Hylestad kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. aug. 2010 kl. 00:45 av Siri J (samtale | bidrag) (utvida litt)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Hylestad er ein tidlegare kommune i Setesdal i Aust-Agder. Den var ein del av Valle formannskapsdistrikt frå 1873 til 1. juli 1915, då den vart skild ut til en eigen kommune med kommunenummeret 0939. 1. januar 1962 vart kommunane Hylestad og Valle på ny slegne saman til Valle kommune. I løpet av desse åra hadde Hylestad hatt elve ordførarar.

Hylestad ligg lengst syd i Valle, og tettstaden Rysstad var kommunens senter. Kommunen var ved samanslåinga 570 km² stor[1] og folketalet hadde vakse frå 658 i 1915 til 662 i 1962.[2]

Namnet

Kommunen (opphaveleg soknet) fekk namn etter (preste)garden Hylestad eller Hyl(k)je, norrønt: Hyljastaðir. Den fyrste delen av namnet kjem frå hylja som tyder «kulp» (leddet kan visa til ein kulp i Otra) medan staðir tydar gard eller bustad.[3]

Kyrkje og trusliv

Sentralt på Rysstad ligg den nyaste av kyrkjene på Hylestad. Ho er den fyrste på denne tomta der ho vart bygd av Anders «Kirkebygger» Thorson Syrtveit i 1838. Den fyrste kyrkja på Hylestad nemnes fyrste gong i pavelege regnskap og dagbøker i 1328 (Ecclesia de Hulesta)[4]

Stavkyrkja stod nede ved elva Otra på garden Bjørgum frå omkring 1200 fram til ho vart riven i 1644. I staden kom ei lafta langkyrkje som blei ståande fram til 1838. På Nomeland ligg dessutan eit bedehus. Hylestad er ein del av Valle og Hylestad fellesråd i Otredal prosti.

Gardane

Frå gamalt av er det tolv gardar i bygda, det har vore minst tretten. Hylje låg truleg i området der Hovet, Haugen og Bjørgum ligg i 2010. Oppe i dalsida, vestafor Otra og midt i bygda ligg Brokke, Berg og Haugeland som har samnamnet Gardan.

Gardanes plassering frå syd til nord i bygda[5]
G.nr. Gard Ligging Fyrst
nemnd
Merknader
60 Oppstad heilt nord, vestafor Otra 1593 - fullgard
61 Haugeland nordafor Nomeland, synnafor Oppstad 1668 - skild ut frå Nomeland
ein av Gardan
62 Brokke nordafor Rysstad, vestafor Berg 1401 - Brekka ein av Gardan
63 Berg nordafor Rysstad, vestafor Nomeland til 1838 g.nr. 65
1838-1889 g.nr. 60
frå 1889 g.nr. 63.
ein av Gardan
64 Nomeland nordafor Rysstad, vestafor Otra 1601 - fullgard
65 Hovet nordafor Bjørgum, austafor Otra 1593 - fullgard
66 Haugen nordafor Bjørgum, vestafor Otra 1593 - fullgard
67 Bjørgum nordafor Straume, austafor Otra til 1838 g.nr. 61
1838-1889 g.nr. 64
frå 1889 g.nr. 67.
68 Rysstad nordafor Helle, vestafor Otra 1576 - Røssestadt 1593 - fullgard
69 Straume heilt syd, austafor Otra 1405 - Strvm 1593 - fullgard
til 1838 g.nr. 58
1838-1889 g.nr. 66
frå 1889 g.nr. 69.
70 Helle nordafor Besteland, vestafor Otra 1479 - i Hellee 1593 - 1623: fullgard
til 1838 g.nr. 63
1838-1889 g.nr. 67
frå 1889 g.nr. 70.
71 Besteland heilt sør, vestafor Otra 1437 - Bestaland 1601 - 1647: øydegaard
til 1838 g.nr. 66
1838-1889 g.nr. 68
frå 1889 g.nr. 71.

Kjelder og fotnoter

  1. «Hylestad» i Store Norske Leksikon (vitja 29. juni 2010)
  2. Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
  3. Nomeland, Tarald: «Gardsnamna i Valle og Hylestad» i Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad s. 317, 1983, ISBN 8290300077
  4. Ruud, Erling: «Kirkeliv og kirker» i Bygd og by i Norge: Agder, s. 316-317, Gyldendal 1977, ISBN 8205094063
  5. Om ikkje anna er angjeve: Ryningen, Alfred: Valle kommune I og II, Gards- og ættesoge Hylestad; Valle kommune 1985, ISBN 82999133408 og ISBN 82999133416.