Sandane krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. feb. 2024 kl. 12:15 av SSolheim (samtale | bidrag) (Kjelder)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandane skule

Sandane krins i Gloppen kommune, ligg i kommunesenteret i kommunen. I dag er det den største krinsen i Gloppen kommune Sandane høyrte opphavleg til den gamle Eide krins. Under krinsreguleringa i 1890 gjekk skulestyret inn for ei sameining mellom Sandane og Mardal krins slik at storskulen gjekk saman vekselsvis på Sandane og Mardal og at eit større skulehus med sløydrom skulle byggast på Sandane. Kommunestyret vedtok at Sandane, Holvik, Eide, Evebø og Djupegot skulle høyre til Sandane krins. I 1892 stod det omtalte skulehuset klart.

I tidsrommet 1918-1930 var ei stor sak spørsmålet om Austrheim krins og Sandane krins skulle slåast saman. Begge krinsane trengte nytt skulehus og skulehusnemndi la fram forslag om å bygge eit felles skulehus for dei to krinsane. Både skuledirektør Olav A. Vevle, fylkesskulestyret og Kyrkjedepartementet gav si godkjenning til forslaget, men heradstyret stemte nei. Saka kom opp fleire gonger fram til 1930. Då vart det til slutt avgjort at krinsane skulle halde fram kvar for seg.

Skulehus

Sandane gamle skule

  • Byggeår: 1892
  • Fungerte som skule: 1892 - 1934
  • Anna bruksområde: Flytta til Gjengedal krins i 1934.

Ein skuleprotkoll for Sandane krins, fortel at "27. februar 1917 vart det elektriske ljoset teke ibruk i Sandane skulehus". Seinare fortel han at "Den 29. oktbr. 1923 vart springvatn lagt inn i skulehuset".[1]

Sandane nye skule

  • Byggeår: 1934
  • Fungerte som skule:
  • Anna bruksområde:

Sandane skule

  • Byggeår: 1977. Påbygd i 1997 i samband med 6-års reformen.
  • Fungerte som skule: Fungerer framleis som skule.
  • Anna bruksområde:

I 2016 har Sandane skule 278 elevar.

Skuledagen

I 1917 feira ein 400-årsjubileet for reformasjonen med fest for skuleborn og foreldre. Her deltok born frå skulane Sandane, Austrheim, Ryssdal og Mardal. Fleire av lærarane held talar om Luther, reformasjonen og anna. Lærar Gudbrand Henden skildra festen i skuleprotokollen:

Den 1ste november vart det halde reformasjonsfest – 400aarsf. for Luthers reformasjon – i Vanheim for Austrheim, Sandane, Ryssdals og Mardals krinsar. Den var halden som korgefest for skuleborni og foreldri – med tilgjengi for andre – inngangspengar 10 øre med serskild betaling for mat. Lærar[?] Solheim[?] tala um Luthers ungdomsaar. Gudbrand Henden: Luther som reformator – Worms – Magnhild Ha[??]: Luther i heimen, Ola Sande: reformasjonen i Noreg, Kristiane Lotsberg: Hans Nilsen Hauge. Paa festen var umk. 200 born og 120-30 vaksne. Den var sers hugnadsam og slutta burtimot kl.10. [2]

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Henden Gudbrand 1866 Sandane Sandane krins 1894 1927 Stord lærarskule (1886) Lærar i Nessestrand krins (Breim) 1887-1894.
Skram Hans Edvard Hansson 1856 Sandane, Austrheim, Vereide 1891 (Sandane og Austrheim), 1894 (Vereide) Stord lærerskole 1882
Tystad Anna 1884 Småskulen Austrheim og Sandane krins 1905 Volda lærarskule (1904)
Henden Jon 1874 Hennebygda krins 1902 Seljord lærarskule (1896) Var vikar for Anna Tystad kring ein månad i 1914.
Lotsberg Kristiane 19. mars 1889 Sandane 1916 Volda lærarskule (1913) Lærarinne Fjelde skule, Ryfylke (1914).
Vereide Johan 5. jan. 1891 Sandane, Rygg 1927 1942 Volda lærarskule (1923) Lærar i Fen i Holla, Telemark 1923-1927. Lærar i Rygg krins frå 1942.
Mo Olav 26. des. 1907 Sandane 1942 1946 Oslo lærarskule (1928) Ungdomskulelærar i Nordfjord (1931-42) og i Gjøvik frå 1946.
Solheim L. K.
Rygg Ragnar
Eikenes Jon 2. juli 1919 Sandane og Vereide, Nesjane 1945 1946 Oslo lærarskule (1943) Vikar. Seinare lærar ved Gloppen framh. skule (1946-47), Nesjane krins frå 1947.
Tonning Asbjørn 28. mai 1907 Sandane, Mardal 1946 Volda lærarskule (1934) Tidl. lærar i Hjørundfjord (1936-1939) og Innvik (1939-1946).
Øygard Albert 22. mars 1891 Sandane 1946 Volda lærarskule (1923) Tidl. lærar i Naustdal. Med i eksamensnemda og Naustdal lærarlag.
Reed Torstein 25. feb. 1917 Sandane Volda lærarskule (1942) Lærar i Årdal (Breim) (1942-1964).
Øygard Torleiv Sandane
Rønnekleiv Martin Sandane

Foto

Fotnotar

  1. Dagbok for Sandane krins og Austreim krins, 1903-1926.
  2. Dagbok for Sandane krins og Austreim krins, 1903-1926.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Oversigtsprotokoll for Austreim krins og Sandane krins, 1892-1918
  • Skuleprotokoll for Sandane krins og Austreim krins, 1902-1935
  • Dagbok for Austreim krins og Sandane krins, 1879-1902
  • Dagbok for Sandane krins og Austreim krins, 1903-1926

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.771884° N 6.220381° Ø