Ragnhild Henriette Vadstrand (1861–1947)
Ragnhild Henriette Vadstrand (fødd Kokk 7. august 1861 i Lebesby, død 1947 i Oslo) var prestekone.
Ho var dotter av Karen Kokk, fødd Staavi, og Bernhard Kokk. Faren var sokneprest i Lebesby då ho kom til verda. Ho hadde tre eldre søsken, Marie Eleonore, fødd 1853, Ragnhild, fødd 1855 som døydde som spebarn og Daniel, fødd 1858. Etter ho kom søskena Anna Dorthea, fødd 1863, Karen Elisabeth, fødd 1867, Knut, fødd 1869 og Einar, fødd 1872.
Faren var prest forskjellige stader i Nord-Norge, ho budde i Lebesby i Finnmark til året ho vart tre år, så i Tranøy (no i Senja kommune) til ho vart 10 og så i Lødingen. Faren gjorde teneste i Lødingen prestegjeld frå 1871 til 1883, det er ikkje klart kor mykje ho opphalde seg der då. I folketellinga i 1875 er ho både oppførd i farens husstand i Lødingen som «skoledisciple», men og i husstanden til farens søster Henriette og hennar mann Hans Eliassen i Asker. Her er forutan ho bestefaren Daniel Kokk (f. 1798), tanta Maren Dorthea (f. 1830, ugift), broren Daniel og søstra Anna Dorthea. Både ho og syskena er oppførde med «skoledisippel», kva for skoler dei gjekk på kjem ikkje fram.
I folketellinga frå 1891 finn vi ho i farens hustand i «prestegoorden» (sic!) i Sørum prestegjeld, han hadde blitt sokneprest der i 1883. 18. juli samme år giftar ho seg med Hans Edvard Vadstrand. Han hadde blitt cand. theol. året før, og jobba no som lærar. Fram til han vart sokneprest i Beiarn prestegjeld i 1900 budde dei i nærleiken av Oslo, i 1895 er dei som faddarar registrerte med Nadderud som adresse.
Ho var prestekone i Beiarn 1900–1905, søstra Marie Eleonore hadde vore prestekone der tidlegare. Så fylgde Folden prestegjeld 1905–1911, Brønnøy prestegjeld 1911–1919 og Ullensaker 1919–1930. Då gjekk mannen av for aldergrensa, og dei flytta til Snarøya ved Oslo.
Ragnhild Henriette Vadstrand var mor til seks barn. Den eldste, Solveig Katharina, vart fødd i 1892 og den yngste, Bernhard, i 1902.
Kjelder
- Ragnhild Henriette Kokk i folketelling 1875 for Lødingen prestegjeld fra Digitalarkivet
- Ragnhild Henriette Kokk i folketelling 1875 for Asker prestegjeld fra Digitalarkivet
- 75 år. Brønnøysunds Avis 1934.08.16. 19340816. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Ragnhild Henriette Vadstrand i Historisk befolkningsregister.
| Artikkelen Ragnhild Henriette Vadstrand (1861–1947) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |