Arnold Weiberg-Aurdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arnold Weiberg-Aurdal, kalt Alla på folkemunne i Sykkylven.
Foto: Sykkylven Rotaryforening

Arnold Weiberg-Aurdal (fødd 18. juni 1925 i Ålesund, død 3. februar 2016 i Sykkylven) var Sp-politikar. Weiberg-Aurdal, som var utdanna agronom, var ordførar i sunnmørsbygda Sykkylven i to periodar (1963-69 og 1990-91). Mellom desse to bolkane i lokalpolitikken sat han 16 år på Stortinget for Møre og Romsdal (1969-85), og markerte seg særleg som samferdslepolitikar. Weiberg-Aurdal var også aktiv som skribent og gav ut bøker om Tysklandsbrigaden, om Stranda og Sykkylven Billag og om si eiga slekt. I 2003 mottok han Kongens fortenestemedalje i gull.

Bakgrunn

Weiberg-Aurdal var son av Elise (1892-1959) og Bastian Weiberg-Aurdal (1891-1973). Mora var sjukesyster og husmor, medan faren var lege. Han eigde også Karigarden på Velle i Velledalen, og sjølv om Arnold ikkje var odelsgut, låg det i korta at det var han som skulle ta over farsgarden. Etter eksamen artium frå reallinja ved Ålesund høgre allmennskule i 1944, tok han agronomutdanning ved landbruksskulen på Gjermundnes i 1945. Han fullførte fagutdanninga ved landbrukshøgskulen på Ås i 1953. Før han slo seg ned i Sykkylven, gjennomførte han befalsskulen for infanteriet (1947) og var sambandssersjant i Tysklandsbrigaden frå 1947 til 1948.

I 1953 tok han over Karigarden, og året etter fekk han stillinga som heradsagronom på Stranda. Her var han til 1962 då han vart tilsett som heradsagronom i Sykkylven. Desse oppgåvene skjøtta han ved sida av å drive Karigarden, saman med kona si Edny, f. Vinje.

Ein pragmatisk lokalpolitikar

Han engasjerte seg tidleg i lokalpolitikken. Første stridsaka var kvar den nye skulen i Velledalen skulle liggje. Det var tre alternativ og Weiberg-Aurdal gjekk for det alternativet som til slutt vart valt, ei lokalisering midt i dalen, i Dalemyra, der idrettslaget bygde ei idrettsbane. Han vart vald inn i kommunestyret i Sykkylven første gong i 1953. Han sat der fram til 1971, og i åra 1964 til 1969 var han ordførar i Sykkylven. Han representerte Senterpartiet.

Weiberg-Aurdal markerte seg i lokalpolitikken som ein pragmatikar. Industrien i Sykkylven var i desse åra inne i ein kraftig ekspansjonsperiode og fleire bedrifter trong areal for å få realisert utbyggingsplanane sine. Mellom anna gjaldt dette bedriftene Hj. Brunstad og Sandella. Weiberg-Aurdal var med å leggje til rette for at begge desse bedriftene fekk byggje i tidlegare landbruksområde på Vik. Han var også ein pådrivar for å få etablert kommunale bustadområde slik at bygda sine industriarbeidarar, mange av dei tilflyttarar, kunne få byggje hus og slå seg permanent ned i kommunen. I hans ordførartid vart det første kommunale bustadfeltet etablert i Høgebøane på Vik. Det vart også teke initiativ for å byggje vassverk i heile kommunen. Weiberg-Aurdal var valt inn i politikken for eit parti som talte for distriktsinteressene, men som ordførar kom igjen pragmatismen til sin rett. Han meinte at kommunen var tent med eit sterkt sentrum dit fellesfunksjonane vart lagde. Elles var det brei politisk semje om at ein skulle halde oppe livskraftige lokalsamfunn i kommunen; i Velledalen, Ramstaddalen, Straumgjerde, Ikornnes og Hundeidvik med skule og bustadfelt i kommunal regi, i tillegg til private tiltak som samlingshus og daglegvareforretning.

Samferdslepolitikaren

Oslo S og Oslotunnelen opnast. Frå v. jernbanedirektør Knut Skuland, distriktssjef Trygve Meinstad, tidl. generaldirektør Edvard Heiberg, distriktssjef Finn W. Westlie, Trygve Bratteli, formann i samferdslekomiteen Arnold Weiberg-Aurdal og ordførar Albert Nordengen.
Foto: Norsk Jernbanemuseum

I 1969 vart Arnold Weiberg-Aurdal valt inn på Stortinget for Senterpartiet. Han sat på Stortinget i fire periodar, fram til 1985. Her markerte han seg som ein allsidig politikar, men han fekk særleg oppgåver innan samferdslepolitikken. I første perioden var han medlem i samferdslekomiteen. Frå 1973 til 1981, i to stortingsperiodar, var han leiar i Stortinget sin samferdslekomite. I sin siste periode var han medlem i den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen, ved sida av å vere med i samferdslekomiteen.

I sine stortingsår hadde han fleire representasjonsoppgåver. I 1970, -79, -81 og 83 var han med i Stortingets delegasjon til NATOs parlamentariske forsamling, i 1973 var han med i delegasjonen til Europarådets parlamentariske forsamling, og i 1976, 1982 og 1984 var han delegat til FNs generalforsamling. Han var på FN sin talarstol ved to høve. Den eine gongen hadde han innlegg om situasjonen i Midt-Austen, og den andre gongen var temaet Sør-Afrika og verdas mest omtalte politiske fange den gongen, Nelson Mandela. Tett før eitt av innlegga spurte dåverande FN-ambassadør for Norge, Ole Ålgård, korleis det kjendest å vere med å styre jorda. Weiberg-Aurdal som var vel kjent for sin humoristiske sans, svara: – Jau, jorda er eg vel vant med å styre, eg som er gardbrukar.

Attende til Sykkylven

Etter at han hadde gjeve seg i rikspolitikken, kom han på nytt med i lokalpolitisk arbeid, og i åra 1990-91 var han igjen ordførar i Sykkylven. Han opplevde returen til lokalpolitikken som noko frustrerande, fortalte han i eit seinare avisintervju: «Kommuneøkonomien var ein heilt annan i 1990 enn han hadde vore 20 år tidlegare. Eg fekk eit inntrykk av at eg hadde vore med å overføre ein heil del oppgåver til kommunane utan å syte for økonomisk dekning. Problemet med den statlege inntektspolitikken overfor kommunane er at den i stor grad er basert på statistikk og gjennomsnittstenking. Det viser seg at inntektssystemet er alt for lite finmaska til at det tek nok omsyn til det varierte økonomiske og geografiske kartet som finst i det norske kommunelandskapet.»

Ved sida av den politiske innsatsen i kommunestyret og på Stortinget var Weiberg-Aurdal med i ei lang rekkje styre. Mellom anna var han medlem i representantskapen i Tussa Kraft frå 1967 til 1971, han sat i skuleutvalet for Borgund yrkesskule frå 1964 til 1975, han var medlem av interimsstyret for distriktshøgskule i Møre og Romsdal frå 1968 til 1969. Weiberg-Aurdal var vidare med i styret for Privatbanken/Sunnmørsbanken avd. Sykkylven i 29 år, han var styremedlem i Televerket frå 1986 til 1994 og styremedlem i Stranda og Sykkylven Billag frå 1963 til 1973, då han tok over som styreleiar. Han var leiar i styret i transportselskapet fram til 1991. Han hadde elles ei rekkje tillitsverv i landbruksselskap og landbruksorganisasjonar.

Etter at han gav seg som yrkesaktiv, kom han med i pensjonistane sine organisasjonar. Weiberg-Aurdal var leiar i Sykkylven pensjonistlag frå 1996 og fleire år framover, han var leiar i Møre og Romsdal pensjonistlag frå 1997 til 2001 og landsstyremedlem i Norges Pensjonistforbund frå 1999 til 2001.

Kjelder og litteratur