Adelus Skanke (1608–1690)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Adelus Christensdatter Skanke (fødd 1608 i Brønnøy, død ca 1690 i Lurøy) var del av embets- og handelsstanden på Helgeland1600-talet.

Ho var dotter av Christen Stensen Skanke, sokneprest i Brønnøy prestegjeld, og ei ikkje namngitt dotter av Oluf Andersen. Morfaren var også sokneprest i Brønnøy. Adelus hadde to systre, Birgitte og Anne.

Ho var gift med Oluf Mechlenborg, som var fogd i Lofoten og Vesterålen frå 1626 til kring 1633, og seinare budde på Lurøy gard. Oluf Mechlenborg var son av Jens Mechlenborg, fogd på Nord-Helgeland. Dei fekk sonen Christen Olufssøn Mechlenborg.

Gabriel Smith Faye skreiv i 1836 at ho vart gift andre gong med Rasmus Nilsen frå Nesna. Dette er truleg ikkje korrekt.[1]

Referansar

  1. Mathisen (2016) s. 86

Kjelder


Artikkelen Adelus Skanke (1608–1690) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.