Nigardsbreen: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: '''Nigardsbreen''' er ein brearm av Jostedalsbreen. Nigardsbreen ligg i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Breen har namnet sitt frå [[Nigard (Jostedalen)…) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
Gjennom 1900-talet og særleg etter andre verdskrigen auka turisttrafikken på. I 1920 opna [[Jostedalsbredens Turisthotel]] på garden [[Elvekrok (Jostedalen)|Elvekrok]] i framkant av Nigardsbreen. I 1958 opna [[Brevegen]] som gjorde det mogleg å køyre tett inntil breen. I dag driv [[Jostedalen breførarlag]] føring på Nigardsbreen. [[Breheimsenteret]] opna i 1993 som eit informasjonssenter for breen og heile Breheimen-området. | Gjennom 1900-talet og særleg etter andre verdskrigen auka turisttrafikken på. I 1920 opna [[Jostedalsbredens Turisthotel]] på garden [[Elvekrok (Jostedalen)|Elvekrok]] i framkant av Nigardsbreen. I 1958 opna [[Brevegen]] som gjorde det mogleg å køyre tett inntil breen. I dag driv [[Jostedalen breførarlag]] føring på Nigardsbreen. [[Breheimsenteret]] opna i 1993 som eit informasjonssenter for breen og heile Breheimen-området. | ||
==Notar== | |||
<references/> | |||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*[http://nn.wikipedia.org/wiki/Nigardsbreen | *[http://nn.wikipedia.org/wiki/Nigardsbreen «Nigardsbreen»], Wikipedia (nn) | ||
*[http://no.wikipedia.org/wiki/Nigardsbreen | *[http://no.wikipedia.org/wiki/Nigardsbreen «Nigardsbreen»], Wikipedia (no) | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Isbreer] | [[Kategori:Isbreer] |
Sideversjonen fra 14. nov. 2010 kl. 16:18
Nigardsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen. Nigardsbreen ligg i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane.
Breen har namnet sitt frå Nigard, eit bruk under matrikkelgarden Mjølver.
Nigardsbreen gjekk kraftig fram under den vesle istida frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet, og det gjekk hardast utover Nigard. I 1742 var breen komen heilt innåt husa og all jorda vart tapt, og bruket vart stroke frå matrikkelen. Det følgjande året vart gardstunet òg øydelagd. Nigardsbreen nådde maksimum i 1748 og byrja då å trekkje seg attende. Brekanten var då kring 4,5 km lengre framme enn brekanten i dag.
Framrykkinga til breen er uvanleg godt dokumentert gjennom fleire rettslege synfaringar og Justedalens kortelige Beskrivelse av presten Matthias Foss.[1]
Også i nyare tid er Nigardsbreen ein av dei best dokumenterte breane i Noreg. NVE har sidan 1962 gjort årlege front- og massebalansemålingar.
Nigardsbreen har i over 200 år vore det fremste reisemålet i Jostedalen. Den vitskaplege og kunstnarlege utforskinga og dokumentasjonen av breen tok til kring 1800. Særleg viktig var kunstverka til Johannes Flintoe som gjorde Nigardsbreen kjend for eit urbant kunstpublium.
Gjennom 1900-talet og særleg etter andre verdskrigen auka turisttrafikken på. I 1920 opna Jostedalsbredens Turisthotel på garden Elvekrok i framkant av Nigardsbreen. I 1958 opna Brevegen som gjorde det mogleg å køyre tett inntil breen. I dag driv Jostedalen breførarlag føring på Nigardsbreen. Breheimsenteret opna i 1993 som eit informasjonssenter for breen og heile Breheimen-området.
Notar
- ↑ Avtaksforretningar 1742, Jostedal historielag
Kjelder
- «Nigardsbreen», Wikipedia (nn)
- «Nigardsbreen», Wikipedia (no)
[[Kategori:Isbreer]