Skulehistorie i Balestrand

Sideversjon per 20. sep. 2022 kl. 11:27 av SSolheim (samtale | bidrag) (Meir om tidlige skulekrinsar)

Skulehistorie i Balestrand skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Balestrand kommune si skulehistorie.

Balestrand vart skild ut som eige prestegjeld frå Leikanger i 1850, og vart samstundes eigen kommune. I den store kommunereguleringa i 1964, vart bygdene frå og med Lånefjorden i vest, Nessane, Sæle, Kvamsøy, til og med garden Stokkebø ved Målsnes overført frå Vik til Balestrand, Vangsnes vart overført frå Balestrand til Vik og Eitorn vart overført frå Balestrand til Leikanger. Fjærland var ein del av Balestrand kommune fram til 2000, men er i skrivande stund ein del av Sogndal kommune. Skulehistoria til Fjærland, Eitorn og Vangsnes vert hovudsakleg sortert under den kommunen grendene høyrer til i dag.

Mange lærarar var utdanna ved Balestrand lærerskole.

Oversikt over skulekrinsar

Fram til 1860 delar skulestyrets møteprotokollar Balestrand inn i tre sokn: Tjugum, Fjærland og Vangsnes.

Tjugum var delt inn i fem roder. Her varierer nummereringa av rodane i skuleprotokollane noko. Inndelinga i rodar var i 1849 slik i skulestyrets protokoll:

  1. (Tjugum mellom rode 3 / rode 2:) Tuftedal, Thue, Brugjeld, Skaasheim, Fjærestad, Bale, Baleholm
  2. (Tjugum mellom rode 3 / rode 2 :) Esse, Hjælseng, Grøneng, Gjerde
  3. (Tjugum indre rode 2 / rode 3:) Farnæs, Dale, Sværen
  4. (Tjugum indre rode 1 / rode 2:) Eiken, Fedthen, Langeteig, Meel
  5. (Tjugum mellom rode 1 / rode 3:) Eithun, Eithungjerde

Fjærland var på si side delt inn i fire rodar. Også her varierer nummereringa noko. I skuleprotokollane verkar også desse rodane å ha gått under namnet Mundal, mens skulestyreprotokollen ordnar desse under "Fjærland":

  1. (Mundal rode 4 / Ytre Mundal:) Rødbotten, Jordal
  2. (Mundal rode 1 / Mundal Indre:) Distad, Hattestad, Mundal, Skreøn, Bjaastad
  3. (Mundal rode 2:) Bøium, Skeje
  4. (Mundal rode 3:) Vaadevig, Harpedal, Stølen

Til Vangsnes sokn høyrde gardane Hovland, Øksdal, Indre Vangsnes og Ytre Vangsnes.

I 1861 blir Fjærland delt inn i tre skulekrinsar; Indre Fjærland krins, Midtre Fjærland krins og Ytre Fjærland krins - mens Tjugum delast i fire og blir Vetlefjorden krins, Sværefjorden krins, Balestrands krins og Eithun krins. Vangsnes verkar ikkje å ha vorte delt.[1]

1741 1891 1896 1900 1963
Tjugum Esefjorden Esefjorden Esefjorden Sagatun
Vangsnes/Eitorn Eitorn Eitorn Eitorn Eitorn
Vangsnes Vangsnes Vangsnes Vangsnes
Fjærland Indre Fjærland Indre Fjærland Indre Fjærland Indre Fjærland
Ytre Fjærland Ytre Fjærland Ytre Fjærland
Sværefjorden Sværefjorden Sværefjorden Sværefjorden
Vetlefjorden Vetlefjorden Vetlefjorden Vetlefjorden
Hamrum Hamrum Hamrum Mundal
Lånefjorden
Kvamsøy
Linde
Nessane

Skulekrinsar

Krinsane som vart ein del av Balestrand i 1964. Kom frå Vik

Skuleveg

Skuledagen

I åra 1891-1900 vart undervist i 12 veker i kvar klasse. I todelte klasser var det 13 veker med undervisning. Faga det vart gitt undervisning i desse åra var kristendomskunnskap, norsk, regning, geografi, historie, naturkunnskap, skriving, sang, og tekning. Det vart ikkje gitt undervisning i handarbeid og gymnastikk i åra 1891-1900. Av lærebøker skal det mellom anna ha vore brukt Luthers katekismus, Pontoppidans Forklaring (Sverdrups utgave), Vogts lille Bibelhistorie, Rolfsens Læsebog, Siegw. Petersens Norges Historie for Begyndere, Nicolaysens Regnebøger, Reusch Geografi og Naturkundskap, og Deinbolls Tegnebøger. Av anna undervisningmateriale hadde skulane kuleramme, globus, kart og tavle. I femåret 1891-1895 vart det anskaffa sett apparater til undervisninga i fysikk til kvar lærar og i femåret etter vart det også kjøpt inn anatomiske bilde til alle skulane.[2]

I 1896-1900 vart det halden framhaldskule 12 veker kvart år.

Lærarar

I 1862 oppgir skulestyrets protokollar fem lærarar som fekk lønn det året: A. Flesche, L[asse]. Johnsen. I[ngebrigt] Mundal, L. Kalbakken og J[acob] Olderkalv.[1] Nokre år etter, i 1864, dukker lærarane A. Øvrebø og Hans Hellen også opp på skulestyrets lønningslistar. I 1871 lønnast også ein ikkje namngitt lærar på Vangsnæs, og frå 1871 gis det lønn til ein lærar Dahle. Fram til 1885 er det lærarane Øvrebø, Lasse Johnsen, Erik Mundal, Hans Hellen og Dahle som får lønn iflg. skulestyreprotokollen. Etter dette sluttar protokollen å notere lærarlønningane på same vis.[1]

I femårsmeldinga frå 1896-1900 kan vi lese at Heredet er splittet ved flere Fjorde, flere Kredse som Følge heraf smaa og Inddelingen i bekvemme Lærerposter vanskelig. En konsekvens var hyppige lærarskifte, noko skulestyret bemerka seg at ikkje hadde vore heldig for korkje undervisninga eller disiplinen.[2]

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Flesche Dukkar sist opp i skulestyrets liste over lærarlønningar i 1863.
Kalbakken Lars Dukkar sist opp i skulestyrets liste over lærarlønningar i 1862.
Olderkalv Jacob Dukkar sist opp i skulestyrets liste over lærarlønningar i 1870.
Johnsen Lasse på skulestyrets liste over lærarlønningar på 1860-talet.
Mundal Ingebrigt på skulestyrets liste over lærarlønningar på 1860-talet.
Øvrebø* A. P. 1842 Esefjorden[3] 1864 1888 Stord Var kyrkjesongar. Hadde bustad og klokkargard
Hellen* Hans O. 1843 1864 1899 Balestrand lærarskule
Mundal* J 1858 1885 Hamar Jobba som lærar frå 1882. Hadde bustad og skulejord
Dahle 1871?
Eiken* Britu/Brita 1869 1893 før 1900 utan utdanning På oppsigelse (1891-1895). Var vikar i femåret 1896-1900.
Fjærestad J. etter 1896 før 1900 Var ansatt i kort tid i femåret 1896-1900.
Rognebakke J. etter 1896 før 1900 Var ansatt i kort tid i femåret 1896-1900.
Fretland I etter 1896 før 1900 Var ansatt i kort tid femåret 1896-1900.
Hauge Sem. D. etter 1896 før 1900 Var vikar i femåret 1896-1900.
Kvalheim Furér etter 1896 før 1900 Var vikar i femåret 1896-1900.
Grøneng Unni etter 1896 før 1900 Var vikar i femåret 1896-1900.
Kvale* A. 1866 1890 1900 Hamar Var kyrkjesongar
Mundal* Erik 1850 1876 Stord Var kyrkjesongar
Mo* Hans 1867 Ytre Fjærland 1889 1897 Hamar På oppsigelse. Hadde bustad og skulejord
Oppedal* T. H. I. 1876 1900 Notodden På oppsigelse.
Heltvedt* Olav 1873 1900 Elverum Kst.
Fimrete B. 1868 1900 Stord Jobba som lærar frå 1891. Var kyrkjesongar. Hadde bustad og skulejord
Østerbø H. 1868 1894 Hamar På oppsigelse
Aarskog Jens 1875 Hamrum 1897 Stord På oppsigelse. Lærar i framhaldskulen. Hadde bustad og skulejord

Namn i tabellen merka med stjerne (*) er å finne i femårsmeldingane for 1891-95 og 1896-1900. Dei andre er henta frå andre kjelde, mellom anna skuleprotokollar og skulestyrets møtebok.

Skular og elevtal

I 2019 er skulane i Balestrand kommune: Sagatun skule, Fjordtun oppvekst og Synga vidaregåande skule. Sagatun skule har elevar frå 1. til 10.klasse, mens Fjordtun har elevar i 1. og 2. klasse.

Skuler med oppdeling av klasser og elevtal
Skule 1891 1892 1893 1894 1895 1896 1897 1898 1899 1900
Balestrand tredelt, 78 Tredelt, 86 Firdelt, 94 Firdelt, 95 Firdelt, 88 firdelt, 78 firdelt, 83 firdelt, 79 firdelt, 75 firdelt, 80
Esefjord todelt, 43 Todelt, 45 todelt, 42 Todelt, 44 todelt, 35 todelt, 33 todelt, 33 todelt, 32 todelt, 30 todelt, 29
Eitorn Samla, 20 Samla, 17 Samla, 17 Samla, 22 Samla, 21 Samla, 21 Samla, 21 Samla, 21 Samla, 22 Samla, 25
Vetlefjorden Todelt, 38 Todelt, 35 Todelt, 34 Todelt, 32 Todelt, 35 todelt, 38 Todelt, 40 todelt, 40 todelt, 40 todelt, 44
Sværefjorden todelt, 35 Todelt, 33 Todelt, 34 todelt, 35 Todelt, 35 todelt, 41 todelt, 42 todelt, 38 todelt, 44 todelt, 39
Vangsnes Todelt, 39 Todelt, 42 Todelt, 40 Todelt, 32 Todelt, 35 todelt, 30 todelt, 37 todelt, 39 todelt, 41 todelt, 44
Ytre Fjærland Samla, 18 Samla, 19 Samla, 23 Samla, 24 Samla, 24 Todelt, 27 Todelt, 24 Todelt, 29 Todelt, 32 todelt, 31
Hamrum Todelt, 39 Todelt, 46 Todelt, 46 Todelt, 49 Todelt, 48 todelt, 48 todelt, 49 todelt, 47 todelt, 43 todelt, 45
Indre Fjærland Tredelt, 68 Tredelt, 58 Tredelt, 58 Tredelt, 56 Tredelt, 64 tredelt, 57 tredelt, 57 tredelt, 43 tredelt, 46 tredelt, 45
Til saman i kommunen 378 381 388 389 385 383 386 378 373 382

I tillegg var det 7 (1891), 7 (1892), 9 (1893), 9 (1894), 9 (1895) som vart undervist utanfor skulen.

Arkiv

Fotnotar

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


  Skulehistorie i Balestrand er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.