Hundvåg og øyane

Hundvåg og øyane – straks nordaust for Stavanger ligg eit heilt arkipel av større og mindre øyar, byholmane som dei titt vart kalla på dei andre ryfylkeøyane. Størst er Hundvåg som åleine utgjer om lag helvta – 4,7 kvadratkilometer - av dei kring ti kvadratkilometrane dette øyriket femner. På denne øya låg også frå høgmellomalderen og fram for kring 200 år sidan dei fire einaste namnegardane på arkipelet. Under desse gardane låg også – med unnatak av Kalvøy - alle dei 15 øyane og holmane som har hatt busetnad i nyare tid.

Kart over Hundvåg og øyane anno 1855. Frå Kartverket sine historiske kart.

Hundvåg har sidan mellomalderen vore delt mellom fire namnegardar: Austbø, Husabø, Lunde og Skeie. Til desse gardane låg det eit mylder av småøyar og holmar. Flest av øyane høyrde til Austbø. Størst var Buøy på 675 da. Straks ved Buøy ligg Engøy på 171 da. Mot søraust finn me Steinsøyholmen på rundt 40 da, Steinsøy på kring 100 da, Ormøy på om lag 200 da. og Midtholmen  på ca. 60 da. Lenger unna mot nordaust finn me den 430 da. store Langøy og mot søraust Lindøy på 280 da. og Hellesøy på 410 da. og Tunsøy på kring 100 da. som også høyrde til Austbø.[1]

Husabø sine øyar låg mot nordaust: Sandøy på kring 250 da.,  Eigerøy på rundt 140 da. og Litla Lindøy på kring 80 da. Endeleg åtte Skeie og Lunde fylgjande øyane i lag: Vassøy på 770 da, Roaldsøy på 252 da. og Bjørnøy på 200 da.  

Holmar og skjær

 
Henta frå Helliesen, Tor: Oldtidslevninger i Stavanger Amt, Frue landsogn, Stavanger museum, Aarshefte 1900, Stavanger 1901.

Utanom desse øyane, høyrde Litla Kvitsøy («Lille Hvidingsøe», i dag Sølyst) på kring 100 da og Grasholmen på kring 50 da til Kongen fram til 1607. Dette året vart desse siste øyane gitt - saman med Eiganes – til Stavanger by. Kalvøy på 580 da. låg under Madla. Til saman omfattar alle desse mindre øyane 4500 dekar, og er altså mest jamstore med Hundvåg med sine 4700 da.[2]

Attåt fanst det eit mylder av holmar og skjær som Klasaskjæret, Skarvaskjær (Dynamittskjeret), Plattingen, Majoren, Engøyholmen, Tjuvholmen, Ormøyholmen, Koppholmen, Midtholmen, Rundeholmen, Hestholmen, Vassøykalven, Hellesøykalven, Bokkholmen, Tyteberholmen, Davidsholmen, Sauholmen og Odda for å nemna dei viktigaste. Gjennomgåande var desse holmane mellom ti og tjue dekar i flatevidd.  

Etter funna å døma, er Hundvåg ein av dei fyrste stadene folk laga seg bustadar for kring 10.000 år sidan.[3] I fyrste rekkje var det Hundvåg dei var innom. Gjennom tidene har mykje tradisjon blitt levert frå generasjon til generasjon.  

Kong Drankenberg i Dragaberget

Oppe på Heiå ved Klampen sto i eldgammal tid nokre store og flotte bygningar. Der rådde den styrtrike Kong Drankenberg, fortel segna.[4] Ein dag fekk han høyra at røvarar var på veg. Då gøymde han skatten sin under ein stor stein. Røvarane lende i Dragabergsvika, sette oppover bakkane, drap kong Drankenberg og brende husa hans. Dragaberget og Dragabergsvika er sidan kalla opp etter han, fortalde Severine Helgevold.[5]

Severine fortalde også om koss ho fælte når ho gjekk på skulen framom Krosshaugen, det budde daudingar i haugen. Det hende dei kom ut og tok etter folk, fortalte ho. Dette må ha vore før 1886 då haugen vart fjerna. Det var ein stor, rund haug, 21 meter i tverrmål og to meter høg. Inni haugen fann dei fleire store gravkammer, brende bein, restar av urner og kol.[5] Elles fortalde segna også om haugfolk nede ved Austbøsjøen.[6]

Torstein Østbø kom til verda i 1888 og budde der det gamle klyngetunet på Austbø låg. Det var som ein heil liten landsby, fortalde han. Husa låg så tett at ein kunne pissa frå bygg til bygg hevda han til forfattaren.[7]

Krosshaugar og far etter kyrkje

I austre kanten av tunet på haugen ovanom Loen, låg kyrkja. Etter at Torstein hadde harva på marka der kyrkja låg, skilde sjølve kyrkjetufta seg tydeleg ut ved at molda der var kvit av kalk. Fint tilhogde steinar frå kyrkja hamna også i hagegjerdet, trappa hans og i løemurar på garden.

Naboen Roald Østbø viste stundom besøkande ein stor firkanta stein i kjellargolvet sitt. I fylgje han var dette baksida av alterbordet til den gamle kyrkja. Det hamna sidan i den nye kyrkja på Hundvåg.

Krosshaugen låg berre eit steinkast nord for der kyrkja sto, fortalde Torstein. Haugen var rund og 21 meter i tverrmål og 2 meter høg. Då han vart fjerna kring 1886, fann dei fleire store gravkammer i han og elles brende bein, kol og restar av urner.[8]

Det var elles ikkje den einaste krosshaugen på øya, også Husabø hadde sin krosshaug. Der sto det jamvel ein stor steinkross fram til 1842 – ein kross historielaget sidan fann att, restaurerte og plasserte i den nye kyrkja.

Då forfattaren var gut, i 1950-åra -  fortalde dei gamle, somme fødde fyrst i 1860-åra, vidare slikt som dei hadde høyrt då dei var små. Sjølvsagt var det ein del underjordiske og attergangarar, mellom anna på Husabø.

Hitfolket

 
Kart over Hundvåg og øyane anno 1891. Frå Kartverket sine historiske kart.

Ein kar frå Husabø som gjekk over øya til Austbøsjøen, vart brått var ein svær hest som gjekk ved sida hans. Bak hesten gjekk det ein liten mann med pinnhuve, eit slag topphuve. Men før dei kom opp på Austbø, forsvann dei begge i jorda – det var hitfolket, dei underjordiske, han hadde hatt lag med.[9]

Ei segn fortalde om ”Dalarsteinen”. Han låg på ei hylle i strandsona heilt søraust i Klampen innanfor skjæra ”Dynene”. La du ein dalar på han, gjekk han tri gonger rundt sin eigen akse når kyrkjeklokkene ringde om det nå var dei i byen eller dei i kyrkja på Austbø.[10]

Segn og sanning

Alt dette dei eldste fortalde, skapte ein atmosfære av elde og mystikk. Kva skjuler seg eigentleg bak det dei fortalde? Faktisk finst det døme på at kjernen i somme segner har overlevd i 1500 år. Kan det liggja realitetar bak nokre av forteljingane?  Den gamle tradisjonen om at det berre var ein hund som overlevde Svartedauden og at det var dette som gav namnet Hundvåg, kan me straks sjå bort frå. For det fyrste veit me at relativt mange overlevde Svartedauden her.  

For det andre er namnet mykje eldre enn Svartedauden og vart i mellomalderen skrive Hunduoko. «Hund» skal då tyda fangst, fiske medan vaka tyder fiskestim i vasskorpa. Namnet Hundvåg tyder då ein stad dei fanga mykje fisk.[11]

Dei andre øynamna

Når det gjeld namna elles, har det vore gissa på at Bjørnøy, Ormøy og Roaldsøy kjem av mannsnamna Bjørn, Orm og Roald. Men når det gjeld Bjørnøy kan det sjølvsagt dreia seg om dyrenamnet eller Bjørnbærris som det skal ha vore ein del av. Roaldsøy kjem klart av mannsnamnet medan det på eit berg i sjøkanten på Ormøy skal vera eit mønster som ryggen på ein hoggorm.

Mange av dei andre namna er sjølvforklarande: Vassøy: øy med vatn på, Lindøy: øy med lyng, eventuelt lindere på, Langøy, ei langstrakt øy, Engøy – ei øy med eng, Buøy – øya med beitemark (for Austbø), Sandøy – ei øy med sandstrender, Eigerøy – her har det vore eik og Hellesøy -  kjem av øya der det er hellar, ei fjellhole, Kalvøy har venteleg namn som beiteområde for kalvar og på Steinsøy ligg ein særs stor stein som har gitt øya namn.[11]

Haug og hammar

Hundvåg er ei etter måten flat øy dekka av lausmassar og med ei gjennomsnittshøgd på sju meter over havet. Øya var i 1888 delt mellom fire matrikkelgardar med Austbø på 30,77 mark landskyld som den austlegast og største, Husabø på 28,6 mark. i vest, Skeie på 21 mark som grensar til desse gardane i nordaust og Lunde på 16,63 mark. heilt i nordaust.[12]

Dei mindre øyane var meir småkuperte, for det meste med mykje berg i dagen men relativt låge. Dalehaugen på Buøy nådde opp i 31 meter medan dei høgaste punkta på Roaldsøy og Bjørnøy var 18 og 17 meter. Det høgaste punktet finn me på den fjellfulle Steinsøy på 38 meter.  

For det meste er fjellgrunnen fylitt. På Hundvåg er berget stort sett skjult av morenemasse med unnatak av Dragaberget lengst i søraust som med sine 30 meter er det nest høgaste punktet på øya. Høgast ragar Lundehaugen med sine 35 meter, men som mangla berg i dagen.  

Vidare ligg det høgaste punktet på Sølyst på 30 meter, på Langøy 23 meter, på Eigerøy og Sandøy 21 og 18 meter og dei tre holmane nordvest for Vassøy på mellom 16 og 19 meter. Vidare finn me det høgaste punktet på Lindøy på 31 meter, på Tunsøy på 35 meter, på Kalvøy på 30 meter medan Hellesøy med sine 42 meter ragar høgast.  Sidan havet på det høgaste rett etter istida nådde 25 meter over dagens nivå, låg det meste av dei mindre øyane under vassflata.[13]

Fram stig øyar

Dei gamle fortalde at då dei var små, flødde sjøen over det låge eidet mellom Hundvåg, Fjellberg og Buøy. Når buskapen frå Austbø skulle på beite på Buøy, laut han såleis vassa over i sjøen. På det viset hang Galeivågen og Bangarvågen saman medan Fjellberg låg som ein holme for seg. Ragnhildholmen – det nåverande Jadarholm – er også knytt til Hundvåg med eit lågt eid som for nokre mannsaldrar sidan berre var eit grunt sund.

Me ser det ikkje så godt i løpet av ein mannsalder eller to. Men for eit par hundre år sidan sto sjøen kring 20 cm. høgare enn nå. Det innebar at sjøen jamt fløymde over Hundvågkrossen og mellom Fjellberg og Buøy. I løpet av dei neste 10.000 åra skal landet stiga ti meter til og skapa nye eid. Gradvis aukar «byholmane» i flatevidd.  

Dess lenger tilbake i tida, dess oftare fløymde sjøen over. Går me  tilbake til då Erling Skjalgsson for tusen år sidan rådde på Sola – eller på Lunde (?) -, sto sjøen ein meter høgare enn i dag. Det vil seia at alle desse eida då var grunne sund.  

Skjær vert holmar

Årsaka finn me i landet gradvis har lyfta seg etter at isen forsvann for kring 13.000 år sidan. Då trykket letta, tok landet til å stiga – rett nok med eit tilbakeslag då iskappen over Nord-Amerika smelta.

I den eldste steinalderen sto sjøen 25 meter høgare enn i dag, i bronsealderen fire meter høgare enn nå og i mellomalderen altså kring ein meter.  

I dei tider då det var sjøen som batt og landet som skilde, er dette viktig å ha for auga når me skal leita etter eldgamle buplassar, naust, støer og hamner. Stader som er for grunne i dag, kunne ei busse eller eit langskip flyta gjennom for tusen år sidan. Det som vart kalla skjær for tusen år sidan, vakse til små, flate holmar i dag. Eit døme kan vera Svartaskjæret nord for Bjørnøy. I dag er det høgaste punktet på den ca. 150 lange holmen eit par meter. For kring tusen meter sidan, var det berre eit snautt 20 meter langt skjær.[14]

Frå naturen si side låg alt framifrå til rettes for at Hundvåg skulle bli ein viktig og sentral stad heilt sidan Kristi fødsel og endå lenger tilbake. Her var gode hamner skjerma av mindre øyar og holmar på alle kantar: i Austbøvågen, Bangarvågen, Røydehabn, Kistesundet, Tømmervika, Lundsvågen og Dragabergsvika – bare for å nemna nokre.  

Overskot frå sjø og land

Øya låg også i det mest grøderike området i heile landet der det også var gode farleier å ta seg fram over. Klimaet var òg det beste i landet og jordsmonnet var grøderikt ”rådafjell” – fyllitt som smuldra lett og vart til mold og mineralar. Kring øya fanst det ei mend gode fiskeplassar, og refleksen frå havflata skapte den såkalla ”sjørefleks-effekten” som gav meir lys. Det fremja vokster i større grad enn det som skulle gro lenger inne i landet. For kvart kilo dei sådde, fekk dei 7 – 8 kilo att. Dette medan dei på Nord-Jæren fekk kring 6 kilo og på Austlandet 2-3 kilo.  

Sjølv om øya var låg, det høgaste punktet ragar som nemnt berre 35 meter over havet, er ho prega av vide sjølvdrenerande moreneryggar. I tider då dei kjende lite til dreneringsteknikk, gjorde dette at særs mykje areal kunne dyrkast. Småøyane ikring var småkuperte med mykje berg i dagen, også her for det meste fylitt. Dei var etter måten låge, dei høgaste nådde opp i 30 – 40 meter, men var stort sett lite eigna til åkerbruk. På den andre sida høvde dei framifrå til beite, trygge som dei var for rovdyr med sjøen som naturleg gjerde.  

Dei fyrste går i land

Slik desse øyane ligg til ved sjøen og kysten, var dette ein av dei fyrst stadene folk kom då isen trekte seg tilbake. Dei eldste buplassane her er 10 000 år gamle, mellom dei eldste i landet. Sjølv om det i fyrstningar ikkje var stort anna enn nokre holmar som stakk opp av vassflata, slo dei frå tid til annan opp leir langs strendene her i eldre steinalder. Også Hundvåg sjølv var broten opp i mindre øyar.[15]

I yngre steinalder streifa dei kring i varmekjære lauvskogar på øya, svei av og sådde i oska. Sauebræking og kuraut kunne høyrast mellom eikeleggane der mannfolka jakta på elg, hjort og kanskje også villsvin. Nå hadde landet stige slik at sjøen bare sto åtte – ni meter høgare enn i dag.

Mange lausfunn frå steinalderen viser at det sjølvsagt var folk innom dei mindre øyane. På Vassøy er det mellom anna funne ei kring 5000 år gammal kølle av stein, ei vestlandsøks frå same tid, to smale flintflekker også frå steinalderen og ei holøks av jern frå vikingtid.[16]

I ein hellar på Hellesøy er det også gjort lausfunn frå steinalderen.  

Far etter fast busetnad før nyare tid, er likevel ikkje registrert.

For fire tusen år sidan, ved inngangen av bronsealderen, vart folket fastbuande. Dei eldste fara etter dei fyrste bøndene er 4200 år gamle – både restar etter bygningar og korn der Austbø Næringsområde etablerar seg. Ikkje så mykje yngre er heller dei eldste husa i Heiå. Sidan budde her folk heilt fram til folkevandringstida, ca. 550 e.Kr. [17] Skal kong Drankenberg ha budd her, må det såleis ha vore seinast for kring 1500 år sidan. Me trur heller at tuftene etter husa her framleis var synlege for to – tri hundre år sidan.  

Dragaberget

Så vart det konstruert ei forteljing som både forklarte bygningane her og namna på området dei låg i Dragaberget og Dragabergsvika. Garden her oppe vart fråflytta i samband med omlegginga av jordbruket som fann stad på denne tida. Me kan gissa på at han beint fram heitte ”Dragaberg” i pakt med gardsnamn-tradisjon i distriktet. Andre døme er Varaberg, Hegreberg, Randaberg og Skadberg for bare å nemna nokre.  

Tydinga er ”Ved berget der ein dreg opp båtar”. I vika mellom Ragnhildholmen og Klampen er det framifrå høveleg å trekkja båtar på land. Og endå betre må det ha vore då sjøen sto halvannan meter høgare enn i dag. Det er difor truleg at ”Dragabergsvika” frå fyrst av beint fram heitte ”Dragavika” som tyder ”vika der ein dreg opp båtane”. Sidan fekk berget namn etter vika slik som namnet på vika med tida vart påverka av namnet på berget.[18]

Garden med dei store husa

Kvar dei flytta, veit me sjølvsagt heller ikkje. Men ei lang rekkje gardar i Rogaland vart avfolka kring 550 e. Kr. Kanskje døydde ein del i pest medan overlevande flytta til nabogardar som Austbø eller Husabø.  For det fanst andre eldgamle gardar på Hundvåg. Eldst, størst og mest nærliggjande er garden Austbø som i dag også femner Dragaberget. Men Husabø ligg ikkje langt etter. – Med sine seks skippund kornskyld er dei i nyare tid mellom dei største gardane på Jæren. Begge ligg på moreneryggar med store vidder med opplendt og sjølvdrenerande jord, ideelle for slik ein dreiv gardane i mellomalderen og tidlegare. Arkeologiske funn tyder på at dei kan  ha opphav i bronsealderen.[19] Også dei andre namnegardane på Hundvåg –  Lunde og Skeie – er så store at dei må ha høg alder, venteleg eit par tusen år og kanskje meir.[20]

Namna ”Husabø” og ”Austbø” treng likevel ikkje vera så gamle som gardane. Uansett har også dei høg alder, kanskje eit par tusen år og meir. Husabø tyder då ”Garden med dei store husa” og Austbø ”garden som ligg mot aust”. Austbø er då også den austlegaste garden på Hundvåg. Mellomaldertuna til dei to gardane låg elles ein dryg kilometer frå kvarandre, alt for mykje til at det kunne dreia seg om to tun som hang saman.

Lunde og Skeie er noko mindre gardar, men også dei frå  førkristen tid. Namnet Lunde tyder ein stad med eit mindre skogholt. I norrøn tradisjon var det tale om heilage lundar som hadde ein religiøs funksjon. Særleg vart treslaget «lind» rekna som heilagt. «Lunde» kan såleis henga saman med at det her var ein heilag lund som var sentrum for religiøse ritual.  

Nabogarden heiter Skeie og namnet vart i 1379 skrive i Skeihe. På denne garden ligg elles det største flate området i nyare tid omtala som «Atlanteren». «Skeie» kjem av gammalnorsk «Skeid» som tyder ein stad eigna for hesteløp, gjerne i religiøs samanheng.

Storfolk i eldre romartid[21]

At desse namna går så langt tilbake, høver også med funna som er gjort rett sør for mellomaldertunet på Husabø. Då arkeologane i 2001 skava av åkerjorda, kom det for dagen heile seks treskipa langhus frå eldre romartid! Det vil altså seia at dei var opp mot eit par tusen år gamle. Den vestlegaste og eldste delen av anlegget besto mellom anna av ein imponerande bygning: Heile 40 meter lang og 7,5 meter brei, det vil seia at det dekka ei flate på 300 kvadratmeter. Etter ei tid vart langhuset rive og erstatta av to mindre, parallelle langhus som låg ti meter frå kvarandre.[21]

Noko lenger aust låg eit anna gardsanlegg, også det med to parallelle langhus. I det sørlegaste bygget var det på nordsida og i den vestlegaste enden sett opp ein 3,4 meter brei port, større enn nokon annan port i landet frå førhistorisk tid. Dette svære huset kan godt ha gjeve garden namn. Dimensjonane er elles slik, at det ligg nær å rekna at garden har husa hovdingar.[22]

Me legg også merke til at både Husabø og Austbø hadde kvar sin krosshaug. Tradisjonelt fekk slike haugar namn etter store steinkrossar som vart sette opp før det kom kyrkje på staden. Det som er uvanleg her, er at to grannegardar fekk slike krossar. Det kan tyda på at begge hadde høg rang og at det på begge gardane har budd storfolk. Det kan sjølvsagt også tenkjast at storfolka fyrst budde på Husabø og reiste kross der, men at tyngdepunktet vart flytta til Austbø slik at denne garden fekk krossen i staden.  

Mellom dei største på Jæren

Kva veit me så om desse to gardane i høgmellomalderen. I tidleg nyare tid var altså  landskylda  på 144 spann eller seks skippund korn.[23] Det svarar til kring 1,1 tonn omrekna til meir moderne mål. Men på gardar som beheldt noko av busetnaden gjennom Svartedauden og seinmellomalderen, fall landskylda i snitt til fjerdeparten av gammalt nivå. Det vil seia at kvar av desse to gardane kan ha hatt ei landskyld på kring  576 spann eller kring 32 månadmatsbol som gardane vart rekna i då. I moderne mål svara dette til opp mot 4,5 tonn. Etter som ein rekna i samtida, gjekk det å leva av ein gard på seks månadmatsbol. Det vil seia at det på Austbø kan ha budd kring fem bønder då.

Nok korn til 200 personar

Me veit vidare at landskylda i høgmellomalderen normalt utgjorde kring sjetteparten av gardsproduksjonen. Det vil seia at heile produksjonen av Austbø då kan ha svara til opp mot 27 tonn korn. Om helvta av dette var korn, kan altså garden hatt ei kornavling på 13-14 tonn! Tilsvarande reknar ein med at det sist på 1600-talet vart avla snautt 13 tonn korn.

I gamleåkeren – eller storåkeren som han òg vart kalla – sådde dei tett og hausta mykje. Kring 290 kilo målet var vanleg. Det vil seia at dei år om anna spadde kring 50 dekar. Vidare gav austbøåkeren 7,3 kilo avling for kvart kilo ein sådde. Det vil seia at han var mellom dei beste i landet. Når då såkornet var lagt til sides, var det att eit overskot på 12 tonn til mat. Det var nok til å kornfø 65 personar.[24]

Husabø hadde same landskylda og kan ha hatt ein tilnærma produksjon medan Lunde og Skeie til saman kan ha hatt ei landskyld på opp mot kvar av dei to andre gardane. Det vil altså seia at heile Hundvåg hadde opp mot 150 mål åker der det vart avla 42 tonn mat. Når då seks tonn var lagt til sides som såkorn, hausta dei av heile øya nok til å brødfø opp mot 200 personar.  

Ei ku på målet

Etter Gulatingslova var det plikt å halda minst ei ku for kvart mål åker. Dette stemmer presis med talet mjølkekyr i 1668 – då var det på heile øya 148 kyr! Kring 150 kyr kan det difor også ha vore i høgmellomalderen. Sidan ein reknar at kvar ku mjølka kring 500 liter årleg så langt tilbake, gav det 75 tonn mjølk årleg. Vidare gav desse kyrne eit par tonn kjøt årleg. Men det viktigaste produktet, var helst gjødsel til åkrane.  

Småøyane ikring eigna seg også framifrå som beitemark. Sjøen danna ei naturleg innhegning og her var det ingen fare for rovdyr. I 1603 høyrer me at det på ei av dei tre øyane som Skeie delte med Lunde, hadde Skeie rett til å ha tre kyr.[25]

Når det gjeld sauehaldet, er det meir usikkert. Men eit par hundre – minst – må her ha vore. Det gav halvanna tonn kjøt. Men ull, talg og jamvel sauemjølka kan ha vore vel så viktig!  

Til beiteområde delte dei også øyane i grannelaget.  Austbø sikra seg ein gong seinast i mellomalderen Engøy, Buøy, Langøy, Ormøy, Hellesøy, Steinsøy og den søre Lindøya, Husabø fekk Sandøy, Eigerøy og den nordre Lindøya medan Skeie og Lunde delte Vassøy, Roaldsøy og Bjørnøy. Kalvøy høyrde underleg nok til Madla. Men før makebytet mellom Bru og Madla i 1637 då Bru vart lagt under bispestolen og Madla under lensherren, kan det tenkast at Kalvøy låg under Bru. Slik vart i alle fall småøyane rekna opp på 1600-talet.[26] I andre samanhengar vart det sagt at også Hellesøy og Steinsøy låg under Austbø.

Kring 80 hundvågfolk?

Kor mykje folk kan det så ha budd på Hundvåg for kring 700 år sidan? Me veit at det generelt var eit ganske stort folkepress i landet fyrst på 1300-talet. På Austbø og Husabø budde fire bønder kvar gard då gardane kring 1660 hadde henta seg inn att etter den store krisa i seinmellomalderen. På Skeie og Lunde budde det samstundes to bønder på kvar gard. Etter dette reknar me med at det budde 4-5 bønder på Austbø, fire bønder på Husabø, to på Skeie og to på Lunde rett før Svartedauden. Det tyder på at det på heile øya kan ha budd om lag tolv bønder i høgmellomalderen. Men på småøyane er det ikkje gjort funn som tyder på fast busetnad der i høgmellomalderen.

Normalt reknar me at det budde i snitt seks personar for kvar husstand. Det vil seia at det då kan ha budd 70-80 personar på heile øya. Men når folkepresset auka, førde det ofte til ei viss opphoping av folk i kvar husstand. Under folketrykket sist på 1700-talet, heldt det såleis til i gjennomsnitt opp mot åtte personar i kvar huslyd.[27] Men held me fast ved at det på heile øya budde kring 80 personar tett før Svartedauden, har produksjonen på heile Hundvåg svara til 1,4 kilo korn og 2,5 liter mjølk. Begge deler var halvannan gong meir enn det dei trong til eige kosthald. Med andre ord var Hundvåg så fruktbart at øya kunne fø 200 personar, 120 fleire enn det budde her.  

Ei øy for storfolk

Ikkje berre det – sjøvegen var som sagt svært enkelt å frakta større varemengder frå og til øya. Farvatnet var smult, hamnene var mange og gode og her fanst også strender der det var svært greitt å trekkja opp jamvel større båtar. Attåt låg øya sentralt til i leia og representerte på eit vis porten mellom Ryfylke og Jæren, særleg i tider då ferdsla frå og til Jæren helst gjekk sjøvegen. Ikkje bare var Hundvåg eit overskotsområde, ho låg også strategisk til ved leia og var lett tilgjengeleg.

Difor var øya alt i førkristen tid ettertrakta hjå stormennene. Såleis er det 40 meter lange huset og bygningen med den svære porten, gode vitnemål om at det budde hovdingar på Husabø. Store gravhaugar og dei to steinkrossane på Husabø og Austbø vitnar om det same ved overgangen til kristen tid.[28]

Hundvåg var altså ein sentral og viktig  langt tilbake i tida. Faktisk er det ein hypotese om at både Erling Skjalgsson og sonen Aslak budde på Lunde. Funn av fleire penningar viser til Lunde og ein nemner Lundsvågen. Det heiter også at dei som laga myntane var Erling og Aslak.[29] Men det må leggjast til at ein annan teori viser til Lund i Sverige.  

Adel og kyrkje på Austbø

I høgmellomalderen er det tydeleg at Austbø vart stormannsgarden. Dei fleste kyrkjene som vart reiste i høgmellomalderen låg oftast ved gardstunet til stormannen og ikkje midt i soknet. Dei fleste av dei eldste kyrkjene på 11- og 1200-talet vart såleis reiste av stormenn ved tunet deira. Det galdt t.d. kyrkjene både på Talgje, Finnøy, Askje, Haugvaldstad, Bru, Viste, Randaberg, Sørbø og Bokn – berre for å nemna nokre. Dei var då både høgendekyrkjer – dei skulle tena stormannen og gje han status – og dei tente soknefolket.[30]

Hunduoko kirkiu

 
Steinen markerar staden der kyrkja stod.
Foto: Ottar Sæle

Slik vart det også på Austbø. I tidleg kristen tid vart det reist ein steinkross på ein stor rundhaug på det høgaste punktet i tunet. Slik markerte stormannen at kristendommen var komen til gards – til Austbø. Og kring 1100 e.Kr. sette han opp ei lita steinkyrkje her oppe, ho skal ha minna mykje om kyrkja på Sørbø på Rennesøy og hadde tårn som ho. Ho var 22 meter lang og åtte meter brei. Etter dei indre måla, var våpenhuset 4,5 x 5 meter, skipet 10 x 5 meter og koret 5 x4 meter. Såleis var ho innvendig totalt på 92,5 kvadratmeter. Til samanlikning er Sørbø kyrkje på Rennesøy 17,5 meter lang, men manglar våpenhus.[31]

Etter som skikk var i tida, vart ho bygd i romansk stil og var i fyrste omgang meint å tena stormannen. Attåt var ho også soknekyrkje for dei snautt hundre sjelene på øya. Stormannen på Austbø hadde jamvel styrke og råd til å halda eigen prest ved kyrkja – og bror til sjølvaste biskopen i Stavanger. Kring 1300 heitte lendmannen på Austbø Trond og presten hans Aslak.[32]

Denne stormannen må ha ått heile øya og attåt mykje jordegods langt utanfor Hundvåg, ein føresetnad for drift og vedlikehald av kyrkja og livsgrunnlag for presten hennar. Presten fekk venteleg eit av bruka på Austbø til å leva av.  

I mellomalderen var det tett mellom prestane og kyrkjene i landet. I gjennomsnitt var det ein prest og ei kyrkje for kvar 300 innbyggjarar. I Randaberg var det 200 innbyggjarar for kvar av dei to prestane og kyrkjene der og i Madla sokn var det både prest og kyrkje sjølv om det ikkje var stort større enn Hundvåg. I Stavanger med sine kanskje 7-800 innbyggjarar, var det seks kyrkjer, eit kloster, eit hospital og ein katedralskule sist på 1200-talet!36

Apostelkyrkja i Bergen tek over Husabø og Austbø

Stormennene på Austbø må ha vore aktive under borgarkrigstida på 1100-talet. Og på eitt eller anna vis glei jordegodset or hendene deira. Kanskje skjedde det via giftarmål og arv, kanskje vart det konfiskert av mektigare fiendar. Men etter alt å døma hamna i det minste Husabø og Austbø midt på 1100-talet i hendene til lendmannen Jon Torbergsson på Randaberg, eit medlem av den mektige arnungætta, svoger til kong Magnus Erlingsson og tipptipptippoldebarn til Erling Skjalgsson.  

Oldebarnet til Jon Torbergsson på Randaberg, var Margrete Skulesdotter som vart gift med kong Håkon Håkonsson. Venteleg tok ho med seg inn i ekteskapet mykje av arva etter Jon, mellom anna Husabø og Austbø på Hundvåg og Randaberg og Indre og Ytre Bø i Randaberg. Sonen til Margrete var Magnus Lagabøter som fekk kongsnamn i 1258 og budde tidvis i Stavanger. I 1264 døydde faren og Magnus flytta til Bergen for å ta over som rikskonge. Ei tid etter – i 1275 – oppretta han den tredje Apostelkyrkja i Bergen som mellom anna skulle fungera som ein del av hans riksadministrasjon ved å gje tilgang til skrivekunnige menn. Til å finansiera kyrkja og dei geistlege ved kyrkja, la han til mykje jordegods, ikkje minst frå morsarva si. Og mellom denne var altså Bø-gardane i Randaberg, Randaberg, Husabø og Austbø.[33]

Hirdmannen Trond til Austbø vert lyst i bann  

Austbø heldt likevel fram med å vera sætegard for storfolk. Men nå var dei blitt kongelege tenestemenn og medlemmar av hirda. Sist på 1200-talet heitte hirdmannen på Austbø Trond. Samstundes var Aslak, bror til biskop Arne i Stavanger, prest i ”Hunduoko kirkiu”.  

Arne vart i 1276 vald til biskop etter Torgils som døydde det året. Arne hadde tidlegare vore krossbror i Stavanger, men vart vald etter ein iherdig valkamp med mange rause valløfte til dei andre krossbrørne. Men lovnadane vart gitt i ei uheldig tid, byen var lagt i oske fire år tidlegare. Nå trongst alle tilgjengelege inntekter ikkje bare for å få gjenreising. Dessutan satsa han på å utvida henne og å gjera henne mykje gildare enn tidlegare! Mellom anna ville han setja opp eit mykje større kor enn før. Ho skulle vera som det høvde seg for den åndelege hovdingen av Rogaland, Agder, Valdres og Hallingdal!

Så tok han til å trekkja inn att mykje av dei godene som tidlegare var gitt til krossbrørne, mellom anna bispetienda frå Finnøy. Trond saman med andre hirdmenn som Orm på Vollane (Austvoll og  Årsvoll i Høyland), lagmann Sigurd på Randa på Randøy, Tollak på Dirdal, Einar på Kjosavik og Salomon Asolvsson på Lunde freista å gripa inn for å avgrensa det dei meinte var overgrep frå biskop Arne si side.  

Ein gong – venteleg hausten 1299 - henta Arne med makt og vald korn frå åkrane som var tildømde krossbrørne og frakta det heim til bispegarden. Trond på Austbø og dei andre rykka då ut og henta tilbake kornet. Som straff vart dei då lyste i bann på det viset at deira lokale prestar nekta dei sakramenta og andre kyrkjelege tenester. Såleis nekta altså Aslak å gjera kyrkjelege teneste for Trond sameleis som presten i Høle nekta Tollak på Dirdal, presten på Soma nekta Orm på Vollane og Salomon Lunde og presten på Fister nekta Sigurd på Randa.

Bot for ulovleg bannlysing

Dette var ikkje å leva med, og dei klaga til paven. Det vart då sett ned ein domstol av biskopen i Oslo og abbeden på Hovudøya. Resultatet vart at kvar av prestane laut betala sine respektive hirdmenn seks mark av beste pengar som straff for ulovleg bannlysing.[34]

Som sagt vart Husabø og Austbø i 1275 lagt under Apostelkyrkja i Bergen. Men sjølv om hirdmannen på Austbø sat som leiglending, åtte han jordegods andre stader, mellom anna i Skeie på Hundvåg. Denne garden var på 48 spann i tidleg nyare tid noko som skal ha svara til kring 12 månadmatsbol i høgmellomalderen.  

Mannedaude og drepsott

Kring 1349 heitte kanskje nokre av eigarane til Skeie Torjuls og Torleif. Det var denne sommaren den store katastrofa ramma Hundvåg - som resten av landet – Svartedauden. Store delar av folket vart rive bort i løpet av nokre månadar. Men etter ti år – før såra etter den førre pesten hadde sjanse til å lækjast, ramma neste pestepidemi: den store barnedauden. Sidan gjekk det kring ti år til då drepsotta råka bygdene her. Steg for steg fall folketalet før det utpå 1400-talet låg nede på tredjeparten av gammalt nivå.  

Ikkje bare fall folket frå, for jordeigarane tok det til å bli stadig verre å få inn leigeavgifta frå jord frå dei som levde att. Stort sett reknar ein med at landskylda fall til fjerdeparten av gammalt nivå. Men dette fekk ein altså bare inn frå tredjeparten av dei som betala før pesten kom. Og tienda vart redusert i takt med avfolkinga. Venteleg fekk ikkje jordherrane inn stort meir enn tiandeparten av nivået i høgmellomalderen. Samstundes fall også prisane på jord kraftig. Sjølv om inntektene til kyrkja svikta, fekk dei både gjennom testamente og kjøp sikra seg ein god del meir jord enn tidlegare. På det meste reknar me med at kyrkja åtte om lag helvta av alt jordegods i landet.  

Folketalet blir halvert….

Sjølv om Hundvåg var ein attraktiv stad og noko av folketapet etter pesten vart fylde opp gjennom flytting frå skrinnare bygder, vart talet på bønder frå kring 1340 til 1519 halvert frå tolv til seks og folketalet fall tilsvarande eller meir frå kring 80 til kring 30 – 40. Før pestane slo inn, har landskylda på heile Hundvåg svara til 1732 spann korn – kring 14 tonn korn. Ved inngangen av 1500-talet fekk jordeigarane snautt nok inn 216 spann – 1600 kilo – korn!

… kyrkja vert ruin

Under slike tilhøve var det uråd å halda ved like kyrkja på Austbø. Stormannen som kunne halda handa si over henne, budde nok framleis på Austbø. Men kyrkjelyden vart for liten til å halda henne i hevd. Tiend og landskyld som var faste inntekter, var redusert til ein brøkdel av tidlegare nivå. Eit par mannsaldrar etter Svartedauden – seinast frå 1414 - høyrer me at Hundvåg ikkje lenger var eige sokn, øya var lagt inn under Mariakyrkja i byen. Taket datt saman, veggane rasa ned og ruinane låg til 1866 då ei båtlast med fint tilhoggen stein vart frakta til Stavanger for å vøla Domkyrkja.[35] Men før den tid hadde bøndene på Austbø nytta mykje av den gode steinen i løe- og husmurar og i steingjerde. Men lenge levde namn som ei minning etter kyrkja, t.d. Kjerkegardsmarka i hallinga nedover langs Austbøgeilen. Også Krosshaugen var eit minnesmerke om den sakrale samlingsstaden på Hundvåg. Straks nedanfor og aust for Krosshaugen og kyrkja ligg forresten ”Loen”. ”Loen” eller ”Lunden” tyder ei tresamling som frå gammalt kunne ha ein heilag funksjon.[36]

Skeie får nye eigaraar

Heilt fram til 1379 budde det folk på Austbø som åtte partar i Skeie. Denne vinteren dreiv Tollak Tollaksson og kjøpte opp garden. 31. januar det året var han på Nordbø på Rennesøy og kjøpte ein fjerdepart av Viking Torjulsson på Nordbø på Rennesøy. Dagen etter møtte han opp i ”sessarstova” hjå Gudrun Torleifsdotter på Austbø og sikra seg 3 månandmatsbol – ¼ til – av Skeie. Tollak fekk likevel ikkje kjøpt heile garden, ein Osmund skal også ha ått ein del av garden. I alle fall var garden framleis i bondeeige. Etter Tollak arva sonen Torkel desse seks månadmatsbola i Skeie. Hausten 1419 selde han så denne helvta ”alla halfua” -  av garden vidare til lagmann Eirik Gunnarsson i Ryfylke. [37]

Biskopen kjøper Skeie

I denne nedgangstida var kyrkja ute etter å sikra seg meir jordegods også på Hundvåg. Og den jorda som var att, var Skeie. Biskop Torgils oppretta kring 1270 hospitalet i Stavanger og gav venteleg mellom anna Lunde som eit inntektsgrunnlag. I 1414 selde Alvald, Bjørn og Sigurd Osmundssøner sin part i Skeie til krossbror Trond i Stavanger.[38]

Ein del – to månadmatsbol – høyrde ved desse tider også til Sigrid og Astrid, døtre av Jon. Dette selde sønene deira, Olav Sigurdsson og Jon Halvardsson vidare til biskop Gunnar i Stavanger.[39] Litt i senn greidde så dei geistlege i Stavanger å kjøpa seg opp i Skeie slik at heile garden sistpå låg under bispestolen i Stavanger.[40] Slik hamna heile Hundvåg gradvis under framande eigarar, kyrkja hadde rasa saman, folketalet var halvert og øya var lagt under Mariakyrkja i byen.  

Sjur Austbø – ein ny bondeleiar

Sjølv gjennom denne katastrofen heldt det fram med å bu storfolk på Austbø likeeins som på andre gamle adelsgardar som Randaberg, Madla og Jåttå. Men sjølv om desse slektene var degraderte frå adel til storbønder, sto dei likevel framleis fram som leiarar for bygdefolket.  

Slik var det i 1518. Danskekongen Kristian II kjempa for bare livet for å halda den nordiske unionen samla under krona si. Men svenskane var uviljuge og baud på motstand. Kristian vart difor kasta ut i ein kostbar krig og skreiv ut ein ekstraskatt på to mark for å betala ufreden.  Men i Rogaland gjorde bøndene opprør mot skatten. Kring om i bygdene sto etterkomarane etter den gamle bondeadelen fram som leiarar for bøndene. På Hundvåg var det Sjur på Austbø som fylka bøndene til motstand.[41] Og dei nekta å betala skatten alle som ein: Bergtor og Knut på Husabø, Botolf på Lunde, Stein på Skeie og grannen til Sjur, han Endre Austbø.[42]

Skatteopprøret mot tomarksskatten

Kongen rasa over motstanden, og året etter fekk han futen til å skriva ut ein hard straffeskatt, alt etter kor aktive dei einskilde var i opprøret.  

På Hundvåg – og kanskje for heile Goa skipreide – sirkla futen inn Sjur Austbø som leiaren – heile 272 skillingar måtte han ut med til straff. Det svara til ein bøling på seks kyr! På heile Nord-Jæren var det bare Tore på Madla som laut ut med meir i straffeskatt. Om lag helvta betalte Sjur i reie pengar, resten fekk futen med seg i form av sylv.  

Dei andre bøndene på Hundvåg laut ut med 80 – 96 skillingar i straffeskatt, om lag som hjå bønder flest. Men ingen av dei makta å gjera opp for seg bare med kontantar. Difor braut futen sund både sylv og koppar som han tok med seg som betaling. Hjå Stein Skeie henta han med seg ei svær koppargryte på kring fem kilo.  

Den svære straffeskatten røynde på for Sjur. Då futen kom att to år etter for å henta inn den såkalla tiendepengeskatten, var det mindre å henta. Dette var eit nytt tiltak frå Kristian II, ein skatt som skulle betalast som tiendeparten av alt laust og fast gods. Sjur vart nå ilikna og laut ut med 53 skillingar i pengar og 50 gram i sylv – alt verdt til saman kring 112 skillingar. Det vil altså seia at han var god for kring 1120 skillingar – om lag ein halv gong meir enn for gjennomsnittet for alle bønder i skipreida. Sjur sat altså betre i det enn bønder flest, men utan at ein direkte kan kalla han rik. Omrekna svara formuen hans til verdien av 23 mjølkekyr.[43]

Skattlegging av fattig og rik

Dei andre hundvågbøndene betalte mindre: Bergtor Husabø laut ut med 24 skillingar, 28 gram sylv og eit par kilo koppar. Knut på same garden gav frå seg 56 gram sylv og 8 skillingar i pengar, Botolf Lunde må beint fram ha vore fattig, fem skillingar var hans bidrag til futekassen. Stein Skeie var heller ingen velstands mann. 21 skillingar svara til ei formue  på 210 skillingar eller som verdien av fem mjølkekyr. Fattigast av alle var Ommund, han betalte ein einslege skilling i skatt. Noko betre sat Endre Austbø i det, ti gram sylv og 84 skillingar i betalte han i det heile.  I det heile ser det ut til at det var dei to bøndene på Austbø som sat best i det medan bøndene på Lunde og Skeie nærast må ha vore fattige. 48


Me ser altså at Husabø frå tid til annan stakk seg fram som ein viktig gard på Hundvåg. Men så langt soga rekk, er det Austbø som var den leiande garden, det var her storfolka sat gjennom heile mellomalderen. Etter reformasjonen kom Skeie til å ta over noko av den rolla Austbø hadde hatt som stormannssæte.  

Litt om busetnadsutviklinga på 18- og 1900-talet

Hundvågfolk i 1801

I 1801 budde det 76 menneske på Hundvåg. Av desse var dei aller fleste vaksne menneske.[44] Berre sju var under ti år og berre fire over 60! Interessant nok var ikkje ein einaste av dei 22 gifte personane under 30 år. Det var også stor aldersskilnad, i gjennomsnitt åtte år mellom ektepartnarane.[44] I snitt ca. sju personar per husstand. Men for kring helvta var aldersskilnaden tolv år eller meir! Alt dette hang saman med tilgangen til levebrød, ein fekk ikkje gifta seg før ein hadde jord noko som stabiliserte folketalet. På denne tida var også Hundvåg eit reint bondesamfunn som levde innan ramane av ein mellomaldersk driftsmåte.  

Silda kjem att

I 1808 skjedde det noko dramatisk, silda kom tilbake til Skudefjorden. Frå kring 1820 tok ho jamvel til å finna vegen heilt ned til Hundvåg. Dette førde til ei kraftig oppbløming i næringslivet knytt til sildefiske og sjøfart. Utviklinga til Stavanger gav ringverknadar for byøyane. Men folkeauken kom ikkje i fyrste rekkje på Hundvåg, det var det tidlegare folketome Buøy, Engøy, Ormøy, Bjørnøy, Vassøy osb som fekk auken.  

Småøyane vert busette

Folkeauken var kraftigast i 1840- og 1850-åra til det i 1865 budde til saman 815 menneske på alle desse øyane, tredjeparten på Buøy – særleg kring Røydehabn - og Engøy. På dei andre øyane budde det 432 menneske, helvta på ”Øynå”, resten på småøyane.[45] Det store fleirtalet av dei som flytta til, kom frå dei andre ryfykeøyane og frå Ryfylke elles.

Nye næringar tek over

Prosentandelen av folket som levde som bønder minka til dei i 1875 berre utgjorde 40% av alle. Resten levde av fiske og sjøfart. Heile 14 rekna seg då som fartøyeigarar eller skipperar. Det svara til fjerdeparten av familiefedrene. Svært mange av mennene segla ute medan kvinnene styrte garden. Dei viktigaste vinteropplagshamnene var Røydehabn og Galeivågen. Mest partreiarlag.  

Buøy og Engøy vart innlemma i Stavanger i 1878. Alt dette året vart tanken lansert om bru til Buøy av stortingsrepresentant Svendsen.

Underleg fanst det ikkje handverkarar på sjølva øynå, dei heldt til på småøyane: tømmermenn, bøkkarar, smedar, treskoarbeidarar.

Men nå var toppen nådd, frå 1871 forsvann silda medan skipsflåten gradvis la om til damp. Resultatet var eit økonomisk samanbrot som førde til ei massiv utvandring til USA. På berre ti år fall folketalet med 19 %! Men gradvis vaks folketalet til 334 på sjølve Hundvåg i 1900. Sidan utover 1900-talet auka folketalet berre seint. Framleis kring 1950 låg det berre på rundt eit halvt tusen.[46]

Henta frå pantebøkene

  • Roaldsøy, skylddelt bruk 1847 frå Lunde, 1854 frå Skeie
  • Bjørnøy, Mikkel Mikkelsen, skyldelt 1848 frå Lunde
  • Vassøy, Endre Knudsen, skylddelt 1968 frå Lunde
  • Ormøy, Jacob Jacobsen, skylddelt 1864
  • Midtholmen, Martin Knutsen, 1910
  • Skarvaskjæret, Oscar Olsen, 1913
  • Steinsøy, John Thorsen Lie, 1862
  • Lindøy, Henrik Fasting Tonning, 1861
  • Hellesøy, Peder Andersen, 1836
  • Kalvøy, Ommund Torbjørnsen, 1851, Helga Ommundsdatter, 1859
  • Tunsøy, Gunhild Torbjørnsdatter, 1869, Torbjørn Johannesen, 1877

Vassøy

Fast busetnad frå 1840, tre bruk i 1886. Fyrste telemarkingen Ole Berg og hustru Anna Austigard frå Årdal.

Referansar

  1. SSB, 07198: Areal av land og ferskvatn.
  2. SSB, 07198: Areal av land og ferskvatn.
  3. Juhl, Kirsten: Austbø på Hundvåg gennem 10000 år. Stavanger, 2001, passim
  4. Fortalt mellom anna av Severine Helgevold, f. 1879.
  5. 5,0 5,1 Helliesen, 1901, s. 38.
  6. Indrehus, 1914, s. 315 ff.
  7. Fortalt til Birger Lindanger i 1961.
  8. Helliesen, 1901, s. 38
  9. Indrehus, 1914, s.315 ff.
  10. Indrehus, 1914, s. 315 ff.
  11. 11,0 11,1 Særheim, 2007, s. 110.
  12. Boye Strøm, «Stavanger Amt» Kristiania 1888, s. 265.
  13. I fylgje Norgeskart.no.
  14. Prøsch-Danielsen, Lisbeth, Sea-level studies along the coast of southwestern Norway, Stavanger 2006. S.48ff.
  15. Prøsch-Danielsen, Lisbeth,  2006, Sea-level studies along the coast of southern Norway. 38ff.
  16. Universitetsmuseenes arkeologiske gjenstandssamling.
  17. Juhl, Kirsten: Austbø på Hundvåg gennem 10000 år. Stavanger, 2001, passim
  18. Juhl, Kirsten, Austbø på Hundvåg gennem 10000 år, s. 18ff, Stavanger 2001
  19. Hemdorff, Olle: Fra fangstfolk til vikinger. Hundvåg i 10.000 år. Hundvåg 2003, s. 19ff.
  20. Hemdorff 2003 s. 19ff og Frá haug ok heidni, «Tverrsnitt av førhistoria» bd. 12, s. 185 ff. og Gjersland, Berit: «Bronsealderhus og steinalderbuplassar på Austbø, Hundvåg, 304 ff.
  21. 21,0 21,1 Særheim, Inge: «Stadnamna i Rogaland» Bergen 2007
  22. Myhre, Bjørn: «Norges landbrukshistorie 4000 f.Kr. – 1350 e.Kr.», Oslo 2002.
  23. Matrikkelen 1668, Jæren og Dalane fogderi, nr. 32, Goa skipreide
  24. Utigard Sandvik, Paula: Kornet på Hundvåg, Haug ok heidni 2003, nr. 4, s. 20
  25. Stavanger domkapittels protokoll, Kra. 1897,  s. 471, Hustru Barbra på Skeie, enke etter Morten Nilsson, fekk inntektene av Skeie i Kriken prebende. Dette fekk ho bruka i hennar livstid med øyar og holmar med landskyld og alle innkomer som høyrde til. Ho hadde ansvaret for vedlikehald av hus og jord så lenge makeskiftet står. Men soknepresten i Stavanger, Knut Mikkelsen, hadde rett til å ha tre kyr på ein av holmane under garden. (Roaldsøy eller Bjørnøy).
  26. Matrikkelen 1668, Jæren og Dalane, Goa skipreide.
  27. Lindanger, «Busetnaden», Randaberg, 1986, s. 49.
  28. Haus, Håkon: «Steinkorste på Hundvåg», «Fra Hundvåg og Øyane», Stavanger 2003, s.9
  29. Gard Eirik Emsøy: «Erling Skjalgsson og hans slekts utmyntninger», forlaget Numismatikeren, Stavanger, 2024.
  30. Lexow, Jan Hendrich: «Middelalderens steinkirker i Rogaland», s. 31, Stavanger turistforening, årbok 1957
  31. Hillesland, Kristoffer, Georadarundersøkelser i Rogaland, Arkeologisk museum i Stavanger, 2024
  32. Lexow, Jan Hendrich: «Middelalderens steinkirker i Rogaland», «Kongsgård og kyrkje på Hundvåg», s. 31, Stavanger turistforening, årbok 1957
  33. Lindanger, «Adel og anna folk», Randaberg 1988, s. 39ff
  34. DN IV nr. 44, 1299, DNII nr. 54, 1299, IV nr. 48, 1300; 51, 1301; II nr. 80, 1306; IV nr. 67, 76, 1308; 9, 1411
  35. Boye Strøm, Topografisk-statistisk beskrivelse over Stavanger amt Kra. 1888, s. 269
  36. Stavanger Domkapittel protokoll, 1612, s. 455: Lunde skylda 3 pd. Til Stavanger Hospital. Forstandaren skulle ha alle inntekter av garden med unnatak av landskylda. Elles hadde dei fattige rett til ein nepeåker på garden til bespisning.
  37. DN IV 387, 1379, DN IV 578, 1414, III 1419, DN IV 626, 1435, IV 667 1449
  38. DN IV, nr. 797, 22/10 1414
  39. DN III, 467, 1419
  40. DN IV, 626 og 667, 1435 og 1449.
  41. NRJ II, s.248
  42. NRJ II, 348 og NRJ III 256
  43. NRJ II, 348 og NRJ III 256
  44. 44,0 44,1 Etter folketeljinga 1801, Digitalarkivet.
  45. Etter folketeljingane 1835, 1845 og 1865.
  46. Etter folketeljingane 1875, 1900, 1910 og 1920. Dessutan folketeljinga i 1930 og 1950.

Litteratur

  • Askeland, Johan m.fl.: Hetland herad 1837 – 1937, Stavanger 1937
  • Boye Strøm, «Stavanger Amt» Kristiania 1888
  • Buøy skole 125år, 1861 – 1986, Stavanger 1986
  • Frá haug ok heidni, «Tverrsnitt av førhistoria» bd. 12,  
  • Frá haug ok heidni, 1989, nr. 1 og 4
  • Frá haug ok heidni, 1994, nr 4
  • Frá haug ok heidni, 1997, nr. 4
  • Frá haug ok heidni, 2002, nr. 4
  • Frá haug ok heidni, 2000, nr. 4
  • Frá haug ok heidni, 2003, nr. 4
  • Gjersland, Berit: «Bronsealderhus og steinalderbuplassar på Austbø, Hundvåg».
  • Helliesen, Tor: Oldtidslevninger i Stavanger Amt, Frue landsogn, Stavanger museum, Aarshefte 1900, Stavanger 1901.  
  • Indrehus, Ola: Træk av Hetlands historie, 1814 – 1914, Stavanger 1914
  • Juhl, Kirsten: Austbø på Hundvåg gennem 10000 år. Stavanger, 2001, passim
  • Lindanger, Birger, Sola og Madla 900 – 1800, Stavanger 1980
  • Lindanger, Birger: Randberg. Kultursog til 1996, bd. 3 og 5.1988 og 1996
  • Lindanger, Birger, Rennesøy, Bygdesoga, bd.4, Rennesøy 2006.
  • Lunde, Lars m.fl.: Før i tiå. Fra Hundvåg og Øyane, Hundvåg 2003
  • Lunde Rugland, Bjørg: «Slekta frå Lunde på Hundvåg», Stavanger 1999
  • Myhre, Bjørn: «Norges landbrukshistorie 4000 f.Kr. – 1350 e.Kr.», Oslo 2002.
  • Nesvik, Terje: Kjenner du Buøy. Lokalhistorie om skolen og «Øynå», Buøy 1980.
  • Obrestad, Tor; Den lengste historia, Rogaland 10000 f.Kr. – 1350 e.Kr., Stavanger 2004
  • Olsen, Magnus, Gaardnavne i Stavanger Amt, bd. 10, Kra. 1915.
  • Prøsch-Danielsen, Lisbeth, Sea-level studies along the coast of southwestern Norway, Stavanger 2006.
  • Stavanger byleksikon 2008
  • Stavanger domkapittels protokoll, Kra. 1897
  • Særheim, Inge: Stadnamn i Rogaland, Bergen 2007
  • Vassøy, Stein m.fl.: Vassøy slik vi kjenner den. Vassøy 2021
  • Utigard Sandvik, Paula: Kornet på Hundvåg, Haug ok heidni 2003, nr. 4

Kjelder

  • Norske rekneskaper og jordebøker frå det 16. Aarhundre.                                           
  • Norske Rigsregistranter.
  • Norske lensrekneskapsbøker 1548 – 1567.
  • Stavanger lensrekneskap 1601 – 1664.
  • Stavanger stifts jordebok 1690
  • Matrikkelen 1668.
  • Fogderekneskapen for Jæren og Dalane 1665.
  • Stavanger Stiftsjordebok 1620.
  • Stavanger Domkapittels protokoll 1571 – 1630.
  • Tingbøker for Jæren og Dalane 1613  - 1661

Tillegg

Litt statistikk

                             Brukartal      Eigarar                          Bruk      

         1520                                        Landskyld  Tn.k.    1835   1905                                  

Brukartal Eigarar Skyld Bruk
1520 1600  1700 i ma.   Landskyld Tn.k. 1835 1905  
Austbø         2                      2           4 Apostelkyrkja    144 sp     24     4 39
Husabø         2          2           4 Apostelkyrkja    144 sp     20 3 24
Skeie         1          1           2 Krigens prebende/lektor      48 sp         8 1 11
Lunde         1          1           2 Stvgr.Hospital      72 sp     10 3 11
Totalt
Bruk 6 6 12 11 85
Folketal ca. 35 ca. 35 ca. 70 408 sp

I 1706 budde det ein husmann på Kalvøy.[1]

Folketal
1754[2] 1801 1865 1875 1900 1945 1965 1970 1980
Husabø 19 25 66 116
Austbø 21 33 119 (40) 127
Skeie 9 7 107 (80) 45
Lunde 15 11 99 (80) 46
Sum Hundvåg 64 76 191 334 800 2000 1500 5000
På øyane 3 90 200
Hundvåg m/ øyane

Buøy/Engøy

90 432 349 612
Buøy 292
Engøy 83
Steinsøy 8 19
Vassøy 91
Roaldsøy 61
Bjørnøy 14
Langøy
Ormøy 50
Kalvøy 3 5 18 6
Hellesøy 4 7 7
Lindøy 5 16 30
Sum 90 815 278

Ymse om Øyane frå 18- og 1900-talet

Jordbruket

Melke-Ivar rodde frå 1891 rundt og henta mjølk og leverte i byen. Slåmaskin frå 1890-åra.  

Korn, havre og bygg, og poteter

Til 1901: bar folk mjølka med vassele til bryggene

1915:           Veie- og varehus i Galeivågen. Mjølka vart nå køyrd med hest og   kjerre, grannar bytast på mjølkekøyringa.

1928: Olaus Husebø med det fyrste veksthuset, rund dansesalong av glass frå eit engelsk passasjerskip. Bygde også fleire andre veksthus. Etter krigen mange andre til, på det meste 21 mål. Fram til 1972 vermde med olje. Sidan gjekk det tilbake med veksthusa.

1945: 44 bruk med mjølkekyr. Frå 1965 kraftig tilbakegang. Over til ungdyr til slakt. Poteter og korn.

1968: Utbygging av Torsamarka og Saltnesområdet: fyrst Rosenberg, sidan boligbyggarlaga.  

Handel

Straum frå 1915

Vanskar med vatn, brønnar, handpumper.  

Fyrste butikken 1912 Hundvågkrossen, sidan Austbø Kolonial

Før butikken, handling i byen kvar laurdag.

Sæbø, bakeri 1939

Lunde kolonial 1949

Løhre, elektrisk butikk, 1950

Johan T. Østbø, f. 1862, budde på Nygård, kjøpte alt frå 1880-talet opp galeasar. 1890-åra: frakta brisling. Borna samarbeidde med Peder Smedvik, dottera gifta seg med Peder. Frå 1900 utvida han verksemda og starta med fraktefart til Amerika. Fyrste dampskipet 1913.  

Industri

1904:  Fjeldberg Skipsophugning + sildemjølfabrikk her frå 1913. 50  

      – 60 tilsette

1907: Hundvaag Sardine Co. v/ Kallagsundet, sesongane 100 tilsette.

1911: Sardinfabrikken Ideal i Galeivågen

1911: Jadarholm skipsopphogging

1919 – 1923 og 1924- : Brødrene Bjørneviks Motorfabrikk A/S. Fyrste slippen i 1925, 15 tilsette kring 1935. Leif Bjørnevik med frå 1936, leiar frå 1953. ”Jolu” 1956, Sjøkartverket 1959. I dag meir oljerelatert.  

1926:   Fritjofs Minde, Josefine Schøyen

1935:  Ole Torjussen, byggmeister

1936:  Nils Bjørnevik produserte Aldamotorane.  

1946:   Ole Torjussens verkstadbygg ved Skeiesjøen.

Kommunikasjon

Sjøverts

1890-åra: Mjølkebåt

1890 – 1920: utbygging av vegnettet på Hundvåg, gruslagde vegar.

Fyrste rutebåten frå Hundvåg 1901

Skyssbåt frå Buøykaien

1901: Aksjeselskapet ”Hundvaag”: mål å starta ferje to gonger dagleg  

     til byen. Dampskip. Rute: Lundekaien – Skeissjøen –      

     Tømmervika – Bjørnøy – Roaldsøy – Dragabergvika -  

     Prestøkaien – Galeivågen – Pyntesundet – Buøy – Engøy –

     Sølyst: 1 ½ time kvar veg. 53 passasjerar, siste tur frå byen kl.  

     19,00.  Alternativ: Torkel Flyttmann.  Båten seld i 1914.

1912: Tor Olsen ferjetrafikk med open motorbåt frå Buøy

1915:   Kommunal ferjedrift frå Buøy

1918:   ”Galei”, ombygd redningsskøyte

1921:   Ferjene frå Buøy privatisert: konkurranse mellom C.J.  

Knudsen (Nyhavn) og Bjerklund (gamlekaien).  

1939: Hundvaag I

1949: Ferjenes Fellesdrift frå Buøy

1954: Bilferjene ”Trippen”

1957: Nyhavn utfylt

1977: Fastlandssamband

Landverts

1878: Brutanken fyrst lansert

1899: Veg på Hundvåg

1909: Brygge på Hundvåg

Syklar frå 1910

1918: Ny havneplan for Stavanger der bruer var innkludert.

1924: 355 m. veg på Austbø

1924: 722 m. veg langs Galeivågen

1938: Fyrste bilen, Samuel Husebø. Bare kjerrevegar då. Bilen til Sandnes under krigen.

Gradvis grusing og opprusting av vegane.

1939: Ny hamneplan med bru som gjekk slik Bybrua kom til å gå.

1945: Einar Svendsen tek over drosjekøyringa

1949: Brukomite nedsett

1951: Veg til Dragabergsvika

1955: Bussrute m/Einar Svendsen. Starta med politiets Opel Blitz

1957: Start på Hundvåg Ring.

1967: Pyntesundbrua påbegynt

1972: Engøysundbrua opna.

1974:     Hundvåg Ring Vest.

30/12 1977: Bybruopning

Desember 1983:  Fjerning av bompengane

Desember 1990: Opning av Bjørnøybrua

Skular

1850: 119 born, 42 kunne skriva, 28 også rekna.

Ca. 1860: Leigd skule på Austbø

Skulane, fyrst på Austbø, sidan hjå Trygve Østbø, frå 1918 ved kapellet.  

1861: Fast skulehus på Buøy

1872: Skulehus i skiftet Skeie/Austbø: 45 elevar, 9,4x6,3 m = ca.60 kvadratmeter

1893: Nytt skulehus i murstein

1907: Skule på Roaldsøy

1916: Skule ved kapellet ”Fredheim”.

1945: Slutt på fådelt skule

1952: Jekka opp, sløyd og skulekjøkken

1959: Skulekorps

1961: Nytt skulebygg i betong

1978: Tilbygg: gymsal, helseavdeling m.m.

1979: Skeie grendeskole

1987: Austbø ungdomsskole

1993: Det gamle trebygget rive

Foreiningsliv

På Hundvåg var det eit livskraftig kvekarmiljø, mest ti % av folket var kvekarar i 1875. Det var det tredje største kvekarmeinigheita i fylket. Dei heldt særleg til på Husabø og Skeie. Ein av dei mest sentrale var Ole Torsen Husabø som var med i alle fall frå 1840-åra. Ein av dei, Matias Husabø, laut i 1854 på straffarbeid for militærnekting. Fleire av dei valde til sist å utvandra til USA.  


1874 – 2002: Hundvåg Sjømannsforening

1876: Hundvåg misjonsforening

1894: Kinamisjonen

1905: Fyrste bedehuset, ”Fredheim”, 1918 gudstenester årleg.

Søndagsskule

1909: Buøy fotballag

1914: Kor

1918  - 1925: Losje Øyvarden

1918: Hundvåg Ungdomslag skipa. Bygde ungdomshus og  

arrangerte utfluktar med ”Gallei”.

1920: Tårn: Hundvåg kapell

1929: Ungdomshuset ”Øytun”: idrettshus, ungdomslag

1930; Fyrste filmen vist på Hundvåg: ”Krigens sanne ansikt”.

1938: Hundvåg turnforening

Ca.1938:  Misjonsbarnelag,  

Barnekor

Under krigen: Yngres og Fråhaldslosje for born

1949: Hundvåg Husmorlag, nedlagt i 1980-åra

Ca.1950: Turnen over til Buøy

1946: Speidarar

1971: Hundvåg Idrettslag

1976: Ombygd, ny inngang der koret hadde vore

1988: Hundvågshallen

Krigen

Vinteren 1940: Eit Lysanderfly naudlanda på Ulsnes

9.april 1940: ”Ægir” og ”Roda”. Dreiv til lands ved Kråkenes.

Tyskerbrakker på Husabø og i  fire brakker og kanonstillingar i Loen på Austbø. Russarane arbeidde, fekk mat langs vegen.  

Marinebase bygd opp på Ulsnes

Krigsfangar på turnen på Rosenberg

Øytun: reservelasarett

Referansar i tillegg

  1. Sjømilitært manntall 1706-07
  2. Lensmannsmanntal 1754