Anne Skanke (1613–1680)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anne Christensdatter Skanke (fødd ca 1613 i Brønnøy, død 1680 same stad) var del av handels- og embetsstanden på Helgeland1600-talet.

Ho var datter av Christen Stensen Skanke og ei ikkje navngitt dotter av Oluf Andersen, både faren og morfaren var sokneprestar i Brønnøy prestegjeld. Ho hadde to eldre søstre, Birgitte og Adelus.

Ho vart ca 1637 gift med Kristen Pedersen frå Gaupen i Bindalen.[1] Kristen var jekteskipper, lensmann og kirkeverge. Dei budde frå 1644 på garden Indre Torget.[2]

I 1673 ga Anne og Kristen ein preikestol til Brønnøy kyrkje. Den hadde innskrifta «Til Guds Ære og Husets Prydelse er denne Prædikestol foræret af Christen Pedersen Torget og hans kjære Kone Anne Christensdatter 1673».[3]

Dei hadde tre born: Peder (f. ca 1638), Hans (f. ca 1640) og Kirsten ( f. 1647).[1]

Ho er ikkje nemnt hos Erlandsen.[4] Dahl nemnar ho berre som NN gift med Christen Pedersen.[5]

Referansar

  1. 1,0 1,1 De Robilen (1995) s. 398
  2. Mathisen (2011) s. 178
  3. Mathisen (2011) s. 180
  4. Erlandsen (1857) s. 67
  5. Dahl (2000) s. 273

Kjelder


Artikkelen Anne Skanke (1613–1680) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Det vil ofte være mer relevant informasjon i oppgitte kilder enn det som er gjengitt, og det kan finnes stoff i bygdebøker og lignende.