Elen Loftesnes (1905–1979): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Cnyborg flyttet siden Elen Loftesnes (1905-1979) til Elen Loftesnes (1905–1979): tegnsetting)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>
<onlyinclude>
[[Fil:Elen Loftesnes SFFf-100777.366051.jpg|alt=Sjølvportrett av fotograf Elen Loftesnes (1905-1979). Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.|miniatyr|Sjølvportrett av fotograf Elen Loftesnes (1905-1979). Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.]]
{{thumb|Elen Loftesnes SFFf-100777.366051.jpg|alt=Sjølvportrett av fotograf Elen Loftesnes (1905-1979). Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.|Sjølvportrett av fotograf Elen Loftesnes (1905-1979). Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.}}
 
'''Elen Loftesnes''' (fødd 9. januar 1905 i [[Sogndalsfjøra]], død same stad 2. desember 1979) var fotograf i [[Sogndal]] frå omkring 1930. Der hadde ho atelier og fotobutikk, som ho truleg dreiv fram til fyrst på 1950-talet. Loftesnes fotograferte både portrett og landskap.</onlyinclude>  
'''Elen Loftesnes''' (fødd 9. januar 1905 i [[Sogndalsfjøra]], død same stad 2. desember 1979) var fotograf i [[Sogndal]] frå omkring 1930. Der hadde ho atelier og fotobutikk, som ho truleg dreiv fram til fyrst på 1950-talet. Loftesnes fotograferte både portrett og landskap.</onlyinclude>  



Sideversjonen fra 17. sep. 2020 kl. 08:03

Sjølvportrett av fotograf Elen Loftesnes (1905-1979). Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elen Loftesnes (fødd 9. januar 1905 i Sogndalsfjøra, død same stad 2. desember 1979) var fotograf i Sogndal frå omkring 1930. Der hadde ho atelier og fotobutikk, som ho truleg dreiv fram til fyrst på 1950-talet. Loftesnes fotograferte både portrett og landskap.

Elen var nummer fem i rekkja av sju søsken. To av dei levde ikkje opp. Foreldra var skysskar og skomakar Ola Olsson Loftesnes[1] (1868-1944) og Eli Jakopsdotter Loftesnes[2] (1873-1952). Elen overtok eigedomen Solheim etter foreldra, og truleg var det her ho hadde atelier og fotobutikk. Huset vart kalla "Stallen", og hadde Loftesnes pensjonat som nærmaste nabo. Elen var ugift.

I følgje Jan Talsethagen[3] lærte Loftesnes fotografering av urmakar Ola O. Vatlestad[4], som var sjølvlærd. Ho dreiv både med portrettfotografering i atelier og produserte postkort med motiv frå Sogndalsområdet. Kunsten å handkolorere portrett skal ho òg ha lært seg. På byrjinga av 1950-talet leigde fotografen Leiv Bergum atelier hjå Loftesnes.

Loftesnes annonserte i lokale og regionale aviser, iallfall mellom 1932 og 1955. I ei annonse frå 1932 står det å lese: "Fotografering, fremkalling og kopiering. Min utdannelse og praksis garanterer fagmessig utførelse. Rimelige priser".[5]

Arkivet etter Elen Loftesnes

Negativ og positiv etter Elen vart funne av drivaren av Loftesnes pensjonat, Dagfinn Loftesnes (ikkje i slekt med Elen), og avlevert til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i 1988. Materialet utgjer ca. 2,4 hyllemeter og er per 2018 ikkje ordna, men stikkprøver tyder på at mesteparten av bileta er frå 1950-talet.

Fotografi av Elen Loftesnes

Fotnote

  1. Ole O. Loftesnæs i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet.
  2. Eli J. Loftesnæs i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet.
  3. Talsethagen, s. 26-27
  4. Ole Olsen Vatlestad i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet
  5. Annonse i Sogningen 28. oktober 1932.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Elen Loftesnes (1905–1979) er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.