Nesset kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 7. jan. 2020 kl. 13:52 av Kallrustad (samtale | bidrag) (infoboks tidligere kommune, litt administrasjonshistorie)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesset kommune
1543 Nesset komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1543
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Eidsvåg
Areal i  km²(2020) 988.06 km²
Folketall 2020 2 946 (2018)
Grunnlagt 1838
Opphørte 2020
Delt i 1890: Eresfjord og Vistdal
Slått sammen med 1964: Eresfjord og Vistdal
Nå del av Molde kommune

Nesset kommune var ein av Romsdalskommunane i Møre og Romsdal. Kommunen grensa mot Gjemnes, Sunndal, Lesja, Rauma, Molde og Tingvoll (sistnemnde ligg på den andre sida av Sunndalsfjorden). Administrasjonssenteret låg i Eidsvåg.

Kommunen vart oppretta ved Formannskapslovene av 1837. 1. januar 1890 vart Nesset kommune delt då Eresfjord og Vistdal vart skilt ut som eigen kommune. Eresfjord og Vistdal vart 1964 igjen slått saman med dåverande Nesset kommune. I 2016 vedtok kommunane Nesset, Midsund og Molde å slå seg saman, i samband med Solberg-regjeringa si kommunereform. Samanslåinga fann stad 1. januar 2020.

Dei største bygdene i Nesset kommune var Eikesdal, Vistdal, Eresfjord og Boggestranda på sørsida av Langfjorden. I aust låg Eidsøra og Raudsand og i vest Rød, Tjelle, Ranvik og Gussiås.

Vasskraftkommune

Gjennom omfattande utbygging av fleire vassdrag i Aursjøtraktene og Eikesdalsfjella vart Nesset kommune ein av kraftkommunane i fylket. Vasskrafta hadde stor økonomisk betydning for kommunen. Vasskraftutbygginga skape strid på 1970-talet, og toppa seg i Mardøla-aksjonen fordi ein stor del av vassføringa i Mardalsfossen skulle brukast til vasskraft.

Kultur

Nesset prestegard var i si tid barndomsheimen til Bjørnstjerne Bjørnson før han flytta til Molde. Prestegarden skal vedlikehaldast i samarbeid mellom Romsdalsmuseet og Opplysningsvesents fond. Prestegarden er kommunen sin tusenårsstad.

Det er fire kyrkjer i tidlegare Nesset kommune: Sira kyrkje i Eresfjord, Vistdal kyrkje i Vistdal, Eikesdal kapell i Eikesdal og Nesset kyrkje i Eidsvåg.

Historie

I 1756 fann eit fjellskred stad i Tjellafjellet ved Tjelle. Det såkalla Tjelle-skredet tok livet frå 32 menneske.

Folketalsutvikling

Utviklinga 1801-1970[1]

1543 Nesset demografi 1801-1970.jpg
Folketeljing Innbyggjarar
1-2-1801 1871
30-4-1815 2026
27-11-1825 2275
29-11-1835 2651
31-12-1845 2882
31-12-1855 3018
31-12-1865 3413
31-12-1875 3567
31-12-1890 3725
3-12-1900 3458
1-12-1910 3329
1-12-1920 3249
1-12-1930 3169
3-12-1946 3679
1-12-1950 3657
1-11-1960 3666
1-11-1970 3577

Folketalsutvikling folke- og bustadteljing 2001

Ved folketeljinga 3. november 2001 var totalt 3.258 personar busette i kommunen.[2]

Innbyggjartal etter område

Område Antal Prosent av
total
Eidsvåg 872 27%
Rausand 281 9%
Spreittbygde strok 1919 58%
Ikkje oppgjeve 186 6%

Innbyggjartal etter grunnkrins

1543 Nesset demografi 2001 grunnkretser.jpg
Grunnkrins Antal 2001 Prosent
0100 Nesset 2429 74,6%
0101 Ranvik 82 2,5%
0102 Tjelle 116 3,6%
0103 Rød 219 6,7%
0104 Høvik 121 3,7%
0105 Hammervoll 326 10,0%
0106 Eidsvåg sentrum 344 10,6%
0107 Aasen 174 5,3%
0108 Stubø 183 5,6%
0109 Vorpenes 97 3,0%
0110 Raudsand 131 4,0%
0111 Bersås 205 6,3%
0112 Eidsøra 262 8,0%
0113 Meisalstranda 92 2,8%
0114 Bugge 77 2,4%
0200 Eresfjord og Vistdal 820 25,2%
0201 Myklebostad 169 5,2%
0202 Nerland 131 4,0%
0203 Sira 235 7,2%
0204 Slenes 203 6,2%
0205 Eikesdal 82 2,5%
0206 Aursjøen 0 0%
9900 Ikkje oppgjeve 9 0,3%

Sjå òg

Referansar

Kjelder

Koordinater: 62.77618° N 8.06625° Ø