Lesjaskog bank- og kommunehus: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
*{{EinbuSkotte1949}} s. 144ff. | *{{EinbuSkotte1949}} s. 144ff. | ||
[[Kategori: Lesjaskog | [[Kategori:Lesjaskog]] | ||
[[Kategori:Lesja kommune]] | [[Kategori:Lesja kommune]] | ||
[[Kategori:Rådhus]] | [[Kategori:Rådhus]] | ||
{{artikkelkoord|62.23306433|N|8.35537911|Ø}} | {{artikkelkoord|62.23306433|N|8.35537911|Ø}} | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 1. jun. 2023 kl. 07:46
Lesjaskog bank- og kommunehus vart bygd kring 1930 som eit samarbeidsprosjekt mellom Lesjaskog soknekommune og Lesjaskog Sparebank. I 1927 sette soknestyret av midlar til oppføring av eit kommunehus for Lesjaskog sokn, og i 1928 vart sokne- og bankstyret samde om å føre opp eit felles hus for den kommunale verksemda og bankverksemda.
Huset vart oppført med tømmermaterialer gjeve av gardbrukarane i soknet. I reine pengar kosta huset kr 29.495 da det stod ferdig i 1931. Det første heradsstyremøtet vart halde her 12. januar 1932.
I huset var det i første høgda banklokale for Lesjaskog Sparebank fram til den vart innfursjonert i Gudbrandsdal Sparebank i 1981, og deretter i seinare fusjonerte bankar fram til 1996. Så var det rekneskapskontor fram til 20__. I nokre år var det òg telefonsentral her. I andre høgda var det fest- og møtesal og sjukepleiarhusvere. Banken kjøpte huset i 1972 og gjorde andre høgda om til leilegheit for direktøren.
Kring 1995 vart huset seld til private.
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen. Utg. Lesja kommune. 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket s. 308 og 312.
- Skotte, Ola og Sigurd Einbu 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna. Lesja kommune Digital versjon på Nettbiblioteket s. 144ff.