Bygland kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(lenke til foreldreløs)
(→‎Arkeologi: lenke til foreldreløs)
Linje 22: Linje 22:


== Arkeologi ==
== Arkeologi ==
Det er gjort funn så langt tilbake som til steinalderen i Bygland, og ein reknar med fastare jordbruksbusetjing frå noko føre vår tidsrekning. Den neste perioden med nemneverdige arkeologiske funn er [[jarnalderen]]: Ein har funnet gravhaugar i mange delar av Bygland. Dei eldste er frå kring 400&ndash;500 etter Kristus, og dei fleste er såkalla branngraver. Ein gullskatt vart funnen på Nese i 1833.<ref>http://arkeologi.blogspot.com/2005/01/gravryser-ved-byglandsfjord.html</ref> .
Det er gjort funn så langt tilbake som til steinalderen i Bygland, og ein reknar med fastare jordbruksbusetjing frå noko føre vår tidsrekning. Den neste perioden med nemneverdige arkeologiske funn er [[jarnalderen]]: Ein har funne gravhaugar i mange delar av Bygland. Dei eldste er frå kring 400&ndash;500 etter Kristus, og dei fleste er såkalla branngraver. Ein gullskatt vart funnen på Nese i 1833.<ref>http://arkeologi.blogspot.com/2005/01/gravryser-ved-byglandsfjord.html</ref> . Dessutan er det funne nokre [[Runesteinar i Bygland kommune|runesteinar]] i Bygland.


== Folkekultur ==
== Folkekultur ==

Sideversjonen fra 26. mar. 2012 kl. 09:32

Bygland
0938 Bygland komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0938
Fylke Aust-Agder
Kommunesenter Bygland
Areal 156.47  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 156.47  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Bygland er ein kommune i Setesdalen i Aust-Agder fylke. Kommunen grensar mot Birkenes kommune og Evje og Hornnes kommune i sør, mot Åseral, Kvinesdal og Sirdal i vest, mot Valle i nord og mot Fyresdal og Åmli i aust.

Bygland er ein høgtliggjande innlandskommune — det meste av området ligg over 700 meter over havet. Kommunen ligg på begge sidene av elva Otra og Byglandsfjorden. Det meste av busetjinga i kommunen finst langs dalbotnen. Kommunesenteret heiter òg Bygland. I nord er bygda Ose viktig, og i sør er hovudsenteret Byglandsfjord. I tillegg kjem blant anna dei mindre stadene Grendi, Åraksbø og Jordalsbø. Byglandsfjord er endestasjon for Setesdalsbanen. Stasjonsbygningen er freda, og staden er utnemnd til tusenårsstad for kommunen.

Bygland er ein landbrukskommune, og namnet har sitt opphav i kornslaget bygg[1] Sjå òg lista over garder i Bygland.

Bygland var saman med Hosanger i Hordaland den første kommunen til å ta i bruk Ivar Aasens landsmål som opplæringsspråk i skulen — to år føre denne retten vart lovfesta.

Arkeologi

Det er gjort funn så langt tilbake som til steinalderen i Bygland, og ein reknar med fastare jordbruksbusetjing frå noko føre vår tidsrekning. Den neste perioden med nemneverdige arkeologiske funn er jarnalderen: Ein har funne gravhaugar i mange delar av Bygland. Dei eldste er frå kring 400–500 etter Kristus, og dei fleste er såkalla branngraver. Ein gullskatt vart funnen på Nese i 1833.[2] . Dessutan er det funne nokre runesteinar i Bygland.

Folkekultur

Setesdalen er generelt kjent for ein rik og særeigen folkekultur, og dette gjeld Bygland òg. Herifrå har det komme mange kjente spelemenn, kvedarar og andre. Ein av dei mest kjende var felespelaren Tarkjell Aslakson Austad, fødd 1802. Det står minnestein over honom på Austad gamle kyrkjegard. Folkeminnesamlaren Johannes Skar kom til Bygland på oppfordring frå Magnus Brostrup Landstad og vart så fascinert at han slo seg ned her og skreiv åttebandsverket Gamalt or Sætesdal. Han vart blant anna huslærar hos legen Kinck i Bygland for sonen hans, Hans E. Kinck.

Landeskogen og Langerak

Landeskogen tuberkulosesanatorium vart planlagt oppført i 1911 som ei statlag satsing mot tuberkulosen. Arbeidet vart noko forseinka av krigen, men staden vart oppført 1913–1916 nærme bygda Grendi. Dei første pasientane kom den 1. mai 1916. I 1962 vart Landeskogen heim for utviklingshemma, og i nyare tid har pinsemeinigheita Filadelfia opna eit rehabiliteringssenter for rusmisbrukarar her. Det første elektrisitetsverket i Setesdal, Langerak kraftverk, vart bygd i tilknyting til sanatoriet og opna i 1916.

Kjende personar med tilknyting til Bygland

Referansar

  1. Aschehougs og Gyldendals store norske leksikon. Kunnskapsforlaget. Oslo 1989.
  2. http://arkeologi.blogspot.com/2005/01/gravryser-ved-byglandsfjord.html

Kjelder

Vollen, Reidar 2002-2007: Bygland gard og ætt, Bygland kommune
Bygland soge, 1938 Norsk allkunnebok, 1949