europa og Amerika. Joleik vart i ettertid konfrontert med dette biletet av kolonien, men avviste kritikken. Han meinte det berre var bakvasking som den rivaliserande kolonimakta England stod bak, mellom anna målbore gjennom forfattaren Sir Arthur Conan Doyle, og som Joleik avskriv som ein «simpel spiritist». I ein kvass polemikk ca. 1950 framheldt Joleik at historiene om mishandling av dei innfødde berre var tull, for Joleik «hadde aldri høyrt eller sett ein negersoldat skrike når han vart dengd».[4]

Det viktigaste private følgja av Afrika-opphaldet for Joleik, var at han fekk ein son med sin afrikanske sambuar der. Sonen, Olav, vart med far sin heim og vaks opp hjå besteforeldra i Sunnfjord. Mora, Wanga Djesa, skulle også ha vore med til Noreg, men ombestemte seg i siste liten. Opplysningane om Wanga Djesa må seiast å vere uvisse og til dels sprikande. Det er prega av å ha blitt gjenfortalt på folkemunne i fleire generasjonar. Det har versert forestillingar og klisjear som «negerprinsesse» og «hovdingdotter». Ein versjon er at Wanga var dotter av ein «etiopisk embetsmann». Både han og dottera skulle drepast, men Joleik skal ha vore med og berga dei. Ein annan variant er at Wanga var sjukepleiar for Joleik under eit malariaåtak.

Pressemannen

Ved sida av det lokalhistoriske granskingsarbeidet var viktigaste yrkesgjerninga til Albert Joleik det mangeårige arbeidet hans som pressemann. Han var journalist, redaktør, aviseigar og utgjevar, og han arbeidde organisatorisk.

Den fyrste praksisen fekk han innimellom lærarengasjementa 1908-1911, da han vikarierte eit par månader i Den 17de Mai, det fremste landsmålsbladet, under redaktør Rasmus Steinsvik. Avisa kom ut i Kristiania. Joleik fungerte ein periode som redaktør medan Steinsvik var fråverande.

I 1911 flytta Joleik til Trondheim og starta Spegjelen, som han sjølv omtalar som «1ste blad paa norskt maal der i byin.» Sist på året 1913 overlet han bladet til andre og flytta til Bergen, der han vart tilsett som redaksjonssekretær i Gula Tidend. Der vart han i mange år, i åra 1919-1921 som redaktør etter Johannes Lavik. I 1923 starta Joleik på nytt starta eit eige blad i Bergen, Fjordaposten, som han heldt på med til krigen kom i 1940. Dei fyrste par åra kom det to gonger i veka, deretter vart det vekeblad.

Albert Joleik var sterkt engasjert i presseorganisasjonen Norsk Bladmannalag (skipa 1913) og den journalistskulen (Bladmannaskulen) som Bladmannalaget sette i gang i 1919.

Bygdebokforfattaren

I studentjubileumsboka frå 1921 fortel Joleik at han i tillegg til avisarbeidet brukar 1-2 timar dagleg til historiske arkivgranskingar. Om 8-9 år har han håp om å kome i mål med sine planar om eit stort historisk verk om Sunnfjord og bygdene der. Planen er å få ut «11 heradsbøker og ei fylkjesbok.» Tidsplanen heldt ikkje. Men etter krigen vart det betre arbeidsvilkår. I nær 20 år sat han visstnok dei fleste arbeidsdagar i Statsarkivet i Bergen og arbeidde på verket. Resultatet vart ei emnedelt distriktshistorie for Sunnfjord i to band, og eigne bygdebøker for kommunane Jølster, Bremanger og Flora. Desse tre banda inneheld i fyrste rekkje gards- og slektshistorie, men har også med ei rekkje mindre kapittel om ymse emne frå bygdene. Joleik fann å måtte samle seg om den eldre tida. Alle dei utgjevne banda omhandlar historia fram til 1801.

Albert Joleiks bygdebøker er særmerkte både i innhald og stil. Det er påvist eit visst slektskap til Ivar Kleiven sine kulturhistoriske bøker om Gudbrandsdalen.[5] Elles oppsummerer Jørn Sandnes Joleiks sogearbeid som følgjer:[6]

«Joleik var ikke den mannen som gikk i andres fotefar, og Sunnfjordsoga er helt igjennom støpt i hans egen form. Det er vestlandsk heimstad sett gjennom et ekstraordinært temperament, fortellinger om "fræge sunnfjorðingar", "stórnasa officérar", arbeidsliv og kultur og mye annet, skrevet "i eit málforvilla land" og derfor i en egen målform, bygd på Ivar Aasen før han "laga-úm skrívemynstre sitt".»

Med omsyn til den historiefaglege nivået, held Sandnes fram:

«Joleik hadde store og allsidige historiekunnskaper og gir på de fleste områder god og interessant historieframstilling, rett nok med endel synspunkter som ikke kan være riktige, f.eks. at laupen i høgmiddelalderen ikke var smør-, men kornmål.»

Norskdom og målstrev

Dyrkinga av det nasjonale, der den nynorske målreisinga stod som det mest sentrale, kan seiast å ha vore ein dominerande konstant i Albert Joleiks samfunnssyn og engasjement. Det var openbert ei djupt personleg sak for han. Som han uttrykkjer det i studentjubileumsboka frå 1921: «Eg er nordmann, kver ei taag, utan minste skyldskap fraa tyske elle danske kræmarar elle skrivekarar.» Han vart vekt for målsaka i ung alder. I den same studentjubileumsboka gjev han mykje av æra for dette til ein lærar ved Hambros skole, den kjende litteraturkritikaren Gerhard Gran. Joleik skriv om Gran: «hann gav meg hug til fransk tale o stil, o gamalnorsk lesnad, o dermed vart de umvegjes hann som gjorde meg til maalmann.»

I studietida i Kristiania var han ivrig med i Studentmållaget og Bondeungdomslaget. Under leiing av Johan Fredrik Voss og med ei rad kjende målfolk som Severin Eskeland, Olav Midttun, Knut Liestøl og fleire, var han med og skipa Pønskarlaget. Det var ei foreining av studentar og lærarar ved Universitetet som skulle arbeide for å fremje målet i akademiske samanhengar.[7] Joleik skal ha vore den fyrste som leverte inn eksamenssvar på landsmål. Det sette han i fare for å stryke, men professor Hægstad heldt si hand over han og berga situasjonen.

I Bergen kjende Joleik seg godt heime i Vestmannalaget, der han vart æresmedlem i 1958.[8]


Bibliografi

Referansar

  1. F.eks. i Studentene fra 1896.
  2. Folketeljinga 1910
  3. Petersen, A. 1936.
  4. Klepsvik, L.T.
  5. Johnsen, A.O. i Heimen bd. XI s. 591
  6. I Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år
  7. Voss, J.F. 2011, s. 184.
  8. Hannaas, Clausen, Jerdal 1978: s. 396 og 420-421.

Kjelder og litteratur