Kjeldearkiv:1892-01-25 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1892-01-25 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 25.1.1892
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 78
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 25. 1. 1892.

Kjære Kristian!

Du er ein forunderleg skjøtteslaus hause med helsa di – eingong kjem du fulla til aa øyeleggje ho, korsomer. Ettersom eg skjønar har du ingen tankje um aa vera varsamd, skal stige i arbeide at trast du held hugu skikkelegt, er høyrande til. Og du har sikkert meir enn eingong høyrt, at influensa er den farlegaste av alle fillesjukor, naar ikkje ein er varsamd baketter; det gaar meir enn ein sterk før trosk øyelagd etter henna berre for dei ikkje reikna sjuka for nogo, men var uppe og ute att forsnøgt.

Men skvætte vatn paa gaasa monar fulla ikkje, no meir enn førr.

Ja, no ser det da endeleg ut til, at ho skal vera nærast paa veg til aa koma ut i verda, som ho nogon gong har vore boka mi au. Saa kan ein sleppe aa gaa vente paa det lenger.

Bli ho væl mottekje, saa lyt eg paa ein eller annan vis faa ut ei samling til, snøggast eg fær raad med det. Det finnst att sumt enno paa Lom og nogo i Kvikne, saanære kan ein kalle for det er sopt au. Naar dei set up skræ’n dei 70–80 aaringane som no liver er det forbi med “tradisjonen”. Men paa Lom og i Skjaak tvilar eg um det er reine guldgruvor aa finne, naar ein berre kunde vera godtil aa gaa der loe og ta det motskapte tyrase paa rette gjerda. [...] skulde ellest ferdast millom dei skjethundom, for dei er ikkje lik dei andre norddølom i eitt bein, tesmeir. Trur elles eg skulde faa hol paa dei naar eg berre hadde tid og raad til aa fara der snaka einkvar tida. Eg skreiv um detta eingong aat Seippel og han sa, at det var nogo av det likaste ein kunde tekje seg til med. Men han bad meg vente til “boka mi” kom ut saa skulde eg freiste søkje um eit stipendium av dei penger, som bli gjeve til “videnskabelige reiser i indlandet” – han heldt ikkje saa reint utrulegt, at eg med tida kunde uppnaa aa faa eitt. Det har no fulla lange utsigter, maa’ta. Nei, kva som kom over meg her eindagen ei rid, er eg forundra paa! Meinar du ikkje, at eg tok fat paa honom Storola, tok han fraa ein kladd og sette han paa den andre. Og ikkje nok med di, eg tok han enda att og gav honom nogo rasp her og der, spikka av kuler og kitta i der der var upprive fliser. No ser han likast ut for mine augor, som han har gjort nogon gong, men eg har sett meg det forr, han skal ha ei overhaling med sannpapir og sikling enno og den har eg tenkt skal vera fraa seg gjort trast etter Kyndelsmess. Da skal han au faa vera forr meg. Men han er ein lei figur aa skildre, den sama karen, saaleis, at han paa papire gje saa umtrent eit paaliteleg inntrykk. For han er eit “psykologisk fænomen” som gaar over mitt forstand. Da er dei endeframmar og meire einradne naturer aa faast med han Gamel-Hans og han Vetlkristen, dei karane skal eg sleppe fløtja og finhøvle saamange gongor. Ja, det skal fulla bli grovt til verk dei avritsi, kan du tru! Eg har raad med aa faa laant eit fotografi av honom Storola til bilæte paa umslage og titelblade og baki skal det vera musikbilag! – “Struelses spelleri”, “menuito i C-dur”, “Somarvalsen” og “Dropaleiken”. Skal ikkje det bli […] gjæve saker som skal umvende sjølve Even Renaas (Rê-nos!) i “Lh. Tilsk.” saa neigu skjønar ikkje eg. No vil eg sende honom Mons han Storola og gjeva honom god greide paa plana mi og freiste aa faa han til aa skjøne sit eigje beste naar eg maala væl ut kor gromt og grepa detta skal bli alt samen. Forstaar han ikkje det, saa jaggu let eg Filseth faa heile hurven mot aa trykkje fritt 300 eksplr. som eg sjøl hefta ihop og sæl og tener som eitkvart illt. Detta er ikkje saa ille uttenkt, det, – det kjem til aa greie seg detta. – Nei det maa spøkje, no, eller eg maa vera eit forfattar-flognæme, lel! Saa utrulegt som det lyest, saa har eg emna paa ikkje mindre enn 3 stykkje med minner fraa barndomen; (ja eg er no ikkje komen saa langt som til titel enno, den kan det hende eg let dei faa brjote hjernen paa.) – det fyrste heiter: “den gongen eg var ’notarius publikus’”, det andre: “skulen, ’Almuevennen’ og Fredrik den 7des likferd” og det tredje: “Rauen og han Graapass”. Aa ja, det kan lett hende eg gjer nogo brigde i desse overskrivtom, saa du fær ikkje ta det for aa vera rikkelaust fastsleje. Hellerikkje fær du tru, at kvart stykkje er ferugt enno – eg har nok arbeidt lite paa dei, har skrive nogo hardle med kladd og har planerne feruge i hugude. Men det kan koma til aa gaa baade aar og dag førr eg kjem lenger med deim. Den som berre kunde faatt hol paa han Mons Litlerê og saa faatt mestsom ord paa seg for aa eige nogo originalt i skrivemaate! Da vøre det uvandt aa faa ut det skjiterie ein hadde raska ihop. Men det er ein høg bakkje, det, for den, som ber til aa bli støl i bakføtom saaleis som eg no gjerer.

Bed gud fri meg, for aa gjera nogo saa tvitulle, som aa klype Lars Holst i tjukkleggen! Nei eg berre skreiv aat honom igjaar, la ved 30 øre i frimerkjer og bad um aa faa att han “Gamel-Hans” dersom han ikkje alt hadde faatt ro i papirkorga – bar meg for at eg i tilfelle eg kunde faa bruk for ritse seinar hadde eg ikkje nogor avskrivt av manuskripte. Det sidste var no baade sannt og lygn ettersom ein tek det til. Ellest er det nok staaandes regel, at “Dagblade” smør manuskripter det ikkje bruka i papirkorga – ja ikkje aat andre enn slike skriveklaaer som eg og mine likjer, da, forstaar seg.

I førre veka hadde vi kalde av verste slag upp til 24º sume dagar; no har det endeleg gjeve seg att, dagen tognar til kvar tid, sola kjem nærar og nærar og det lettnar mestsom i heile “tilværelsen”. Ingenting nytt. Ja, det er no det, lel, at han Iver, bror min, skal gaa halvt i handelen med S. Blekastad fraa 14 april. Saa bli eg att her einsleg med’n mor og det kan lett hende det bli sturt og stuslegt jemnan. Fær ikkje hjelpe; ser eg, eg fær det til aa flaske seg: jaggu legg eg meg til med ku og sau og hund og katt burti Bøneslien aare rundt, fiskar og skjyt, gaar paa ski og lig og skriv avrits og minner, saa kladdhaugane bli som berg. Vil du gje deg med skal du faa frit varmt hus naar du antel held deg sjøl eller gaar i mi tenest som vinkelskrivar; ein slik ein trøng eg – eg er ikkje reint fri for skrivekrampe sume gonger.

Langt paa kvell – du fær settja attaat dei bokstavane som vantar og alt anna som ikkje er skikk og bruk i rettskrivingen.

Helsing fraa alle paa Kleiven.

Din

Ivar.