Edvard Grimstad: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
(→Kjelder og litteratur: Nettbiblioteket) |
||
Linje 20: | Linje 20: | ||
*{{folketelling|pf01037079001798|Edvard Pedersen Grimstad|1900|Skjåk herred}}. | *{{folketelling|pf01037079001798|Edvard Pedersen Grimstad|1900|Skjåk herred}}. | ||
*{{folketelling|pf01036437003895|Edevard Grimstad|1910|Fåberg herred}}. | *{{folketelling|pf01036437003895|Edevard Grimstad|1910|Fåberg herred}}. | ||
* | *{{Totens bygdebok II}}, s. 536. | ||
*[[Ola Martinus Høgåsen|Høgåsen, Martinus]]: «Minneord om Edvard Grimstad», i ''Årbok for Gudbrandsdalen 1955''. | *[[Ola Martinus Høgåsen|Høgåsen, Martinus]]: «Minneord om Edvard Grimstad», i ''Årbok for Gudbrandsdalen 1955''. | ||
Sideversjonen fra 3. feb. 2020 kl. 09:58
Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre Edvard Grimstad (fødd 30. mai 1886 i Skjåk, død 11. september 1955) var lærar, folkeminnesamlar og bibliotekinspektør i Oppland. Han var særleg engasjert i kulturhistoria i Gudbrandsdalen. Grimstad voks opp på garden øvre Grimstad i Skjåk, som son av Peder og Anne Grimstad. Han gjekk ut frå Elverum lærerskole i 1907 og tok eit gymnastikkurs i Oslo i 1911. Han tok òg eit teiknekurs på Hamar i 1916 og eit lærarkurs på Mysen i 1919, medan han i 1922 drog på stipendferd til Sverige og Danmark.
Grimstad byrja som lærar ved framhaldsskulen i Lesja (1907-08) og var deretter tilsett ved skular i Alvdal (1908-10), Fåberg (Nordre Ål skole, 1910-11), Skjåk (1911-14) og Stange (1914-17). I perioden 1918-22 var han lærar ved Ihle skole i Vestre Toten og arbeidde seinare i Lillehammer-skulen. I 1935 vart han tilsett som bibliotekinspektør i Oppland.
Edvard Grimstad samla folkeminne i Gudbrandsdalen for Universitetets folkeminnesamling. I 1930 vart han den fyrste redaktøren av Årbok for Gudbrandsdalen og var det til og med 1936. Han gav ut fire band med folkeminne frå Gudbrandsdalen i ein skriftserie frå Norsk folkeminnelag.
Grimstad var sterkt engasjert i målsaka, mellom anna som formann i Dølaringen (frå 1929) og aktiv i Mesna mållag.
Edvard Grimstad bygde opp turiststaden Sota Sæter i Skjåk, ei verksemd som seinare sonen Torbjørn Grimstad overtok.
Han gifte seg i Skjåk 27. desember 1910 med Anne Grimstad. Dei fekk fire søner og ei dotter.
Bibliografi
- Etter gamalt. Folkeminne frå Gudbrandsdalen I-IV. Utg. som skrifter frå Norsk folkeminnelag nr. 58 (1945), 62 (1948), 71 (1953) og 83 (posthumt 1959).
- «'Mytteriet' på Jørstadmoen», artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen 1936
Kjelder og litteratur
- Edvard Pedersen Grimstad i folketelling 1900 for Skjåk herred fra Digitalarkivet.
- Edevard Grimstad i folketelling 1910 for Fåberg herred fra Digitalarkivet.
- Gjørvad, Olav (red.): Totens bygdebok - bind 2, Oslo 1937. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 536.
- Høgåsen, Martinus: «Minneord om Edvard Grimstad», i Årbok for Gudbrandsdalen 1955.