Nigardsbreen: Forskjell mellom sideversjoner
(region) |
|||
(2 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist) | |||
Linje 1: | Linje 1: | ||
[[Bilde:Nigardsbreen 1901 map.jpg|thumb|Det er noko overdrive då Nigardsbreen nesten gjekk heilt fram til busetnaden på dette kartet frå 1901]] | [[Bilde:Nigardsbreen 1901 map.jpg|thumb|Det er noko overdrive då Nigardsbreen nesten gjekk heilt fram til busetnaden på dette kartet frå 1901]] | ||
'''[[Nigardsbreen]]''' er ein brearm av [[Jostedalsbreen]]. Nigardsbreen ligg i [[Jostedalen]] i [[Luster kommune]] i [[Sogn | [[Bilde:Knudsen-Nigardsbreen.jpg|thumb|Nigardsbreen i Jostedalen med Krokabrui i framgrunnen, fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902]] | ||
'''[[Nigardsbreen]]''' er ein brearm av [[Jostedalsbreen]]. Nigardsbreen ligg i [[Jostedalen]] i [[Luster kommune]] i [[Sogn]]. | |||
Breen har namnet sitt frå [[Nigard (Jostedalen)|Nigard]], eit bruk under matrikkelgarden [[Mjølver (Jostedalen)|Mjølver]]. | Breen har namnet sitt frå [[Nigard (Jostedalen)|Nigard]], eit bruk under matrikkelgarden [[Mjølver (Jostedalen)|Mjølver]]. | ||
Linje 24: | Linje 26: | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Isbreer]] | [[Kategori:Isbreer]] | ||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 28. okt. 2020 kl. 11:00
Nigardsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen. Nigardsbreen ligg i Jostedalen i Luster kommune i Sogn.
Breen har namnet sitt frå Nigard, eit bruk under matrikkelgarden Mjølver.
Nigardsbreen gjekk kraftig fram under den vesle istida frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet, og det gjekk hardast utover Nigard. I 1742 var breen komen heilt innåt husa og all jorda vart tapt, og bruket vart stroke frå matrikkelen. Det følgjande året vart gardstunet òg øydelagd. Nigardsbreen nådde maksimum i 1748 og byrja då å trekkje seg attende. Brekanten var då kring 4,5 km lengre framme enn brekanten i dag.
Framrykkinga til breen er uvanleg godt dokumentert gjennom fleire rettslege synfaringar og Justedalens kortelige Beskrivelse av presten Matthias Foss.[1]
Også i nyare tid er Nigardsbreen ein av dei best dokumenterte breane i Noreg. NVE har sidan 1962 gjort årlege front- og massebalansemålingar.
Nigardsbreen har i over 200 år vore det fremste reisemålet i Jostedalen. Den vitskaplege og kunstnarlege utforskinga og dokumentasjonen av breen tok til kring 1800. Særleg viktig var kunstverka til Johannes Flintoe som gjorde Nigardsbreen kjend for eit urbant kunstpublium.
Gjennom 1900-talet og særleg etter andre verdskrigen auka turisttrafikken på. I 1920 opna Jostedalsbredens Turisthotel på garden Elvekrok i framkant av Nigardsbreen. I 1958 opna Brevegen som gjorde det mogleg å køyre tett inntil breen. I dag driv Jostedalen breførarlag føring på Nigardsbreen. Breheimsenteret opna i 1993 som eit informasjonssenter for breen og heile Breheimen-området.
Notar
- ↑ Avtaksforretningar 1742, Jostedal historielag
Kjelder
- «Nigardsbreen», Wikipedia (nn)
- «Nigardsbreen», Wikipedia (no)