Andreas Austlid: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Austlid bør koplast både til lom og Ørsta)
m (Robot: Endrer mal: Thumb høyre)
 
(26 mellomliggende versjoner av 6 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>'''[[Andreas Austlid]]''' (fødd [[26. desember]] [[1851]] i [[Gausdal]], død 1926) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han starta ein [[Friskulen i Lom 1871-1879|friskule i Lom]], var lærar ved fleire folkehøgskular, og grunnla sjølv [[Møre folkehøgskule]]. Austlid var forfattar av det fyrste heile leseverket for barneskolen på nynorsk.</onlyinclude>  
<onlyinclude>{{Thumb|Andreas Austlid.jpg|Andreas Austlid.|Ukjent}}'''[[Andreas Austlid]]''' (fødd [[26. desember]] [[1851]] i [[Gausdal]], død [[27. august]] [[1926]] på [[Østre Toten]]) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han dreiv [[Friskulen i Lom|friskule i Lom]], var lærar ved fleire folkehøgskular, og grunnla sjølv [[Møre folkehøgskule]]. Austlid var forfattar av det fyrste heile leseverket for barneskolen på nynorsk. </onlyinclude>  


== Familie ==
== Familie og sosial bakgrunn ==
Han var fødd på garden [[Austlid]] i [[Østre Gausdal]], son av gardbrukarparet Anders Eirikson Austlid og Ingeborg Andersdotter fødd Torp.
<onlyinclude>Han var fødd på garden [[Austli]] i [[Østre Gausdal]], ein mellomstor gard med tre-fire husmannsplassar den tida Andreas voks opp. Andreas var nesteldste son til husbondsfolket der, Anders Eirikson frå [[Midtvoll]] (1812-1889) og Ingeborg Andersdotter frå [[Toft]] (fødd 1824). Foreldra hadde kjøpt Austli i 1849. </onlyinclude>


Andreas Austlid gifta seg i 1884 med Gunnhild Halvorsdotter Ofigsbø (1859-1944). Såleis vart han svogeren til ein annan kjend folkehøgskule- og norskdomsmann, [[Ivar Blekastad]], som var gift med Torø Halvorsdotter Ofigsbø.
Andreas Austlid har på sine eldre dagar sjølv gjeve følgjande karakteristikk av bygda og det øvre sjiktet av bondestanden der, slik han mintest det frå oppveksten:


== Utdanning og ungdomstid ==
«Ei gamall velstands bygd, breid og mett og god - den fagraste i heile dalen. Ein snild og godsleg - men sjølvbyrg bondeadel, med mykjen god og mykjen laak arv, og taumkjøyrd av embetsmennene og prestgardskulturen. Mest ingen kristendom, anna enn Breiens pietisme; i førre ættleden hadde alle kloke folk vore halve eller heile fritenkjarar.»<ref>Austlid, A. 1926 side 21.</ref> (Den nemnde Breien var ein kapellan i bygda som Andreas og mykje av ungdomen elles stod i eit skarpt motsetnadsforhold til.)
Etter den vanlege allmugeskolen gjekk Austlid i to vintrar på [[Christopher Bruun|Christopher Bruuns]] folkehøgskule på [[Romundgard]] i [[Sel]] (1869-1871).


I ungdomen skipa Andreas Austlid saman med jamaldringar eit ungdomslag i heimbygda, der føremålsparagrafen hadde ein uttrykkeleg front mot pietismen. Lagsverksemda skulle «modarbeide og bekjæmpe alle skadelige indflydelser fra en livsfiendsk, pietistisk aandsretning, der mer og mer griber om sig og truer med at ødelægge alt sundt ungdomsliv». (Her sitert etter Ivar Blekastad 1930, med hans lett moderniserte rettskriving).
Andreas voks opp i eit kulturelt stimulerande miljø. Han fortel sjølv om kveldsseto-timane om vinteren der sjølvefolket sat saman med husmenn, handverkarar og tenestefolk og samtala om ting som rørte seg i tida. Faren abonnerte på [[Søren Jaabæk|Jaabæks]] [[Folketidende]] saman med den eine av husmennene sine. Andre aviser som vart lesne i krinsen var [[Almuevennen]], [[Adressebladet]] , [[Morgenbladet]], [[Lørdagsaftenblad]] og [[For arbeidsklassen]]. Dei heldt seg orienterte om borgarkrigen i Amerika, beundra Abraham Lincoln, diskuterte republikanismen og standssamfunnet og fortalde kvarandre segner og soger over eit breitt spektrum. Blant bøkene i heimen var ''Onkel Toms hytte'' og Tegnérs ''Fridtjovs saga''.


Andreas Austlid gifta seg i 1884 med Gunnhild Halvorsdotter Ofigsbø (1859-1944). Såleis vart han svogeren til ein annan kjend folkehøgskule- og norskdomsmann, [[Ivar Blekastad]], som var gift med Torø Halvorsdotter Ofigsbø. Andreas og Gunnhild Austlid fekk ni born fødde i tidsrommet 1885-1906, mellom dei [[Eiliv Austlid|Eiliv]] fødd 1899.
== Skulegang og ungdomstid ==
<onlyinclude>Etter den vanlege allmugeskolen gjekk Andreas i to vintrar på [[Christopher Bruun|Christopher Bruuns]] folkehøgskule på [[Romundgard]] i [[Sel]] (1869-1871). Han var også med den fyrste vinteren etter at skulen vart flytta til heimbygda hans (1871-1872). Tida på folkehøgskulen vart skilsetjande for Andreas, og la retninga for hans seinare virke.</onlyinclude>
I heimbygda skipa Andreas Austlid saman med jamaldringar eit ungdomslag som på det meste hadde 70 gutar som innskrivne medlemmer. Føremålsparagrafen for laget hadde ein uttrykkeleg front mot pietismen. Lagsverksemda skulle «modarbeide og bekjæmpe alle skadelige indflydelser fra en livsfiendsk, pietistisk aandsretning, der mer og mer griber om sig og truer med at ødelægge alt sundt ungdomsliv.» </onlyinclude><ref>Austlid, A. 1926 side 20.</ref> Laget vakte naturleg nok strid i bygda. På lagsungdomens side stod storbonden [[Per Bø]], og det vart ei viktig støtte. Han fekk dei mellom anna også til å ta opp målsaka.


== Friskule- og folkehøgskulelærar ==
== Friskule- og folkehøgskulelærar ==
I 1871 starta Austlid ein [[friskule]] på garden [[Ofigsbø]] i Lom, etter oppmoding frå folk i bygda som han hadde lært å kjenne på Romundgard. Dette heldt han på med tiåret ut, med avbrot vinteren 1873-1874, da han var med på bibelskulen som Christopher Bruun heldt på [[Fykse]] i Gausdal det året.
{{Thumb|Møre folkehøgskule.jpg|Møre folkehøgskule i Ørsta.|Ukjent}}
{{Thumb|Åsmundstad Kinsarvik Austlid.jpg|Andreas Austlid med familie (til høgre), Kristi og [[Lars Kinsarvik]] (til venstre) og [[Olav Åsmundstad]] (midten bak). Biletet truleg teke ved Møre folkehøgskule ein gong mellom 1899 og 1910.|Ukjent}}
I 1872 tok Austlid på seg å vera lærar på friskulen som da vart starta på garden [[Ofigsbø]] i Lom. Det var etter oppmoding frå folk i bygda som han hadde lært å kjenne på Romundgard, mellom andre hans seinare svoger [[Hallvard Ofigsbø]] og Olav Aukrust (far til diktaren). Austlid vart også direkte oppmuntra av Christopher Bruun til å ta oppdraget i Lom. Austlid dreiv friskulen til 1879, med avbrot vinteren 1874-1875, da han var med på bibelskulen som Bruun heldt på [[Fykse]] i Gausdal det året.


Frå Lom reiste Austlid til Danmark og vart der i to år. Føremålet var å lære meir om folkehøgskuletanken. For å finansiere opphalda på ymse lærestader, arbeidde han som grisepassar og fjøsrøktar, gartnar og jordarbeidar.
Frå Lom reiste Austlid til Danmark og vart der i to år (1879-1881). Føremålet var å lære meir om folkehøgskuletanken. For å finansiere opphalda på ymse lærestader, arbeidde han som grisepassar og fjøsrøktar, gartnar og jordarbeidar.


Heime att frå Danmark var han lærer på [[Vonheim]] 1881-1882. Derette arbeidde han i 17 år ved  [[Ullensvang folkehøgskule]] i [[Hardanger]], med [[Johannes Helleland]] som styrar. I Ullensvang kjøpte Austlid og dyrka opp garden Helleland, der han og kona sette i gang med planteskule og griseavl.
Heime att frå Danmark var han lærer på [[Vonheim]] 1881-1882. Derette arbeidde han i 17 år ved  [[Ullensvang folkehøgskule]] i [[Hardanger]], med [[Johannes Helleland]] som styrar. I Ullensvang kjøpte Austlid og dyrka opp garden Helleland, der han og kona sette i gang med planteskule og griseavl.


I 1899 flytta familien til [[Ørsta]], der dei kjøpte ein ny, større gard. Der bygde Austlid opp Møre folkehøgskule, som han sjølv dreiv til 1908. I 1913 drog han til Gausdal for å byggje opp att Vonheim folkehøgskule. Det lykkast ikkje på den gamle skulestaden. Den nye skulen fekk tilhaldsstad på garden Austlid i to vintrar. Andreas Austlid var sjølv lærar der med [[Olav Aukrust]] som styrar. Denne skulen vart så flytta til [[Dovre]], og var der i tre år. Til slutt kom skulen til Sel, fyrst med hus på [[Otta]], så i 1919 til [[Romundgard]] på Nord-Sel, der Christopher Bruun hadde starta sin fyrste folkehøgskule i 1867.
I 1899 flytta familien til [[Forside:Ørsta kommune|Ørsta]], der dei kjøpte ein ny, større gard. Der bygde Austlid opp [[Møre folkehøgskule]], som han sjølv dreiv til 1908. I 1913 drog han til Gausdal for å byggje opp att Vonheim folkehøgskule. Det lykkast ikkje på den gamle skulestaden. Den nye skulen fekk tilhaldsstad på Austli i to vintrar. Andreas Austlid var sjølv lærar der med [[Olav Aukrust]] (diktaren) som styrar. Denne skulen vart så flytta til [[Dovre folkehøgskule|Dovre]], og var der i tre år. Det siste året måtte Austlid overta som styrar, da Aukrust slutta. Til slutt kom skulen og Austlid til [[Forside:Sel kommune|Sel]], fyrst med hus på [[Otta (tettsted)|Otta]], så i 1919 til [[Romundgard]] på Nord-Sel, der Christopher Bruun hadde starta sin fyrste folkehøgskule i 1867.  


I desse siste åra sine som folkehøgskulelærar starta Austlid to ungdomslag i bygda, eit for den sørlege delen og eitt for Nord-Sel. Han var sjølv leiar av båe to. Det største laget, på søre Sel, hadde meir enn 200 medlemmer.
I desse siste åra sine som folkehøgskulelærar starta Austlid to ungdomslag i bygda, eit for den sørlege delen og eitt for Nord-Sel. Han var sjølv leiar av båe to. Det største laget, på søre Sel, hadde meir enn 200 medlemmer.


Austlid slutta som folkehøgskulelærar i 1920.  
Austlid slutta som folkehøgskulelærar i 1920, da [[Thorleif Schirmer]] overtok som styrar.  


== Lærebokforfattaren ==
== Lærebokforfattaren ==
I 1880 utlyste Vestmannalagen konkurranse om å skrive den beste ABC-boka på landsmål. Austlid vann fyrsteprisen i konkurranse med mellom andre [[Ivar Aasen]]. Det var den fyrste ABC-boka på nynorsk i det heile teke. I noko omarbeidd form kom ho ut på nytt i 1888, også da med fyrsteprisen frå [[Vestmannalaget]]. Seinare kom boka i ni opplag med i alt om lag 90 000 eksemplar.
{{Thumb|Andreas Austlid ABC 1880.png|ABC-boka til Andreas Austlid 1880}}
I 1880 utlyste [[Vestmannalaget]] konkurranse om å skrive den beste ABC-boka på landsmål. Austlid vann fyrsteprisen i konkurranse med mellom andre [[Ivar Aasen]]. Det var den fyrste ABC-boka på nynorsk i det heile teke. I noko omarbeidd form kom ho ut på nytt i 1888, også da med fyrstepris frå Vestmannalaget. Seinare kom boka i ni opplag med i alt om lag 90 000 eksemplar.


Austlid gav ut den fyrste leseboka si for born i 1889. Rett etter århundreskiftet kom Lesebok for folkeskulen (band 1 1902, band 2 i 1903 og band 3 i 1906). Seinare kom eit fjerde band. Med noko omarbeiding vart lesebøkene mykje brukt i norske folkeskular på bygdene heilt til i 1960-åra.
Austlid gav ut den fyrste leseboka si for born i 1889. Rett etter århundreskiftet kom ''Lesebok for folkeskulen'' (band 1 1902, band 2 i 1903 og band 3 i 1906). Seinare kom eit fjerde band. Med noko omarbeiding vart lesebøkene mykje brukt i norske folkeskular på bygdene heilt til i 1960-åra.


== Anna forfattarskap ==
== Anna forfattarskap ==
Austlid gav i 1879 ut den historiske beretninga ''Soga frå Sinklar og Skottom''. Han skreiv eit tobands verk om den danske friskule- og folkehøgskulemannen [[Christen Kold]], som kom ut i 1911 og 1913, ''Ein folkelærar''. Rett før han døydde gav Austlid ut ''Bonden, bibelen og kulturen'' (1925) og ''Salt frå folkehøgskulen'' (posthumt 1926).
Austlid gav i 1879 ut den historiske beretninga ''Soga frå Sinklar og Skottom''. Han skreiv eit tobands verk om den danske friskule- og folkehøgskulemannen [[Christen Kold]], som kom ut i 1911 og 1913, ''Ein folkelærar''. Rett før han døydde gav Austlid ut ''Bonden, bibelen og kulturen'' (1925) og ''Salt frå folkehøgskulen'' (posthumt 1926).


== Litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
 
* Austlid, Andreas: ''Salt fraa folkehøgskulen''. Olaf Norlis forlag, Oslo 1926.
* Blekastad, Ivar: «Andreas Austlid», i ''Årbok for Dølaringen'' 1930.
* Blekastad, Ivar: «Andreas Austlid», i ''Årbok for Dølaringen'' 1930.
* Halse, Per: Artikkel om [http://www.allkunne.no/default.aspx?menu=24&id=1056 Andreas Austlid] i [[Allkunne]].
*[http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4727&idx_id=4727&uid=ny&idx_side=-316 Klokkarbok for Hoff sokn, Østre Toten prestegjeld, 1912-33 (døde og gravlagde 1926).]
* Kolden, Jon: ''Bygdabok for Lom 3''. Utg. av Lom kommune ved Snøhetta forlag, Lesja, 2005. (Kapittelet om Ofigsbø)
* Kolden, Jon: ''Bygdabok for Lom 3''. Utg. av Lom kommune ved Snøhetta forlag, Lesja, 2005. (Kapittelet om Ofigsbø)
* Ofigsbø, Hallvard: ''Gudbrandsdalsboka. Folk og vyrkje''. Oslo 1926.
*Tordhol, Kristian: «Dovre Folkehøgskule. 50 år sidan skulen tok til», i ''Årbok for Gudbrandsdalen 1965.''
* {{hbr1-1|pd00000000801360|Andreas Austlid}}.
== Notar ==


[[Kategori:Personer fra Gausdal kommune]]
<references/>
[[Kategori:Personer fra Lom kommune]]
{{DEFAULTSORT:Austlid, Andreas}}
[[Kategori:Personer fra Ørsta kommune]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Gausdal kommune]]
[[Kategori:Lom kommune]]
[[Kategori:Ørsta kommune]]
[[Kategori:Sel kommune]]
[[Kategori:Lærere]]
[[Kategori:Lærere]]
[[Kategori:Folkehøgskole]]
[[Kategori:Fødsler i 1851]]
[[Kategori:Fødsler i 1851]]
[[Kategori:Dødsfall i 1926]]
[[Kategori:Dødsfall i 1926]]
{{F2}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 4. mar. 2024 kl. 14:46

Andreas Austlid.
Foto: Ukjent

Andreas Austlid (fødd 26. desember 1851 i Gausdal, død 27. august 1926Østre Toten) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han dreiv friskule i Lom, var lærar ved fleire folkehøgskular, og grunnla sjølv Møre folkehøgskule. Austlid var forfattar av det fyrste heile leseverket for barneskolen på nynorsk.

Familie og sosial bakgrunn

Han var fødd på garden Austli i Østre Gausdal, ein mellomstor gard med tre-fire husmannsplassar den tida Andreas voks opp. Andreas var nesteldste son til husbondsfolket der, Anders Eirikson frå Midtvoll (1812-1889) og Ingeborg Andersdotter frå Toft (fødd 1824). Foreldra hadde kjøpt Austli i 1849.

Andreas Austlid har på sine eldre dagar sjølv gjeve følgjande karakteristikk av bygda og det øvre sjiktet av bondestanden der, slik han mintest det frå oppveksten:

«Ei gamall velstands bygd, breid og mett og god - den fagraste i heile dalen. Ein snild og godsleg - men sjølvbyrg bondeadel, med mykjen god og mykjen laak arv, og taumkjøyrd av embetsmennene og prestgardskulturen. Mest ingen kristendom, anna enn Breiens pietisme; i førre ættleden hadde alle kloke folk vore halve eller heile fritenkjarar.»[1] (Den nemnde Breien var ein kapellan i bygda som Andreas og mykje av ungdomen elles stod i eit skarpt motsetnadsforhold til.)

Andreas voks opp i eit kulturelt stimulerande miljø. Han fortel sjølv om kveldsseto-timane om vinteren der sjølvefolket sat saman med husmenn, handverkarar og tenestefolk og samtala om ting som rørte seg i tida. Faren abonnerte på Jaabæks Folketidende saman med den eine av husmennene sine. Andre aviser som vart lesne i krinsen var Almuevennen, Adressebladet , Morgenbladet, Lørdagsaftenblad og For arbeidsklassen. Dei heldt seg orienterte om borgarkrigen i Amerika, beundra Abraham Lincoln, diskuterte republikanismen og standssamfunnet og fortalde kvarandre segner og soger over eit breitt spektrum. Blant bøkene i heimen var Onkel Toms hytte og Tegnérs Fridtjovs saga.

Andreas Austlid gifta seg i 1884 med Gunnhild Halvorsdotter Ofigsbø (1859-1944). Såleis vart han svogeren til ein annan kjend folkehøgskule- og norskdomsmann, Ivar Blekastad, som var gift med Torø Halvorsdotter Ofigsbø. Andreas og Gunnhild Austlid fekk ni born fødde i tidsrommet 1885-1906, mellom dei Eiliv fødd 1899.

Skulegang og ungdomstid

Etter den vanlege allmugeskolen gjekk Andreas i to vintrar på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard i Sel (1869-1871). Han var også med den fyrste vinteren etter at skulen vart flytta til heimbygda hans (1871-1872). Tida på folkehøgskulen vart skilsetjande for Andreas, og la retninga for hans seinare virke.

I heimbygda skipa Andreas Austlid saman med jamaldringar eit ungdomslag som på det meste hadde 70 gutar som innskrivne medlemmer. Føremålsparagrafen for laget hadde ein uttrykkeleg front mot pietismen. Lagsverksemda skulle «modarbeide og bekjæmpe alle skadelige indflydelser fra en livsfiendsk, pietistisk aandsretning, der mer og mer griber om sig og truer med at ødelægge alt sundt ungdomsliv.» [2] Laget vakte naturleg nok strid i bygda. På lagsungdomens side stod storbonden Per Bø, og det vart ei viktig støtte. Han fekk dei mellom anna også til å ta opp målsaka.

Friskule- og folkehøgskulelærar

Møre folkehøgskule i Ørsta.
Foto: Ukjent
Andreas Austlid med familie (til høgre), Kristi og Lars Kinsarvik (til venstre) og Olav Åsmundstad (midten bak). Biletet truleg teke ved Møre folkehøgskule ein gong mellom 1899 og 1910.
Foto: Ukjent

I 1872 tok Austlid på seg å vera lærar på friskulen som da vart starta på garden Ofigsbø i Lom. Det var etter oppmoding frå folk i bygda som han hadde lært å kjenne på Romundgard, mellom andre hans seinare svoger Hallvard Ofigsbø og Olav Aukrust (far til diktaren). Austlid vart også direkte oppmuntra av Christopher Bruun til å ta oppdraget i Lom. Austlid dreiv friskulen til 1879, med avbrot vinteren 1874-1875, da han var med på bibelskulen som Bruun heldt på Fykse i Gausdal det året.

Frå Lom reiste Austlid til Danmark og vart der i to år (1879-1881). Føremålet var å lære meir om folkehøgskuletanken. For å finansiere opphalda på ymse lærestader, arbeidde han som grisepassar og fjøsrøktar, gartnar og jordarbeidar.

Heime att frå Danmark var han lærer på Vonheim 1881-1882. Derette arbeidde han i 17 år ved Ullensvang folkehøgskule i Hardanger, med Johannes Helleland som styrar. I Ullensvang kjøpte Austlid og dyrka opp garden Helleland, der han og kona sette i gang med planteskule og griseavl.

I 1899 flytta familien til Ørsta, der dei kjøpte ein ny, større gard. Der bygde Austlid opp Møre folkehøgskule, som han sjølv dreiv til 1908. I 1913 drog han til Gausdal for å byggje opp att Vonheim folkehøgskule. Det lykkast ikkje på den gamle skulestaden. Den nye skulen fekk tilhaldsstad på Austli i to vintrar. Andreas Austlid var sjølv lærar der med Olav Aukrust (diktaren) som styrar. Denne skulen vart så flytta til Dovre, og var der i tre år. Det siste året måtte Austlid overta som styrar, da Aukrust slutta. Til slutt kom skulen og Austlid til Sel, fyrst med hus på Otta, så i 1919 til Romundgard på Nord-Sel, der Christopher Bruun hadde starta sin fyrste folkehøgskule i 1867.

I desse siste åra sine som folkehøgskulelærar starta Austlid to ungdomslag i bygda, eit for den sørlege delen og eitt for Nord-Sel. Han var sjølv leiar av båe to. Det største laget, på søre Sel, hadde meir enn 200 medlemmer.

Austlid slutta som folkehøgskulelærar i 1920, da Thorleif Schirmer overtok som styrar.

Lærebokforfattaren

ABC-boka til Andreas Austlid 1880

I 1880 utlyste Vestmannalaget konkurranse om å skrive den beste ABC-boka på landsmål. Austlid vann fyrsteprisen i konkurranse med mellom andre Ivar Aasen. Det var den fyrste ABC-boka på nynorsk i det heile teke. I noko omarbeidd form kom ho ut på nytt i 1888, også da med fyrstepris frå Vestmannalaget. Seinare kom boka i ni opplag med i alt om lag 90 000 eksemplar.

Austlid gav ut den fyrste leseboka si for born i 1889. Rett etter århundreskiftet kom Lesebok for folkeskulen (band 1 1902, band 2 i 1903 og band 3 i 1906). Seinare kom eit fjerde band. Med noko omarbeiding vart lesebøkene mykje brukt i norske folkeskular på bygdene heilt til i 1960-åra.

Anna forfattarskap

Austlid gav i 1879 ut den historiske beretninga Soga frå Sinklar og Skottom. Han skreiv eit tobands verk om den danske friskule- og folkehøgskulemannen Christen Kold, som kom ut i 1911 og 1913, Ein folkelærar. Rett før han døydde gav Austlid ut Bonden, bibelen og kulturen (1925) og Salt frå folkehøgskulen (posthumt 1926).

Kjelder og litteratur

Notar

  1. Austlid, A. 1926 side 21.
  2. Austlid, A. 1926 side 20.