Gudbrandsdalens folkehøgskule: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Bilete)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:


== Oppstarten og tida i Kvam 1902-1915 ==
== Oppstarten og tida i Kvam 1902-1915 ==
Grunnleggjar og fyrste styrar for skulen var Rasmus Stauri (1867-1932) opphavleg frå [[Stryn]]. Han var lærarutdanna, og hadde mange års erfaring som lærar frå folkeskule, framhaldsskule og folkehøgskule før han sette i gang med sin eigen folkehøgskule. Han fortel sjølv at han var oppmuntra til dette mellom andre av [[Sven Moren]] og redaktør [[Johan Filseth]] i Gudbrandsdølen.
{{thumb høyre|Vik i Kvam ca 1910.jpg|Frå Vik i Kvam, Gudbrandsdalen, medan det var folkehøgskule der (ca. 1910).|Ukjent}}Grunnleggjar og fyrste styrar for skulen var Rasmus Stauri (1867-1932) opphavleg frå [[Stryn]]. Han var lærarutdanna, og hadde mange års erfaring som lærar frå folkeskule, framhaldsskule og folkehøgskule før han sette i gang med sin eigen folkehøgskule. Han fortel sjølv at han var oppmuntra til dette mellom andre av [[Sven Moren]] og redaktør [[Johan Filseth]] i Gudbrandsdølen.


Det byrja i leigde lokale på Vik i Kvam hausten 1902. Lokala var skaffa til vegar av kyrkjesongar [[John R. Sætre]] i Kvam, som var ein god støttespelar for Stauri. Stauri arrangerte eit folkemøte om saka i august det året, der det møtte om lag 300 personar, og skulen fekk god søkning alt frå starten av. Nedre aldersgrense var 17 år. Det var 40 elevar på det fyrste kurset, som starta 13. oktober oktober og vara i seks månader. I det fyrste tiåret gjekk i alt 403 elevar ved skulen, derav 145 jenter. Dei aller fleste var gudbrandsdølar, men det kom også elevar langvegs frå, frå [[Stavanger]], [[Skånevik]], [[Østerdalen]], Danmark. Det var ikkje internat ved skulen, så elevane budde på hybel på gardane i nærleiken.
Det byrja i leigde lokale på Vik i Kvam hausten 1902. Lokala var skaffa til vegar av kyrkjesongar [[John R. Sætre]] i Kvam, som var ein god støttespelar for Stauri. Stauri arrangerte eit folkemøte om saka i august det året, der det møtte om lag 300 personar, og skulen fekk god søkning alt frå starten av. Nedre aldersgrense var 17 år. Det var 40 elevar på det fyrste kurset, som starta 13. oktober oktober og vara i seks månader. I det fyrste tiåret gjekk i alt 403 elevar ved skulen, derav 145 jenter. Dei aller fleste var gudbrandsdølar, men det kom også elevar langvegs frå, frå [[Stavanger]], [[Skånevik]], [[Østerdalen]], Danmark. Det var ikkje internat ved skulen, så elevane budde på hybel på gardane i nærleiken.

Sideversjonen fra 18. mar. 2015 kl. 07:54

Mal:Thumb høyreGudbrandsdalens folkehøgskule var i verksemd frå 1902-1987. Dei fyrste åra hadde han tilhald på garden Vik i Kvam i Nord-Fron, men i 1915 vart han flytta til Hundorp i Sør-Fron. Skulen var driven i grundtvigiansk ånd, og følgde opp tradisjonen etter Christopher Bruuns verksemd i Gudbrandsdalen. Gudbrandsdalen folkehøgskule er uløyseleg knytt til familien Stauri i to generasjonar, ekteparet Rasmus og Lise Stauri og deira son Are og kone Dagny samanhengande i meir enn 70 år.

Oppstarten og tida i Kvam 1902-1915

Mal:Thumb høyreGrunnleggjar og fyrste styrar for skulen var Rasmus Stauri (1867-1932) opphavleg frå Stryn. Han var lærarutdanna, og hadde mange års erfaring som lærar frå folkeskule, framhaldsskule og folkehøgskule før han sette i gang med sin eigen folkehøgskule. Han fortel sjølv at han var oppmuntra til dette mellom andre av Sven Moren og redaktør Johan Filseth i Gudbrandsdølen.

Det byrja i leigde lokale på Vik i Kvam hausten 1902. Lokala var skaffa til vegar av kyrkjesongar John R. Sætre i Kvam, som var ein god støttespelar for Stauri. Stauri arrangerte eit folkemøte om saka i august det året, der det møtte om lag 300 personar, og skulen fekk god søkning alt frå starten av. Nedre aldersgrense var 17 år. Det var 40 elevar på det fyrste kurset, som starta 13. oktober oktober og vara i seks månader. I det fyrste tiåret gjekk i alt 403 elevar ved skulen, derav 145 jenter. Dei aller fleste var gudbrandsdølar, men det kom også elevar langvegs frå, frå Stavanger, Skånevik, Østerdalen, Danmark. Det var ikkje internat ved skulen, så elevane budde på hybel på gardane i nærleiken.

Lærarane var ved sida av Stauri sjølv, cand. filos. Idius Nybø og Lise Høie (seinare Stauri).

Det fyrste året vart drive utan offentleg støtte. Elevane betalte kr. 5 pr. månad i skulepengar, men det var «fripladse for umbemidlede», som det heitte i utlysinga. Deretter mottok skulen tilskot frå stat, kommune og fylke på linje med andre slike skular.

Dei fyrste åra var det berre vinterkurs. Men i 1908 var det gjennomført eit to månaders praktisk «jentekurs» på vår/sommarstid. Desse jentekursa heldt fram etter at skulen kom til Hundorp, og vart regelbunde haldne til utpå 1960-talet.

Til Hundorp

Etter fyrst å ha fått tilbod om å flytte inn i Christopher Bruuns gamle skulelokale i Gausdal, Vonheim, i 1911, bestemte Stauri seg i staden for å kjøpe Hundorp gard i Sør-Fron som var til sals i 1914. Skulen flytta dit 9. april 1915.

Bygningane på Hundorp var i hovudsak oppførde av sorenskrivar John Iversen Randklev i 1850-åra, og dei vart nå ombygde og supplerte for å gjera anlegget føremålstenleg for ei ganske ambisiøs skuleverksemd. Det vart i tillegg til nyinnreidde klasserom både internatbygg, skulekjøkken, elevrom, forsamlingssal, gymnastikksal og badstove. et vart jamvel bygd eit tårn som eigna seg for undervisning i astronomi. Astronomen frå Lesja, Sigurd Einbu, tok ofte undervisningsøkter der. I 1930 vart det reist snikkarsalbygning, og det vart sett i gang ei eiga handverkaravdeling for gutar med snikring og skomakarlære.

Ragnvald Einbu tok på seg eit omfattande dekoreringsarbeid i 1924, og laga veggmaleri med motiv frå norsk og lokal historie.

Idegrunnlag og fagleg innhald

Rasmus og Lise Stauri grunna skulen sin på Grundtvigs og Christopher Bruuns pedagogiske idear og kristelegnasjonale ideologi. I prinsippet vart dette idegrunnlaget fasthalde så lenge skulen var i drift, sjølvsagt med nødvendige justeringar i forhold til dei store samfunnendringarne som fann stad i skulens 70-årige historie.

I skuleplanen frå Rasmus Stauris tid var føremålet for skulen formulert slik:

«Det er ein ålmendanande skule for vaksen ungdom og byggjer si undervisning på folkeskulen og har til formål å vekkje og utvikle eit kristelegt og folkelegt åndsliv, gje dei unge gode og nyttige kunnskapar, so dei kan fylle sitt rom som gode og oplyste borgarar både i stat og kyrkje.»

Og Stauri utdjupar dette på følgjande vis, med ei aldri så lita finte til dei konkurrerande kristelege ungdomsskulane:

«Folkehøgskulane er bygde på kristeleg grunn, endå dei ikkje kallar seg ”kristelege” og set dette som eit skilt utanpå. Den heile oplæring er gjenomtrengt av eit kristeleg grunnsyn. – Dette står ikkje i motsetning til det humane, det ålmenmenneskjelege, og dei freistar å vise samanhengen her og sameine desse ting.
Etter sitt psykologiske og pedagogiske grunnsyn må dei og ta mykje omsyn til kjensle- og vilje-livet og ikkje berre til det reint intellektuelle, forstandslivet. Det er ikkje berre kloke og kunnskapsrike menneskje, men også gode menneskje skulen vil freiste å lære elevane sine op til. At borgarane er båe delar er nødvendig i eit fritt og velstyrt samfund.»

Elevplanen frå 1927 gjev eit oversyn over det faglege innhaldet i dei 36 timane skuleveke som elevane fekk:

  • Norsk, 9 timar
  • Historie, 4 timar
  • Naturfag, 5 timar
  • Rekning og bokføring, 6 timar
  • Geografi, 2 timar
  • Sjelelære, 1 time
  • Samfunnslære, 1 time
  • Song, 2 timar
  • Gymnastikk, 3 timar
  • Teikning, 1 time
  • Skriving, 1 time
  • Frie foredrag, 1 time

Det var dertil handarbeidstimar for jenter og gutar om ettermiddagen.

Ein gong i veka var det elevkveldar med foredrag, opplesing og anna program. == Nordiske lærarsamlingar og anna kursverksemd ==

Etter 1973

Skulen på Hundorp var i privat drift knytta til familien Stauri til 1973, da styraren Are Stauri gjekk bort året før.

Frå 1973 vart skulen leigd og driven av Folkeuniversitetet i Noreg fram til 1983. I fire år deretter var det Gudbrandsdal ungdomslag som fyrst leigde og så kjøpte skulen.

I 1987 hende det tragiske at ein 16 år gammal elev tende på internatbygningen, som brann ned til grunnen. Etter det vart ikkje skuledrifta teken opp att. Sør-Fron kommune kjøpte anlegget, og bygningane har etter den tid vore nytta til ulike føremål, mellom anna som serverings- og overnattingsstad og til kontor for kulturverninstitusjonar.

Garden vart vald som kommunens 1000-årsstad i 2000.

Styrarar ved skulen

  • 1902-1932: Rasmus Stauri
  • 1932-1949: Lise Stauri
  • 1949-1972: Are Stauri
  • 1971-1972: Ole Vetldal saman med Are Stauri
  • Fyrste halvår 1972: Arne Bjerring Hansen
  • Andre halvår 1972-1973: Leiv Bjaastad
  • 1973-1976: Gunnar Kambestad
  • 1976-1977: Hallgjerd Brattset
  • 1977-1980: Leif Bjådal

Kjelder og litteratur

  • Stauri, Rasmus: Gudbrandsdalens Folkehøgskule i 25 år. 1902-1927. Oslo 1927.
  • Stauri, Rasmus jr.: «Gudbrandsdalens folkehøgskule 90 år», i Årbok for Gudbrandsdalen 1992, Dølaringen 1992.