Kvinner & familie (magasin)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. des. 2023 kl. 14:55 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile av forsiden til Husmoderen anno 1898.

Kvinner & familie er Norges Kvinne- og familieforbund sitt medlemsblad. Fyrste nummer kom ut i 1887 under namnet Husmoderen, dei to fyrste åra som eit gratis tillegg til Norsk Landmandsblad, som en tid hadde hatt en egen spalte "For Husmoderen".

I ei kunngjering i Norsk skoletidende frå 1888 står redaktøren for Landmandsbladet, Knut Knutsen Heje, og godseier Georg Rheinhold Wankel (1843–1907) som utgjevarar "under medvirken av flere dygtige husmødre".[1]

Heje selde i 1894 bladet til Nils Næss og Høydahl Ohme.[2] I 1901 overtok Bergine og Josephine Wold som eigarar.[2]

Husmoderen kom fyrst ut ein gong i månaden. Frå 1892 kom det kvar 14. dag og seinare kvar veke.

Bladet gjekk frå januar 1919 inn i det nystarta vekebladet Hjemmenes vel, som igjen gjekk inn i Husmorbladet frå 1929. Husmorbladet skifta namn til Kvinner & familie i 1997 og vert i dag (2018) utgitt tre gonger i året.

Kvinnene vert synlege

Nekrologen over Bertha Heje (f. Kjuus), skrive av statsråd Bernt Holtsmark, kan tyde på at mannen hennar, Knut, ikkje fungerte som redaktør i praksis. Holtsmark skriv at "redaksjonen blev tilbudt fru Heje" allerede da Husmoderen ble startet i 1887 og at hun påtok seg vervet "som hun med dyktighet og fremgang fortsatte inntil 1894, da tidsskriftet ble overtatt av nye eiere".[3] I følgje Morgenbladet fekk Heje og Wangel bistand frå Bertha Heje i 1887.[2]

Frå 1894 er ikkje lenger Knut K. Heje nemnd i Bokfortegnelsen, og året etter opptrer husmødrene med namn. Frå dette året trer også hovudredaktøren, Lina Lund, tydeleg fram. Året etter har Marie Jørstad tatt over og sit som redaktør fram til 1913.

I tillegg til dei formelle hovudredaktørane nemner Bokfortegnelsen følgjande kvinner som redaksjonsmedlemer mellom 1895 og 1900 (etter dette er berre redaktørane nemnd):

Redaktørar

Eksterne ressurser

Fotnoter

  1. Norsk skoletidende. Nr. 20. 1888. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. 2,0 2,1 2,2 Morgenbladet 1911.12.31. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Norsk hagetidend. 1933. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder