Lesja prestegjeld: Forskjell mellom sideversjoner
m (lenkeretting) |
|||
Linje 10: | Linje 10: | ||
Eldre kyrkjer i prestegjeldet, sjå under [[Stavkirker_i_Oppland|Stavkirker i Oppland]]. | Eldre kyrkjer i prestegjeldet, sjå under [[Stavkirker_i_Oppland|Stavkirker i Oppland]]. | ||
I stykket: [[ | I stykket: [[Indikasjoner p%C3%A5 udokumenterte kirker i Oppland]] er det òg nemnt nokre mulege eldre kyrkjestader i Lesja. | ||
I [[Eid kirke (Rauma)|Eid kyrkje]] står det ein døypefont med årstallet [[1519]] som skal vere frå Lesja. | I [[Eid kirke (Rauma)|Eid kyrkje]] står det ein døypefont med årstallet [[1519]] som skal vere frå Lesja. | ||
Linje 28: | Linje 28: | ||
*[[Jens Jensson d.y.]] vart prest etter far sin fram til han døydde i 1639. | *[[Jens Jensson d.y.]] vart prest etter far sin fram til han døydde i 1639. | ||
*[[Sigvart Engebretsson Munk]] frå [[Storhove]] i [[Fåberg]] (ca. 1590-1694) kom som [[huskapellan]] i 1636, styrte kallet frå 1639 og vart utnemnt til sokneprest i 1641. Døydde i Lesja 1694, 104 år gamal ifølgje Hiorthøy. Var av [[Munk-slekta]] frå [[Blakar]] i [[Lom]]. | *[[Sigvart Engebretsson Munk]] frå [[Storhove]] i [[Fåberg]] (ca. 1590-1694) kom som [[huskapellan]] i 1636, styrte kallet frå 1639 og vart utnemnt til sokneprest i 1641. Døydde i Lesja 1694, 104 år gamal ifølgje Hiorthøy. Var av [[Munk-slekta]] frå [[Blakar]] i [[Lom]]. | ||
*[[Christen Christenss. Gammelgaard]] (ca 1642-1731) overtok ifølgje [[Ivar Kleiven]] som sokneprest etter Munk i 1670. Men ifølgje Hiorthøy var Gammelgård kapellan heilt til Munk døydde, før han vart sokneprest frå 1695 til han gjekk av i 1724 og flytte til ei dotter i [[Gran]] og til sist til ei anna på [[Frisvoll, Eid|Frisvoll]] på [[Eid i Møre og Romsdal|Eid]]. | *[[Christen Christenss. Gammelgaard]] (ca 1642-1731) overtok ifølgje [[Ivar Kleiven]] som sokneprest etter Munk i 1670. Men ifølgje Hiorthøy var Gammelgård kapellan heilt til Munk døydde, før han vart sokneprest frå 1695 til han gjekk av i 1724 og flytte til ei dotter i [[Gran kommune|Gran]] og til sist til ei anna på [[Frisvoll, Eid|Frisvoll]] på [[Eid i Møre og Romsdal|Eid]]. | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== |
Sideversjonen fra 13. des. 2012 kl. 08:33
Lesja prestegjeld omfatta frå 1500-talet Lesja hovudsokn og Dovre annekssokn. Sist på 1600-talet vart Lesjaskog annekssokn etablert som følgje av oppbygginga av Lesja jernverk. Frå 1747 skulle sokneprestane i Lesja og Tynset skifte på å halde gudstenester i kyrkja i Folldalen, og Øvre Folldal vart etter kvart rekna som annekssokn under Lesja. I 1861 vart Øvre Folldal og Dovre (med Dombåsgrenda skilt ut frå Lesja prestegjeld som Dovre prestegjeld.
«Dette Giæld kan med Rette regnes til dem, som blandt alle i Norge har den vidløftigste Strækning ... » skreiv Gerhard Schøning i 1775.
Prestegjeldet har desse kyrkjene:
- Lesja kyrkje (bygd 1749)
- Lesjaskog kyrkje (bygd som verkskyrkje ved Lesja jernverk 1695-97, flytt til Lesjaskog 1855)
- Lesjaverk kyrkje (bygd 1964) på same tomt som den gamle verkskyrkja stod på til 1855
Eldre kyrkjer i prestegjeldet, sjå under Stavkirker i Oppland.
I stykket: Indikasjoner på udokumenterte kirker i Oppland er det òg nemnt nokre mulege eldre kyrkjestader i Lesja.
I Eid kyrkje står det ein døypefont med årstallet 1519 som skal vere frå Lesja.
Prestgarden (opphavleg namn: Hov) ligg like nedafor Lesja kyrkje.
Lesja prestegjeld høyrde til Gudbrandsdal prosti fram til 1871, deretter til Nord-Gudbrandsdal prosti. Frå reformasjonen til 1864 høyrde Lesja til Oslo bispedømme, deretter Hamar bispedømme.
Prestar i Lesja prestegjeld fram til 1724:
- Orm prest var vitne ved gardhandel i 1326.
- Gudbrand Gunnarsson nemnt som prest i Lesja i 1400 og 1417.
- Erik Olafsson nemnt som prest i Lesja ca 1450. Var prest på Fron før han kom hit.
- Olaf Jakobsson var prest i 1491.
- Olaf Jonsson Korne («Kånne») var i tenest frå før 1521 til ca 1556 og var siste katolske og fyrste protestantiske presten i Lesja. Etter Stockflet skulle han vera bondeson frå Stor-Tande.
- Svein var neste prest, kring 1560.
- Jens Jensson Staby visstnok frå Ribe i Danmark, var prest her frå ca 1570 til 1602 da han vart prost i Gudbrandsdalen og prest i Øyer.
- Jens Jensson d.y. vart prest etter far sin fram til han døydde i 1639.
- Sigvart Engebretsson Munk frå Storhove i Fåberg (ca. 1590-1694) kom som huskapellan i 1636, styrte kallet frå 1639 og vart utnemnt til sokneprest i 1641. Døydde i Lesja 1694, 104 år gamal ifølgje Hiorthøy. Var av Munk-slekta frå Blakar i Lom.
- Christen Christenss. Gammelgaard (ca 1642-1731) overtok ifølgje Ivar Kleiven som sokneprest etter Munk i 1670. Men ifølgje Hiorthøy var Gammelgård kapellan heilt til Munk døydde, før han vart sokneprest frå 1695 til han gjekk av i 1724 og flytte til ei dotter i Gran og til sist til ei anna på Frisvoll på Eid.
Kjelder
- Soknehistorikk for Oppland på arkivverket.no
- H. F. Hiorthøy 1785-86: Beskrivelse over Gulbransdalen Provstie i Aggershuus Stift i Norge, med Kobbere (koparstikk). Ny utgåve Lokalhistorisk Forlag 1990.
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn 1996: Bygdebok for Lesja bd 3. Gards- og slektshistorie for søre del av Lesja hovudsokn s. 35-37.
- Kleiven, Ivar 1923: Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Lesja og Dovre