Narvestad (Kvinesdal gnr. 170): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Teksterstatting – «fylke = Vest-Agder» til «fylke = Agder»)
(Meir info)
Linje 28: Linje 28:
<onlyinclude>Narvestad er den sørlegaste av gardane i Vesterdalen i Fjotland sokn. Hovudbølet låg frå gamalt av på vestsida av [[Kvina]], medan nybruk blei reist på elvesletta på austsida av elva midt på 1800-talet.
<onlyinclude>Narvestad er den sørlegaste av gardane i Vesterdalen i Fjotland sokn. Hovudbølet låg frå gamalt av på vestsida av [[Kvina]], medan nybruk blei reist på elvesletta på austsida av elva midt på 1800-talet.


Slettene på kvar side av elva ligg imot bratte skråningar med Nonansheia i aust og Hoskuldshomheia i vest. Nonansheia markerer grensa til Helle, som ligg omkring garden i nord og aust, medan garden har skogområde heilt inn mot grensa til Gyland sokn i Flekkefjord i vest. I sør grensar garden til Røyseland, noko som også var den gamle kommunegrensa mellom Fjotland og Kvinesdal kommunar. I nord grensar også Narvestad til [[Spikkeland (Kvinesdal gnr. 173)|Spikkeland]].
Slettene på kvar side av elva ligg imot bratte skråningar med Nonansheia i aust og Hoskuldshomheia i vest. Nonansheia markerer grensa til [[Helle (Kvinesdal gnr. 171)|Helle]], som ligg omkring garden i nord og aust, medan garden har skogområde heilt inn mot grensa til Gyland sokn i Flekkefjord i vest. I sør grensar garden til Røyseland og Ryggesås, noko som også var den gamle kommunegrensa mellom Fjotland og Kvinesdal kommunar. I nord grensar òg Narvestad til [[Spikkeland (Kvinesdal gnr. 173)|Spikkeland]].


Kvednebekkjen renn ut i Kvina ved Narvestad. Følgjer ein denne bekken motstraums nordvest via Ragnhildhola, kjem ein til Narvestadstølen og vidare til Spikkeland.</onlyinclude>
Kvednebekkjen renn ut i Kvina ved Narvestad. Følgjer ein denne motstraums nordvest via Ragnhildhola, kjem ein til Narvestadstølen og vidare til Spikkeland.</onlyinclude>


== Gardsnamnet ==
== Gardsnamnet ==
Narvestad er avleia av mannsnamnet Narve, og viser helst til ein grunnleggjar eller rydningsmann. Gardsnamnet er kjend frå [[Narvestad|fleire plassar]] i Noreg, men då mest på Austlandet, mellom anna i Trøgstad, Aurskog-Høland og Rælingen.
Narvestad er avleia av mannsnamnet Narve. Namn i fyrste lekken viser ofte til ein grunnleggjar eller ryddingsmann. Gardsnamnet er kjent frå [[Narvestad|fleire plassar]] i Noreg, men då mest på Austlandet, mellom anna i Trøgstad, Aurskog-Høland og Rælingen.


–stad-endinga tyder «bustad» eller «grunn der bustad ligg el. kan liggje». Endinga fortel også at garden blei rydda og fekk namnet i førkristen tid. Av 2500 stad-gardar i Noreg er det berre eit eksempel på ein –stadgard med bibelsk fornamn i fyrste stavinga. Narve finn ein då også igjen i norrøn mytologi som son til Loke og Signy.
Endinga –stad tyder «bustad» eller «grunn der bustad ligg el. kan liggja». Endinga fortel òg at garden blei rydda og fekk namnet i førkristen tid. Av 2500 stad-gardar i Noreg er det berre eit eksempel på ein –stadgard med bibelsk fornamn i fyrste stavinga.<ref>Norsk stadnamnleksikon; stad. </ref> Narve finn ein då også igjen i norrøn mytologi som son til Loke og Signy.


I heile dagens Kvinesdal er det få namnegardar med –stad-ending, sjølv om dette er ei relativt vanleg namneending på Vest-Agder. Det er også verdt å nemne at av dei –stad-gardane som finst i Kvinesdal blei fleire av dei delt i fleire bruk allereie i middelalderen. Noko som tyder på at dette er av dei eldste gardane i bygda sett bort frå gardane med namn etter natur- og landskapsformer. Kanskje hadde han Narve kome sørover med ein gardpart frå Helle.
I heile noverande Kvinesdal er det få namnegardar med endinga–stad, sjølv om dette er ei relativt vanleg namneending på Vest-Agder. Av dei –stad-gardane som finst i Kvinesdal blei fleire av dei delte i fleire bruk allereie i mellomalderen. Noko som tyder på at dette er av dei eldste gardane i bygda sett bort frå gardane med namn etter natur- og landskapsformer. Narvestad kan ha vore utskild frå [[Helle (Kvinesdal gnr. 171)|Helle]] eller [[Kvinlaug nedre (Kvinesdal gnr. 172)|Nedre Kvinlog]].


I 1594, 1611 og 1647 var skriveforma Narffuestad, som også er den mest vanlege skriveforma sett bort frå dagens Narvestad. I 1665 finn vi Narwestad.
I 1594, 1611 og 1647 var skriveforma Narffuestad, som også er den mest vanlege skriveforma sett bort frå dagens Narvestad. I 1665 finn vi Narwestad.


== Livsgrunnlag ==
== Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag ==
Narvestad blei i 1661 oppgitt til å ha ein flomkvern og skog til små bjelkar og ved.
Narvestad blei i 1661 oppgjeven til å ha ein flaumkvern og skog til små bjelkar og ved.


I 1723 blei garden beskrive som ein «Landgård i sol- og bakli, lett og tungvunnen», samtidig tok han skade av «elvens brudd» i vårløysinga og andre flaumar. I følgje matrikuleringa hadde dei ein liten støl og «skog til brensel, husbehov og noe til utsalg». Dette var vel ei underdriving. Ifølge Jerstad blei det sagt det var så mykje skog før på Narvestad at dei kunne ikkje bli fattige der. Ei av utfordringane med å bruke matrikuleringsforretningane som kjelde er nettopp at bøndene gjerne gav opp det absolutte minimum av det dei åtte, for å få ei lågast muleg taksering og med det lågare skatt. (Sjå elles innleiing i bind 1)
I 1723 blei garden beskrive som ein «Landgård i sol- og bakli, lett og tungvunnen», samstundes tok han skade av «elvens brudd» i vårløysinga og andre flaumar. I følgje matrikuleringa hadde dei ein liten støl og «skog til brensel, husbehov og noe til utsalg». Dette var vel ei underdriving. Ifølge Jerstad blei det sagt det var så mykje skog før på Narvestad at dei kunne ikkje bli fattige der.<ref>Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: ''Gards- og ættesoge : Fjotland''. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2016060848154}}, s. 288</ref> Ei av utfordringane med å bruke matrikuleringsforretningane som kjelde er nettopp at bøndene gjerne gav opp det absolutte minimum av det dei åtte, for å få ei lågast mogleg taksering og med det lågare skatt.


Tabellen syner kor mykje korn og poteter som blei sådd.
Tabellen syner kor mykje korn og poteter som blei sådd.
Linje 61: Linje 61:
|
|
|-
|-
|Poteter
|Jordeple
|<nowiki>-</nowiki>
|<nowiki>-</nowiki>
|<nowiki>-</nowiki>
|<nowiki>-</nowiki>
Linje 67: Linje 67:
|
|
|-
|-
|Hester
|Hestar
|1
|1
|1
|1
Linje 88: Linje 88:
== Kulturminne ==
== Kulturminne ==
[[Fil:Narvestad 170.jpg|miniatyr|665x665px|Dei to bruka på austsida av Kvina.]]
[[Fil:Narvestad 170.jpg|miniatyr|665x665px|Dei to bruka på austsida av Kvina.]]
Då dei skulle grave ut tomta til dagens våningshus på bruk 4 i 1969, blei det funne eit spinnehjul av grå kleberstein. Overflata var nokså mykje forvitra og skada med skår og groper. Hjulet hadde ornering på begge sider og var utforma som eit kors med armane som doble streker ut frå holet. Dateringa er uviss.
Då dei skulle grava ut tomta til dagens våningshus på bruk 3 i 1969, blei det funne eit spinnehjul av grå kleberstein. Overflata var nokså mykje forvitra og skada med skår og groper. Hjulet hadde ornering på begge sider og var utforma som ein kross med armane som doble strekar ut frå holet. Dateringa er uviss.


Den tidlegare Farbrauna, som var ei jernfagverksbru ved Grøndokka i Lyngdal, og det eine spennet av den tidlegare Klevelandsbrauna i Finsland/Laudal blei frakta hit i 1967 og bygde opp att her. På dei opphavlege bruplassane var bruene frå 1880-åra.
Den tidlegare Farbrauna, som var ei jernfagverksbru ved Grøndokka i Lyngdal, og det eine spennet av den tidlegare Klevelandsbrauna i Finsland/Laudal blei frakta hit i 1967 og bygde opp att her. På dei opphavlege bruplassane var bruene frå 1880-åra.


Det er også registrert restar etter kvernhus og sager i lia over Narvestad jamt med faret til åna frå Stemtjødna.  
Det er også registrert restar etter kvernhus og sager i lia over Narvestad jamt med faret til Stemmen.<ref>Kulturminnesøk.no; Narvestad</ref>


== Matriklar og folketal ==
== Matrikkel ==
Narvestad har hatt eit stabilt skyldtal i heile perioden vi har kjelder frå. I samband med innkrevjinga av skatten til vedlikehald av Akershus slott i 1594, blei Narvestad oppførd i den såkalla skatteklassen «Halff gordt» (halve garder) og betala skatt deretter. I 1639 hadde Narvestad «rykka ned eit hakk» til øydegardsklassa, som svara ein lågare skattetakst. Narvestad blei rekna som øydegard heilt fram til ein gjekk bort i frå dette skatteklassesystemet.
Narvestad har hatt eit stabilt skuldtal i heile perioden vi har kjelder frå. I samband med innkrevjinga av skatten til vedlikehald av Akershus slott i 1594, blei Narvestad oppført i den såkalla skatteklassen «Halff gordt» (halve garder) og betala skatt deretter. I 1639 hadde Narvestad «rykka ned eit hakk» til øydegardsklassa, som svara ein lågare skattetakst.
{| class="wikitable"
{| class="wikitable"
|+Matrikler, skyld og brukstal
|+Matrikler, skyld og brukstal
Linje 140: Linje 140:
<nowiki>*</nowiki>tal på oppsitjarar
<nowiki>*</nowiki>tal på oppsitjarar


1665 blei det registrert 5 mannspersonar som høyrde til Narvestad. 200 år seinare, i 1865, budde det 26 personar her, medan dette talet auka enno meir fram mot hundreårsskiftet.
== Folketal ==
1665 blei det registrert fem mannspersonar som høyrde til Narvestad. 200 år seinare, i 1865, budde det 26 personar her, medan dette talet auka enno meir fram mot hundreårsskiftet. I 2020 bur det 14 personar på garden.
 
Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)
{| class="wikitable"
{| class="wikitable"
|+Tal på bebuarar
|1665
|1665
|1769
|1769
Linje 155: Linje 157:
|26
|26
|37
|37
|
|33
|}
|}
M=Berre menn blei talde
== Eigedomsforhold ==
Ved inngangen til 1600-talet var Narvestad krongods, altså eid av kongen. Oppsitjarane måtte betala landskylda si til kongen. Kongens godssamling skreiv seg tilbake til rikssamlingskampane på 1000- og 1100-talet og var oftast konfiskeringar frå beseira motstandarar, men lite veit vi om korleis Narvestad hamna på kongen sine hendar. Kyrkja satt òg med store godssamlingar, og mykje var gåver frå kongsmakta og adelen. Etter store krigsutgifter gjennom 1600-talet fekk kongsmakta likviditetsproblem, og det meste av krongodset blei selt innan utgangen av hundreåret. Mykje gjekk til velståande borgarar og kjøpmenn som kunne stille med kontantar, og noko av dette igjen utgjer framleis store godssamlingar i dag. Ein god del mindre gods fekk bøndene på gardane sjølv kjøpa.


== Eigedomsforhold ==
Kong Fredrik 3. selde Narvestad til den danske oberstløytnanten Andreas Willichen i ein større eigedomstransaksjon 5. januar 1669.<ref>http://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-01000001034098</ref> Willichen heldt til i København, og selde mange av eigedomane vidare med ein gong. Alt same år, 1669, var sokneprest Peder Godtzen blitt eigar. Han selde vidare i 1672. I 1690 eigde bøndene Jens og Søren kvar sin part.  
Ved inngangen til 1600-talet var Narvestad krongods, altså eid av kongen. Oppsitjarane måtte betale landskylda si til kongen. Kongens godssamling skreiv seg tilbake til rikssamlingskampane på 1000- og 1100-talet og var oftast konfiskeringar frå beseira motstandarar, men lite veit vi om korleis Narvestad hamna på kongens hender. Også kyrkja satt med store godssamlingar og mykje var gåver frå kongsmakta og adelen. Etter store krigsutgifter gjennom 1600-talet fekk Kongen likviditetsproblem, og det meste av krongodset blei seld innan utgangen av hundreåret. Mykje gjekk til velståande borgarar og kjøpmenn som kunne stille med kontantar, noko av dette igjen utgjer framleis store godssamlingar i dag. Ein god del mindre gods fekk bøndene på gardane sjølv kjøpe.


Kong Fredrik 3. selde Narvestad til den danske oberstløytnanten Andreas Willichen i ein større eigedomstransaksjon 5. januar 1669.<ref>http://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-01000001034098</ref> Willichen heldt til i København, og selde mange av eigedomane vidare med ein gong. Alt same år, 1669, var sokneprest Peder Godtzen blitt eigar.
Gardparten på austsida av Kvina skal i følgje tradisjonen ha kome til Narvestad frå [[Helle (Kvinesdal gnr. 171)|Helle]] som ei faddergåve. Stykket var teigdelt, men blei samla ved utskifting i 1860.  


== Delingar og utskiftingar ==
== Delingar og utskiftingar ==
[[Fil:Narvestad 170-4.jpg|miniatyr|Dør ude (bnr. 4) fotografert i 1995]]
[[Fil:Narvestad 170-4.jpg|miniatyr|Dør ude (bnr. 4) fotografert i 1995]]
Det gamle hovudbølet på Narvestad låg på vestsida av Kvina og blei delt omkring 1630 mellom brørne Olav og Jens i Dør inne og Dør nere. Jens beheldt dei gamle hustuftene på Dør inne. I 1649 hadde gardpartane kvar ei skyld på 9 engelsk.  
Det gamle hovudbølet ''Dør heima'' på Narvestad låg på vestsida av Kvina og blei delt omkring 1630 mellom brørne Olav og Jens i ''Dør heima'' og ''Dør nere''. Jens fekk dei gamle hustuftene på ''Dør heime''.<ref>Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: ''Gards- og ættesoge : Fjotland''. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2016060848154}}, s. 288</ref> I 1649 hadde kvar av gardpartane ei skuld på 9 [[Leksikon:Engelsk|engelsk]]. Olav og Jens leigde av Kongen.  


I 1843 reiste Abraham Svendsen nybruk på austsida av Kvina. Nybruket, som fekk namnet Dør inne, blei seinare bruksnummer 3, medan dei gamle tuftene på Dør nere blei ein del av seinare bruksnummer 5.  
I 1843 reiste Abraham Svendsson nybruk på austsida av Kvina. Nybruket, som fekk bruksnamnet ''Dør borte'', blei ein del av seinare bruksnummer 3, medan dei gamle tuftene på vestsida ''Dør nere'' gjekk til det seinare bruksnummer 5.  


I 1860 var det utskifting mellom dei tre bruka.
I 1860 var det utskifting mellom dei tre bruka.


I 1868 blei Dør ude (bnr. 4) skild ut frå Dør inne (bnr. 3) på austsida av Kvina.
I 1868 blei den sørlege delen av bnr. 3 (''Dør borte'') på austsida av Kvina skild ut til bnr. 4 ''Dør ude''.


Dør framme (bnr. 2) blei utskild frå Dør inne (bnr. 1) på vestsida av Kvina i 1883. I 1987 blei det gamle hovudbølet Dør inne (bruk 1) delt mellom Dør ude (bnr. 4) og Dør nere (bnr. 5). Dei gamle tuftene følgde Dør nere (bnr. 5) og blei utskild med eige bruksnr. 9 i 2004. Eigedommen vert nytta som fritidsbustad i dag. Det blei utskild ei bustadtomt som bruksnr. 10 i 2005.
''Dør framme'' (bnr. 2) blei utskild frå ''Dør heima'' (bnr. 1) på vestsida av Kvina i 1883.
 
I 1987 blei det gamle hovudbølet ''Dør heima'' (bruk 1) delt mellom ''Dør ude'' (bnr. 4) og ''Dør nere'' (bnr. 5). Dei gamle tuftene følgde ''Dør nere'' (bnr. 5) og blei utskilde med eige bruksnr. 9 i 2004. Eigedommen blir nytta som fritidsbustad i dag. Det blei òg utskilt ei bustadtomt som bruksnr. 10 i 2005.
==Bruk og eigedomar==
==Bruk og eigedomar==


Linje 197: Linje 201:
|}
|}


{{Kvinesdal bygdebok nn}}
== Eigarar og brukarar ==
 
=== Dør heima ===
'''Lnr. 644/bnr. 1'''
 
''Narvestad 46''
 
* '''Per (n. 1594)''' er den første me høyrer om frå Narvestad i ei skatteliste frå 1594. Han kan ha vore far til Kari eller Søren.
 
-
 
* '''Søren (n. 1611- d. 1628)'''
* '''Kari''' (-1648)
** Atlak (n. 1611) Soldat 1611.
** '''Jens (1614-1701) Sjå nedanfor'''
** Olav (1616-) Sjå bruk 5
** Lars (f. 1624-n. 1701) g. 1. g. m. Magnhild Knudsdotter Ryggesås (-1677), g. 2. g. m. Ingrid Olesdotter (-1695), g. 3 g. m. Anne Staalesdotter (-1698). Sjå Ryggesås
 
Det er usikkert kvar Søren og Kari kom i frå. Dei kan begge ha vore barn av Per som er nemnd ovanfor. Det var ingen annan slekt i Fjotland som brukte namnet Søren, så han kan òg ha kome utanfrå. Søren var på den tida eit dansk namn som ikkje var så vanleg å nytta i Norge.
 
Då Kari døydde delte sønene garden og Jens blei sitjande med dei eldste tuftene Dør heima.
 
-
 
* '''Jens Sørensson (1614-1701)'''
** Søren (f. 1642-n. 1664)
** Tron (f. 1646- n. 1664)
** Eiel (-1698) g. m. Gunhild Hujesdotter (n. 1698). Sjå Rafoss
** Per (- 1701) g.m. Ingeborg Rolfsdotter (-1724). Sjå Skjekkeland
** '''Anders (n. 1701) Sjå nedanfor'''
** Maria (n. 1701) g. m. Tore Knibestøl. Sjå [[Knibestøl (Kvinesdal gnr. 217)|Knibestøl]]
** Tøri (n. 1701) g. m. Staale Ommundsson Røynestad. Sjå Øvre Røynestad
 
Det kan sjå ut til at Jens og Olav kjøpte kvar sin part av soknepresten Peder Godtzen i 1672. Sjå meir om Olav sin part under bnr. 5.
 
-
 
* '''Anders Jensson (1659- n. 1718)'''
* '''Åse Osmundsdotter Øvre Røynestad'''
** '''Jens (1683-n.1751) Sjå nedanfor'''
** Ingeborg g. 1713 m. Knut Stålesson Røyseland. Sjå Røyseland
 
Begge borna gifta seg med kvar sin bror og syster frå Røyseland.  
 
-
 
* '''Jens Andersson (1683-n. 1751)'''
* '''g. 1713 m. Ingeborg Stålesdotter Røyseland (n. 1751)'''
** Ingeborg (1714-)
** Åse (1718-) Ugift i England i 1751
** Ingeborg (1720-1804) g. 1754 m. Atlak Torkildsson Øvre Røynestad (1720-1806) Sjå Ytre Røynestad
** Anders (1722-) g. 1751 m. Jorunn Tronsdotter (1720-1800)
** Ståle (1724-) Til sjøs i 1751
** Birgitte (1725-1795) g. 1756 m. Bjørn Reidarsson Veggeland (1725-) Sjå Veggeland. Til Kristiansand
** Knud (1729-n. 1751)
 
Jens og Ingeborg var på Narvestad fram til etter 1722. Då Ingeborgs bror Knut Stålesson Røyseland, som var gift med Jens syster Ingeborg, døydde overtok Jens og Ingeborg bruket deira på Røyseland og flytta dit. Les meir om etterslekta der. Jens dreiv garden på Narvestad ei tid, men selde i 1759 til son av syskenbarnet sitt: Eiel Persson Rafoss
 
-
 
* '''Eiel Persson Rafoss (1712-1798)'''
* '''Anna Torusdotter Helle (1753-1787)'''
** '''Jørgen (1754-1810) Sjå nedanfor'''
** Per (1755-1812) g. 1790 m. Karen Jakobsdotter Tjørsvåg i Nes, Flekkefjord (1773-n. 1816). Per bruka namnet Rafoss. Han var kjøpmann i 1801. Til Flekkefjord
 
Eiel kom frå Rafoss og var soneson til Eiel Jensson som kom til Rafoss frå Narvestad på slutten av 1600-talet. Anna var opphaveleg frå [[Helle (Kvinesdal gnr. 171)|Helle]] og hadde vore gift med Jørgen Osusson Liknes, frå Egenes. I Liknes hadde dei hatt vertshus og ho blei kalla «Anna i Neset».
 
-
 
* '''Jørgen Eielsson (1754-1810)'''
* '''g. 1783 m. Dorte Toresdotter Nedre Kvinlog (1766-1818)'''
** Eiel (1784-1786)
** Anna (1788-) g. 1817 m. Lars Jakobsson Gyland (1792-1835) Til Baskår. Han gifta seg andre gong med Anne Marie Fredriksdotter Solberg, og kom dit.
** Joren (1791-1824) g. 1811 m. Ola Jakobsson Gyland (1789-1859). Til Gyland (Sjå Gyland s. 18)
** Eiel (1794-1800)
** '''Tore (1797-1853) Sjå nedanfor'''
** Tønnes (1800-1822)
** Eiel (1803-1837) g. 1832 m. Ingeborg Olsdotter Ytre Haugland (1810-1898) Sjå Borhom
** Jørgen (1806-1868) g. 1828 m. Tora Svendsdotter Nedland (1802-1893) Sjå bruk 5
 
Dorte gifte seg andre gong i 1812 med Gunnu Olsson Øvre Kvinlog (1768-1824). Dei kom til Øvre Kvinlog og overlot garden på Narvestad til Tore Jørgensson.
 
-
 
* '''Tore Jørgensson (1797-1853)'''
* '''g. 1819 m. Ingrid Svensdotter Nedland, frå Gyland (1799-1875)'''
** Dorthe (1820-1887) g. 1843 m. Ståle Toresson Knaben (1814-1886). Sjå Knaben
** Ingrid (1823-1904) g. 1849 m. Tobias Stålesson Versland (1819-1894). Sjå Versland
** Anna Tonetta (1826-1869) g. 1850 m. Tormund Jonsson Stakkeland (1821-1878). Sjå [[Stakkeland (Kvinesdal gnr. 179)|Stakkeland]]
** '''Jørgen (1829-1882) Sjå nedanfor'''
** Joren (1833-1905) g. 1860 m. Tobias Tollaksson Røyseland (1838-1914). Sjå Røyseland
** Anna (1835-1904) g. 1856 m. Jakob Børelsson Lindeland (1830-1910). Til [[Lindeland (Kvinesdal gnr. 181)|Lindeland]] og Geiskeli u/Øvre Kvinlog. Nemnd i Geiskeli.  
** Elisabeth (1838-1911) g. 1860 m. Jørgen Olsson Gyland (1819-1907). Til Gyland
** Sven (1841-1842)
** Sven (1843-1889) g. 1868 m. Gunhild Tonette Tobiasdotter Slimestad (1843-) Sjå bruk 4
** Peder Elias (1846-1917) g. 1. g. 1867 m. Ingeborg Olsdotter Risøy (1842-1904) g. 2. g. m. Anne Andreasdotter Norås (1855-1946). Sjå Stakkeland
 
Ingrid var frå Nedland i Gyland. Ho og Tore tok [[Føderåd|folge]] i 1852 og overdrog garden til sonen Jørgen Toresson.
 
-
 
* '''Jørgen Toresson (1829-1882)'''
* '''g. 1853 m. Ingeborg Tollaksdotter Åsen (1830-1896)'''
** '''Tore (1854-1900) Sjå nedanfor'''
** Tønnes (1857-1940) g. 1883 m. Lise Sofie Samuelsdotter Sindland (1883-1947). Sjå bruk 2
** Svend (1860-1942) g. 1890 m. Anne Karine Matiasdotter Knibestøl (1864-1931). Sjå bruk 2
** Peder Johan (1863-1863)
** Peder Johan (1865-) Til USA i 1886. Levde i 1946
** Ingrid (1868-1953) g. 1896 m. Karl Johan Larsson Kvinlaug (1857-1921). Sjå [[Kvinlaug nedre (Kvinesdal gnr. 172)|Nedre Kvinlog]]
 
Jørgen og Ingrid delte garden mellom dei to eldste sønene rett før Jørgen døydde i jola 1882. Tønnes fekk det som blei bruk nr. 2, ''Dør framme,'' medan dette bruket, nemnt Strand i pantedokumenta, med dei gamle tuftene, gjekk til Tore.
 
-
 
* '''Tore Jørgensson (1854-1900)'''
* '''g. 1883 m. Anne Marie Knutsdotter Ribås (1857-1934)'''
** Ingeborg (1883-1884) Tvilling.
** Maria (1883-) Tvilling. Til USA i 1902
** Ingeborg (1886-1886)
** Jørgen (1887-) Til USA i 1905
** '''Knut (1890-1973) Sjå nedanfor'''
** Ingeborg (1893-1904) Døydde ni år gamal. I kyrkjeboka står «ondt i halsen» som dødsårsak.  
** '''Torvald Alfred (1897-1983) Sjå nedanfor'''
 
Dei to brørne Torvald Alfred og Knut overtok garden. Etter fyrstnemndes død i 1983 blei Magnar Kvinlaug eigar, men i 1987 blei garden med innmark og utmark delt på bruk 4 og 5. Huset fylgde bruk 5, men blei skilt ut som eige bruksnr. 9 i 2004. Bustaden blir i dag nytta som fritidsbustad.
 
-
 
=== Dør framme ===
'''Bruk 2/lnr. 644b'''
 
''Narvestad 57''
 
''Utskild frå bruk 1 i 1883''
 
Dette bruket er den andre parten av ''Dør heima'' som blei delt mellom brørne Tore og Tønnes (sjå bruk 1) i 1883. Bruket fekk namnet Skei i pantedokumenta. Første brukar etter delinga var Tønnes Jørgensson.
 
- {{Kvinesdal bygdebok nn}}


[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Garder]]
Linje 204: Linje 345:
{{nn}}
{{nn}}
{{F2}}
{{F2}}
== Litteratur og kjelder ==
<references />
<references />

Sideversjonen fra 26. okt. 2021 kl. 08:39

Narvestad
Narvestad 170-1.jpg
Gamla huset på Narvestad frå ca. 1930
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 170
Ant. bruksnr.: 10 (2018)
Type: Matrikkelgard

Narvestad er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 170. Han hadde tidlegare gnr. 1 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 172 og gamalt matrikkelnummer 316.

Geografi

Narvestad er den sørlegaste av gardane i Vesterdalen i Fjotland sokn. Hovudbølet låg frå gamalt av på vestsida av Kvina, medan nybruk blei reist på elvesletta på austsida av elva midt på 1800-talet.

Slettene på kvar side av elva ligg imot bratte skråningar med Nonansheia i aust og Hoskuldshomheia i vest. Nonansheia markerer grensa til Helle, som ligg omkring garden i nord og aust, medan garden har skogområde heilt inn mot grensa til Gyland sokn i Flekkefjord i vest. I sør grensar garden til Røyseland og Ryggesås, noko som også var den gamle kommunegrensa mellom Fjotland og Kvinesdal kommunar. I nord grensar òg Narvestad til Spikkeland.

Kvednebekkjen renn ut i Kvina ved Narvestad. Følgjer ein denne motstraums nordvest via Ragnhildhola, kjem ein til Narvestadstølen og vidare til Spikkeland.

Gardsnamnet

Narvestad er avleia av mannsnamnet Narve. Namn i fyrste lekken viser ofte til ein grunnleggjar eller ryddingsmann. Gardsnamnet er kjent frå fleire plassar i Noreg, men då mest på Austlandet, mellom anna i Trøgstad, Aurskog-Høland og Rælingen.

Endinga –stad tyder «bustad» eller «grunn der bustad ligg el. kan liggja». Endinga fortel òg at garden blei rydda og fekk namnet i førkristen tid. Av 2500 stad-gardar i Noreg er det berre eit eksempel på ein –stadgard med bibelsk fornamn i fyrste stavinga.[1] Narve finn ein då også igjen i norrøn mytologi som son til Loke og Signy.

I heile noverande Kvinesdal er det få namnegardar med endinga–stad, sjølv om dette er ei relativt vanleg namneending på Vest-Agder. Av dei –stad-gardane som finst i Kvinesdal blei fleire av dei delte i fleire bruk allereie i mellomalderen. Noko som tyder på at dette er av dei eldste gardane i bygda sett bort frå gardane med namn etter natur- og landskapsformer. Narvestad kan ha vore utskild frå Helle eller Nedre Kvinlog.

I 1594, 1611 og 1647 var skriveforma Narffuestad, som også er den mest vanlege skriveforma sett bort frå dagens Narvestad. I 1665 finn vi Narwestad.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

Narvestad blei i 1661 oppgjeven til å ha ein flaumkvern og skog til små bjelkar og ved.

I 1723 blei garden beskrive som ein «Landgård i sol- og bakli, lett og tungvunnen», samstundes tok han skade av «elvens brudd» i vårløysinga og andre flaumar. I følgje matrikuleringa hadde dei ein liten støl og «skog til brensel, husbehov og noe til utsalg». Dette var vel ei underdriving. Ifølge Jerstad blei det sagt det var så mykje skog før på Narvestad at dei kunne ikkje bli fattige der.[2] Ei av utfordringane med å bruke matrikuleringsforretningane som kjelde er nettopp at bøndene gjerne gav opp det absolutte minimum av det dei åtte, for å få ei lågast mogleg taksering og med det lågare skatt.

Tabellen syner kor mykje korn og poteter som blei sådd.

Jordbruk og husdyrhald
1665 1723 1865 1939
Korn 3 ¾ t 7 t 12 t
Jordeple - - 15 ½ t
Hestar 1 1 3
Storfe 9 10 15
Småfe 12 30 73

Kulturminne

Dei to bruka på austsida av Kvina.

Då dei skulle grava ut tomta til dagens våningshus på bruk 3 i 1969, blei det funne eit spinnehjul av grå kleberstein. Overflata var nokså mykje forvitra og skada med skår og groper. Hjulet hadde ornering på begge sider og var utforma som ein kross med armane som doble strekar ut frå holet. Dateringa er uviss.

Den tidlegare Farbrauna, som var ei jernfagverksbru ved Grøndokka i Lyngdal, og det eine spennet av den tidlegare Klevelandsbrauna i Finsland/Laudal blei frakta hit i 1967 og bygde opp att her. På dei opphavlege bruplassane var bruene frå 1880-åra.

Det er også registrert restar etter kvernhus og sager i lia over Narvestad jamt med faret til Stemmen.[3]

Matrikkel

Narvestad har hatt eit stabilt skuldtal i heile perioden vi har kjelder frå. I samband med innkrevjinga av skatten til vedlikehald av Akershus slott i 1594, blei Narvestad oppført i den såkalla skatteklassen «Halff gordt» (halve garder) og betala skatt deretter. I 1639 hadde Narvestad «rykka ned eit hakk» til øydegardsklassa, som svara ein lågare skattetakst.

Matrikler, skyld og brukstal
1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 53 316 172 1 170 170
skyld 1 ½ h 1 ½ h 1 ½ h 1 h 6 eng 1 h 6 eng 3d, 4 ort, 60 sk. - -
Ant. bruk 1 1 2* 2 2 5 5 10

*tal på oppsitjarar

Folketal

1665 blei det registrert fem mannspersonar som høyrde til Narvestad. 200 år seinare, i 1865, budde det 26 personar her, medan dette talet auka enno meir fram mot hundreårsskiftet. I 2020 bur det 14 personar på garden.

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1769 1801 1865 1900 1920
5M 11 26 37 33

Eigedomsforhold

Ved inngangen til 1600-talet var Narvestad krongods, altså eid av kongen. Oppsitjarane måtte betala landskylda si til kongen. Kongens godssamling skreiv seg tilbake til rikssamlingskampane på 1000- og 1100-talet og var oftast konfiskeringar frå beseira motstandarar, men lite veit vi om korleis Narvestad hamna på kongen sine hendar. Kyrkja satt òg med store godssamlingar, og mykje var gåver frå kongsmakta og adelen. Etter store krigsutgifter gjennom 1600-talet fekk kongsmakta likviditetsproblem, og det meste av krongodset blei selt innan utgangen av hundreåret. Mykje gjekk til velståande borgarar og kjøpmenn som kunne stille med kontantar, og noko av dette igjen utgjer framleis store godssamlingar i dag. Ein god del mindre gods fekk bøndene på gardane sjølv kjøpa.

Kong Fredrik 3. selde Narvestad til den danske oberstløytnanten Andreas Willichen i ein større eigedomstransaksjon 5. januar 1669.[4] Willichen heldt til i København, og selde mange av eigedomane vidare med ein gong. Alt same år, 1669, var sokneprest Peder Godtzen blitt eigar. Han selde vidare i 1672. I 1690 eigde bøndene Jens og Søren kvar sin part.

Gardparten på austsida av Kvina skal i følgje tradisjonen ha kome til Narvestad frå Helle som ei faddergåve. Stykket var teigdelt, men blei samla ved utskifting i 1860.

Delingar og utskiftingar

Dør ude (bnr. 4) fotografert i 1995

Det gamle hovudbølet Dør heima på Narvestad låg på vestsida av Kvina og blei delt omkring 1630 mellom brørne Olav og Jens i Dør heima og Dør nere. Jens fekk dei gamle hustuftene på Dør heime.[5] I 1649 hadde kvar av gardpartane ei skuld på 9 engelsk. Olav og Jens leigde av Kongen.

I 1843 reiste Abraham Svendsson nybruk på austsida av Kvina. Nybruket, som fekk bruksnamnet Dør borte, blei ein del av seinare bruksnummer 3, medan dei gamle tuftene på vestsida Dør nere gjekk til det seinare bruksnummer 5.

I 1860 var det utskifting mellom dei tre bruka.

I 1868 blei den sørlege delen av bnr. 3 (Dør borte) på austsida av Kvina skild ut til bnr. 4 Dør ude.

Dør framme (bnr. 2) blei utskild frå Dør heima (bnr. 1) på vestsida av Kvina i 1883.

I 1987 blei det gamle hovudbølet Dør heima (bruk 1) delt mellom Dør ude (bnr. 4) og Dør nere (bnr. 5). Dei gamle tuftene følgde Dør nere (bnr. 5) og blei utskilde med eige bruksnr. 9 i 2004. Eigedommen blir nytta som fritidsbustad i dag. Det blei òg utskilt ei bustadtomt som bruksnr. 10 i 2005.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Dør heima/Strand (1886) Tomt utan eigedomsteig 644a 1 mark 48 øre Tore Jørgensen Tore Jørgensen
2 Dør framme/Skei(1886) Gardseigedom 1 1883 644b 1 mark 48 øre Tønnes Jørgensen Tønnes Jørgensen
3 Dør borte Gardseigedom 1 før 1838 645a1a, b1a 1 mark 58 øre Abraham Svendsen Torvald Narvestad
4 Dør ude Gardseigedom 3 1868 645a1b, b1b 0 mark 32 øre Jens Jakobsen Jette Marie Jensdatter Narvestad
5 Dør nere Gardseigedom 3 1843 645a2, b2 1 mark 39 øre Svend Jørgensen Sven J. Elias Narvestad
8 Bustadtomt 5 1993
9 Dør heima Fritidseigedom 5 2004
10 Bustadtomt 4 2005

Eigarar og brukarar

Dør heima

Lnr. 644/bnr. 1

Narvestad 46

  • Per (n. 1594) er den første me høyrer om frå Narvestad i ei skatteliste frå 1594. Han kan ha vore far til Kari eller Søren.

-

  • Søren (n. 1611- d. 1628)
  • Kari (-1648)
    • Atlak (n. 1611) Soldat 1611.
    • Jens (1614-1701) Sjå nedanfor
    • Olav (1616-) Sjå bruk 5
    • Lars (f. 1624-n. 1701) g. 1. g. m. Magnhild Knudsdotter Ryggesås (-1677), g. 2. g. m. Ingrid Olesdotter (-1695), g. 3 g. m. Anne Staalesdotter (-1698). Sjå Ryggesås

Det er usikkert kvar Søren og Kari kom i frå. Dei kan begge ha vore barn av Per som er nemnd ovanfor. Det var ingen annan slekt i Fjotland som brukte namnet Søren, så han kan òg ha kome utanfrå. Søren var på den tida eit dansk namn som ikkje var så vanleg å nytta i Norge.

Då Kari døydde delte sønene garden og Jens blei sitjande med dei eldste tuftene Dør heima.

-

  • Jens Sørensson (1614-1701)
    • Søren (f. 1642-n. 1664)
    • Tron (f. 1646- n. 1664)
    • Eiel (-1698) g. m. Gunhild Hujesdotter (n. 1698). Sjå Rafoss
    • Per (- 1701) g.m. Ingeborg Rolfsdotter (-1724). Sjå Skjekkeland
    • Anders (n. 1701) Sjå nedanfor
    • Maria (n. 1701) g. m. Tore Knibestøl. Sjå Knibestøl
    • Tøri (n. 1701) g. m. Staale Ommundsson Røynestad. Sjå Øvre Røynestad

Det kan sjå ut til at Jens og Olav kjøpte kvar sin part av soknepresten Peder Godtzen i 1672. Sjå meir om Olav sin part under bnr. 5.

-

  • Anders Jensson (1659- n. 1718)
  • Åse Osmundsdotter Øvre Røynestad
    • Jens (1683-n.1751) Sjå nedanfor
    • Ingeborg g. 1713 m. Knut Stålesson Røyseland. Sjå Røyseland

Begge borna gifta seg med kvar sin bror og syster frå Røyseland.  

-

  • Jens Andersson (1683-n. 1751)
  • g. 1713 m. Ingeborg Stålesdotter Røyseland (n. 1751)
    • Ingeborg (1714-)
    • Åse (1718-) Ugift i England i 1751
    • Ingeborg (1720-1804) g. 1754 m. Atlak Torkildsson Øvre Røynestad (1720-1806) Sjå Ytre Røynestad
    • Anders (1722-) g. 1751 m. Jorunn Tronsdotter (1720-1800)
    • Ståle (1724-) Til sjøs i 1751
    • Birgitte (1725-1795) g. 1756 m. Bjørn Reidarsson Veggeland (1725-) Sjå Veggeland. Til Kristiansand
    • Knud (1729-n. 1751)

Jens og Ingeborg var på Narvestad fram til etter 1722. Då Ingeborgs bror Knut Stålesson Røyseland, som var gift med Jens syster Ingeborg, døydde overtok Jens og Ingeborg bruket deira på Røyseland og flytta dit. Les meir om etterslekta der. Jens dreiv garden på Narvestad ei tid, men selde i 1759 til son av syskenbarnet sitt: Eiel Persson Rafoss

-

  • Eiel Persson Rafoss (1712-1798)
  • Anna Torusdotter Helle (1753-1787)
    • Jørgen (1754-1810) Sjå nedanfor
    • Per (1755-1812) g. 1790 m. Karen Jakobsdotter Tjørsvåg i Nes, Flekkefjord (1773-n. 1816). Per bruka namnet Rafoss. Han var kjøpmann i 1801. Til Flekkefjord

Eiel kom frå Rafoss og var soneson til Eiel Jensson som kom til Rafoss frå Narvestad på slutten av 1600-talet. Anna var opphaveleg frå Helle og hadde vore gift med Jørgen Osusson Liknes, frå Egenes. I Liknes hadde dei hatt vertshus og ho blei kalla «Anna i Neset».

-

  • Jørgen Eielsson (1754-1810)
  • g. 1783 m. Dorte Toresdotter Nedre Kvinlog (1766-1818)
    • Eiel (1784-1786)
    • Anna (1788-) g. 1817 m. Lars Jakobsson Gyland (1792-1835) Til Baskår. Han gifta seg andre gong med Anne Marie Fredriksdotter Solberg, og kom dit.
    • Joren (1791-1824) g. 1811 m. Ola Jakobsson Gyland (1789-1859). Til Gyland (Sjå Gyland s. 18)
    • Eiel (1794-1800)
    • Tore (1797-1853) Sjå nedanfor
    • Tønnes (1800-1822)
    • Eiel (1803-1837) g. 1832 m. Ingeborg Olsdotter Ytre Haugland (1810-1898) Sjå Borhom
    • Jørgen (1806-1868) g. 1828 m. Tora Svendsdotter Nedland (1802-1893) Sjå bruk 5

Dorte gifte seg andre gong i 1812 med Gunnu Olsson Øvre Kvinlog (1768-1824). Dei kom til Øvre Kvinlog og overlot garden på Narvestad til Tore Jørgensson.

-

  • Tore Jørgensson (1797-1853)
  • g. 1819 m. Ingrid Svensdotter Nedland, frå Gyland (1799-1875)
    • Dorthe (1820-1887) g. 1843 m. Ståle Toresson Knaben (1814-1886). Sjå Knaben
    • Ingrid (1823-1904) g. 1849 m. Tobias Stålesson Versland (1819-1894). Sjå Versland
    • Anna Tonetta (1826-1869) g. 1850 m. Tormund Jonsson Stakkeland (1821-1878). Sjå Stakkeland
    • Jørgen (1829-1882) Sjå nedanfor
    • Joren (1833-1905) g. 1860 m. Tobias Tollaksson Røyseland (1838-1914). Sjå Røyseland
    • Anna (1835-1904) g. 1856 m. Jakob Børelsson Lindeland (1830-1910). Til Lindeland og Geiskeli u/Øvre Kvinlog. Nemnd i Geiskeli.  
    • Elisabeth (1838-1911) g. 1860 m. Jørgen Olsson Gyland (1819-1907). Til Gyland
    • Sven (1841-1842)
    • Sven (1843-1889) g. 1868 m. Gunhild Tonette Tobiasdotter Slimestad (1843-) Sjå bruk 4
    • Peder Elias (1846-1917) g. 1. g. 1867 m. Ingeborg Olsdotter Risøy (1842-1904) g. 2. g. m. Anne Andreasdotter Norås (1855-1946). Sjå Stakkeland

Ingrid var frå Nedland i Gyland. Ho og Tore tok folge i 1852 og overdrog garden til sonen Jørgen Toresson.

-

  • Jørgen Toresson (1829-1882)
  • g. 1853 m. Ingeborg Tollaksdotter Åsen (1830-1896)
    • Tore (1854-1900) Sjå nedanfor
    • Tønnes (1857-1940) g. 1883 m. Lise Sofie Samuelsdotter Sindland (1883-1947). Sjå bruk 2
    • Svend (1860-1942) g. 1890 m. Anne Karine Matiasdotter Knibestøl (1864-1931). Sjå bruk 2
    • Peder Johan (1863-1863)
    • Peder Johan (1865-) Til USA i 1886. Levde i 1946
    • Ingrid (1868-1953) g. 1896 m. Karl Johan Larsson Kvinlaug (1857-1921). Sjå Nedre Kvinlog

Jørgen og Ingrid delte garden mellom dei to eldste sønene rett før Jørgen døydde i jola 1882. Tønnes fekk det som blei bruk nr. 2, Dør framme, medan dette bruket, nemnt Strand i pantedokumenta, med dei gamle tuftene, gjekk til Tore.

-

  • Tore Jørgensson (1854-1900)
  • g. 1883 m. Anne Marie Knutsdotter Ribås (1857-1934)
    • Ingeborg (1883-1884) Tvilling.
    • Maria (1883-) Tvilling. Til USA i 1902
    • Ingeborg (1886-1886)
    • Jørgen (1887-) Til USA i 1905
    • Knut (1890-1973) Sjå nedanfor
    • Ingeborg (1893-1904) Døydde ni år gamal. I kyrkjeboka står «ondt i halsen» som dødsårsak.  
    • Torvald Alfred (1897-1983) Sjå nedanfor

Dei to brørne Torvald Alfred og Knut overtok garden. Etter fyrstnemndes død i 1983 blei Magnar Kvinlaug eigar, men i 1987 blei garden med innmark og utmark delt på bruk 4 og 5. Huset fylgde bruk 5, men blei skilt ut som eige bruksnr. 9 i 2004. Bustaden blir i dag nytta som fritidsbustad.

-

Dør framme

Bruk 2/lnr. 644b

Narvestad 57

Utskild frå bruk 1 i 1883

Dette bruket er den andre parten av Dør heima som blei delt mellom brørne Tore og Tønnes (sjå bruk 1) i 1883. Bruket fekk namnet Skei i pantedokumenta. Første brukar etter delinga var Tønnes Jørgensson.

-

1037 Kvinesdal komm.png Narvestad (Kvinesdal gnr. 170) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 

Litteratur og kjelder

  1. Norsk stadnamnleksikon; stad.
  2. Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge : Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 288
  3. Kulturminnesøk.no; Narvestad
  4. http://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-01000001034098
  5. Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge : Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 288