Helge Fæhn ved lansering av boka Gudstjenesteliv i den norske kirke. Fra Samhold-Velgeren, tirsdag 15. mars 1994.
Helge Fæhn (fødd 13. desember 1918 i Skien, daud 21. oktober 2008 i Sandvika) var professor og doktor i teologi. Han var heilt sentral i utviklinga av dei nye liturgiane som Den norske kyrkja tok i bruk i 1970- og 1980-åra. Fæhn er óg rekna som ein av dei framste liturgihistorikarane i Norden.Han vaks opp i Skien, der han tok examen artium på latinlinja i 1938. Han studerte så teologi ved Universitetet i Oslo og ved Lunds Universitet i Sverige. Han avla teologisk embetseksamen i Oslo i 1945, og praktisk-teologisk eksamen i 1947. Etter nokra månader som hjelpeprest i Furnes prestegjeld vart han knytta til Teologisk fakultet som stipendiat, og i 1957 tok han doktorgraden. Avhandlinga Ritualspørsmålet i Norge 1785–1813. En liturgisk og kirkehistorisk undersøkelse med særlig henblikk på geistlighetens stilling til tidens reformplaner vart starten på eit yrkesliv der liturgien stod i sentrum.
Han var ein tid kallskapellan i
Nes på Romerike. I 1965 vart han så henta attende til universitetet for å arbeide med revisjon av liturgien. Så var han sokneprest i
Haslum prestegjeld ein tid, inntil han vart professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo i 1974. I 1986 pensjonerte han seg, men han var seniorforskar ved UiO til 1988.
Les mer …