Hans Edvard Vadstrand (1859–1945)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Edvard Vadstrand. Faksimile fra Vegusdal: Beiarn soknekalls historie

Hans Edvard Henriksen Vadstrand (fødd 21. august 1859 i Borgund, død 6. januar 1945 i Oslo) var prest.

Han var son av Kathrine Eliasdtr (1828–1899) og arbeidar Henrik Johannes Vadstrand (1827–1920). Han vert fleire stader omtala som «arbeidersønn», medan faren i forskjellige kjelder har titlar som dagarbeidar, steinarbeidar og husmann.

Gjennom studietida livnæra han seg som telegrafistassistent, han vart student i 1884 og cand. theol. i 1890. Han jobba som lærar og skulebestyrer før han fekk si første prestestilling, som sokneprest i Beiarn prestegjeld i 1900. I 1905 vart han sokneprest i Folden prestegjeld, og i 1911 i Brønnøy prestegjeld. Fra 1911 var han også prost i Sør-Helgeland prosti. Han vart sokneprest i Ullensaker i 1919, og var frå 1921 også prost i Øvre Romerike prosti. Han gjekk av for aldersgrensa i 1930, og flytta etter dette til Oslo.

Ved sin 70 års dag vart han i Morgenposten omtala som «den kjente Nordlands- og Romeriksprelat», i ein nekrolog i Romerikes blad vert han skildra som ein «varmhjertet og dyktig prest som var avholdt i sine menigheter.»

18. juli 1891 vart han gift med Ragnhild Henriette Kokk. Ho var dotter av Karen og prost Bernhard Kokk. Dei fekk seks born, mellom dei dottera Solveig Katarina som var gift med presten Arne Arnborg. Sonen Henrik hadde byrja på medisinstudiet, men døydde av Spanskesyken berre 24 år gamal.

Ragnhild si eldste syster, Marie Eleonore, var gift med Lauritz Bang som hadde vore prest i Beiarn 1878–1887. Vadstrand var altså svoger med ein av sine forgjengarar i Beiarn, men ikkje med sin umiddelbare forgjengar Jørgen Blydt Mowinckel slik Erling Vegusdal skriv.

I folketellingane fra 1900, 1910 og 1920 bur faren hos Hans Edvard Vadstrand og vart forsørga av han.

Kjelder


Artikkelen Hans Edvard Vadstrand (1859–1945) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.