Nigardsbreen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Nigardsbreen''' er ein brearm av Jostedalsbreen. Nigardsbreen ligg i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Breen har namnet sitt frå [[Nigard (Jostedalen)…)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:


Gjennom 1900-talet og særleg etter andre verdskrigen auka turisttrafikken på. I 1920 opna [[Jostedalsbredens Turisthotel]] på garden [[Elvekrok (Jostedalen)|Elvekrok]] i framkant av Nigardsbreen. I 1958 opna [[Brevegen]] som gjorde det mogleg å køyre tett inntil breen. I dag driv [[Jostedalen breførarlag]] føring på Nigardsbreen. [[Breheimsenteret]] opna i 1993 som eit informasjonssenter for breen og heile Breheimen-området.  
Gjennom 1900-talet og særleg etter andre verdskrigen auka turisttrafikken på. I 1920 opna [[Jostedalsbredens Turisthotel]] på garden [[Elvekrok (Jostedalen)|Elvekrok]] i framkant av Nigardsbreen. I 1958 opna [[Brevegen]] som gjorde det mogleg å køyre tett inntil breen. I dag driv [[Jostedalen breførarlag]] føring på Nigardsbreen. [[Breheimsenteret]] opna i 1993 som eit informasjonssenter for breen og heile Breheimen-området.  
==Notar==
<references/>


==Kjelder==
==Kjelder==
*[http://nn.wikipedia.org/wiki/Nigardsbreen Nigardsbreen], Wikipedia (nn)
*[http://nn.wikipedia.org/wiki/Nigardsbreen «Nigardsbreen»], Wikipedia (nn)
*[http://no.wikipedia.org/wiki/Nigardsbreen Nigardsbreen], Wikipedia (no)
*[http://no.wikipedia.org/wiki/Nigardsbreen «Nigardsbreen»], Wikipedia (no)


[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Isbreer]
[[Kategori:Isbreer]

Sideversjonen fra 14. nov. 2010 kl. 16:18

Nigardsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen. Nigardsbreen ligg i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Breen har namnet sitt frå Nigard, eit bruk under matrikkelgarden Mjølver.

Nigardsbreen gjekk kraftig fram under den vesle istida frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet, og det gjekk hardast utover Nigard. I 1742 var breen komen heilt innåt husa og all jorda vart tapt, og bruket vart stroke frå matrikkelen. Det følgjande året vart gardstunet òg øydelagd. Nigardsbreen nådde maksimum i 1748 og byrja då å trekkje seg attende. Brekanten var då kring 4,5 km lengre framme enn brekanten i dag.

Framrykkinga til breen er uvanleg godt dokumentert gjennom fleire rettslege synfaringar og Justedalens kortelige Beskrivelse av presten Matthias Foss.[1]

Også i nyare tid er Nigardsbreen ein av dei best dokumenterte breane i Noreg. NVE har sidan 1962 gjort årlege front- og massebalansemålingar.

Nigardsbreen har i over 200 år vore det fremste reisemålet i Jostedalen. Den vitskaplege og kunstnarlege utforskinga og dokumentasjonen av breen tok til kring 1800. Særleg viktig var kunstverka til Johannes Flintoe som gjorde Nigardsbreen kjend for eit urbant kunstpublium.

Gjennom 1900-talet og særleg etter andre verdskrigen auka turisttrafikken på. I 1920 opna Jostedalsbredens Turisthotel på garden Elvekrok i framkant av Nigardsbreen. I 1958 opna Brevegen som gjorde det mogleg å køyre tett inntil breen. I dag driv Jostedalen breførarlag føring på Nigardsbreen. Breheimsenteret opna i 1993 som eit informasjonssenter for breen og heile Breheimen-området.

Notar

  1. Avtaksforretningar 1742, Jostedal historielag

Kjelder

[[Kategori:Isbreer]