Haavald Ilstad (1880–1905)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Minneplate på Haavald Ilstads gravstein på Lesjaskog kyrkje.

Haavald Peter Martin Ilstad vart født på Ilstad i Bodin landsokn, Bodø 21. juli 1880 av foreldra Johan Martinius Johansen (1856–1899) og kona Anna Maria Hansdtr. (1858–1897). Familien flytte til Bodø i 1889 og budde i 1891 i Dronningens gate.

I Bodø fullførte Haavald artium i 1901 med gode karakterar. Han fekk så post på eit sakførarkontor i Kristiania, men han kom same haust inn på universitetet og begynte å studere jus. Dessverre vart han sjuk av lungetæring og måtte gje opp studiane allereie våren 1903. Etter legeråd reiste han til Lergovik sanatorium ved Molde, seinare til Reknes.

Havald hadde tidleg kome i religiøs tvil og søkte medan han gjekk gymaset i Bodø kontakt med den katolske soknepresten ved St. Sunnivakyrkja i Harstad. Ei lang brevveksling Haavald hadde med pastor Dietrich i Harstad er teke vare på og viser ungdomens veg mot overgang til den katolske læra. I Kristiania budde han hos ein sterkt religiøs familie som behandla han som deira eigen son, men som óg registrerte at han oppsøkte St. Olavskyrkja og mistenkte at han utvikla sympati for det katolske.

Det hjelpte ikkje. Pastor Dietrich i Harstad varsla sin kollega pastor Peter Ugen i Jesu-Hjertekirkens menighet i Trondheim om ungdomens standpunkt. Ugen reiste sommaren 1903 til Lergrovik der han ble sikker på at Haavald ville konvertere og gjennomgikk viktige katolske skrifter, ritualer og øvelser. Ugen reiste fleire gonger på besøk til Haavald, og forstod at det gjekk mot slutten. Våren 1904 avla han derfor katolsk trusvedkjenning og vart katolikk.

Men helsa var det lite å gjere med. Direktøren på Reknes sanatorium hadde lenge rådet Haavald til å søke opphald i fjelluft, gjerne Gudbrandsdalen, og i juli 1904 reiste han til BjølverudLesjaskogen, der han altså ennå hadde ei lita von om å bli frisk.

Men utover hausten vart han dårlegare, og pastor Ugen kom midtvinters over Dovrefjellet for å gi Haavald den siste olje. Han døydde 27. januar 1905. Ugen reiste igjen over fjellet og stod for gravferda måndag 6. februar «under en enestaaende deltagelse fra de omliggende nabogaarde» som han skriv sjølv. Det vart sett opp eit trekors på grava med same innskrift som bildet av den gravsteinen som framleis står på Lesjaskog kyrkjegard.

Kjelder