Karl Braset

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. feb. 2022 kl. 01:31 av Stigrp (samtale | bidrag) (student i 1900)
Hopp til navigering Hopp til søk

Karl Braset (fødd 1880 i Sparbu (no Steinkjer kommune), død 1945) var lyrikar og folkeminnesamlar. Foreldra var gardbrukar Johan Kristian Braset (1844–1903) og Gurine Skei (1854–1910).

Han gav ut Sparbumaalet (1903). Seinare gav han ut to verdfulle samlingar av eventyr fra Trøndelag (1910), tre diktsamlingar og ei forteljing, alle på sparbumål. Han var fast korrespondent til Decorah-Posten.

Braset tok examen artium i 1900 og studerte i fire år realfag ved Universitetet. I Kristiania-tida var han med i Studentmållaget og var fyrste formannen i Målførenemnda i laget (skipa 1902). Han reiste heim til Sparbu etter realfagsstudia.

Han var tidleg interessert i bygdemålsgransking og gjekk i 1901 på eit lydskriftkurs hos professor Johan Storm. Da han samla opplysningar om sparbumålet, gjorde han dei første freistnadene som folkeminnesamlar. Moltke Moe oppmoda han til å halde fram arbeidet, og han hadde i fleire år stipend til innsamling av folkeminne.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!