Kjeldearkiv:1893-09-06 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1893-09-06 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 6.9.1893
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 99
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Bøneslien 6/9 1893.

Kjære Kristian!

Med di sama eg fekk svelgt kaffe’n idag reis eg upp og tok kuten heim i Rinddalsstugo etter posten. Skoddi so stappende stinn, at ein kunde eti ho med skei og i slikt vær er det no ’kje alle tider møle er det beste. Tru kva har posten aa bjo paa idag? Rykkjarbrev, er truleg. Nei, var ikkje so gale, likavæl. 3 ansøgninger um lærarposten i Nerheiddalen, innskotslista fraa Bertrand Jensen til det nye maalblade[1] paa 10.000 og brev fraa deg. Eg kom meg styggt i huglage og reiv i ein umgang kaffe aat meg og postberaren; skodda lettna og ga rum for ein av desse vakraste ettersomardagane du veit kan vera saa framifraa utigjenom september ei rid. Det kom mest som ei rid med godlag over meg medan eg gjekk burtigjenom Rinddalen, Reirebakken og gjennom Brenna forbi Mellingsosen – breve ditt gjøimde eg til eg kom uppi sætri og tok det som rein høgtidskost mea mor heldt paa aa emna paa ei “Larsing” frami den store peisen. Og mea det heng att lite grann av møle fær eg skunde meg aa raffse ihop eit skarve svar, hjelp ikkje det vantar papir, naar eg skal sjaa til.

Takk for breve! Eg hadde elles ikkje eingong byrja alvorslegt aa vente brev fraa deg enno for eg hev tenkt som so, at sendebrevi dine aat “Framg.” og dei andre bladi hadde tekji all tid du hadde. Aa gud fri deg kor vi sluker brevi dine i “Framg.”! Dei er den store “begivenhed” dei no (attaat det det drap seg ein engelskmann i ein kano nordi elvi synnafor Uleberg no nyleg) og “Framg.” slær seg fulla mynt av dei ved ein heil haug nye tingare. Som eit “illustrerende eksempel” paa korleis brevi dine vert imot-tekji skal eg fortelja ei soga. Sjugur Hovda i Lien held “Framg.”, sjøl les han kje nogo, men kjerringi[2] les baade for seg og honom og naar nogo fer imellom fær ho støtt avisa uppaa sætri, men den posten vert no altid noko ustø. Jau, der kom gjetlgjenta hennar einstraki med bod aat meg um aa ta blai hennar med posten min, so dei ikkje kom aat Lien fyrst; seinar paa dagen kom ei bod til og da eg um morgoen fekk ærend heim, var det sjølsagt, eg skipa det so, at ho fekk posten “direkte”. Og da eg gjekk beint uppi sætri aat hennar med “Skandinaverne synger” fekk eg baade rumme og alt det som godt var for umaken. Men det var ’kje anna enn utstillingsbrevi dine, som volda at det fekk slik hast med posten for hennar og ho var mest i graaten for at numre med fyrste breve var kome burt for deim. Og kvar gong posten kjem spør dei i kapp innpaa kraambui um det er utstillingsbrev fraa deg! At brevi dine eignar seg for oss og “Framg.” er nogo som er “hævet over tvil” og kunde berre “Framg.” lova brev fraa deg eit halvt aars tid eller fortelja at det hadde deg som fast korrespondent i Amerika vilde blade trast finnast i annorkvar røykjande hytte uppover dalen! Um brevi dine er likesaa fengslande for ein meire “europæisk” læsarkrins veit eg ikkje so visst, men eg kan ikkje skjøne anna, enn at kvar og ein vil lesa dei med hugna antel han er ein staalsliten europæer eller ein arbeidssliten døl. Men at det ikkje dryp mykje feitt av dette arbeide ditt, det skal du faa meg til aa tru for avisune dei hev nok tekje etter oss heruppi dalen med aa bruke sveltforing i hardaste lage.

Biskedeg, det skulde vore moro aa vore med i den samlingi av Ullmannselever fra[a] 85! Du fær helse dei ettersom du raakar frami dei att, særleg Aarekaal og Ingebj. Solbjør. Korleis [...] greier Herborg Utne aa vera givt? det er eit spørsmaal som har psykologisk interesse aa faa greie paa, for den naturen var meg ei gaate. Hev du seet mann hennar? Jouggu kan det vera farlegt paa tvomannshann med Ingbj. Solbjørg i “Lincoln’s park”, det fær du ikkje vera forrtrygg paa; naar lannsmenner raakas soleis ute i verdi hev dei magnet i seg og dreg ein annan aat seg um dei her heime ikkje eingong vørde aa helse paa korandre. Men skulde so gale hende og, saa kunde større ulykke hende deg paa jordi, um ikkje Ingebjørg hev umskapst etter ho vart Amerikaner.

Vi er tvaugeine for det meste eg og mor no um dagane; studentane er strokne for fjortendagar sia. Dei laag her fraa 14 Juli til 22 Aug og likte seg framifraa godt i alle maater; Rygh vilde vera “referense” aat meg um eg vilde leigje burt hus næste somar og det var kje kleint tilbod, han hev umgang med dei finaste og rikaste av “Borgens” innbyggjare han, veit du, som er son aat statsraad Rygh. Han hev gjengi fort denne somaren, eg tykkjer det er ’kje mange viker sia eg kom her og no tek allt bjørki syd i “Skarven” til aa bleikne og fjellkjørri raudnar til kvar dag, Rundarne, som eg ser gjennom glase her eg sit, ligg drivende kvite og glittrar i soli idag – alt ber melling um, at snart vert det ikkje anna forr enn aa fløtja neri maurtuva att. Du vil sjølsagt vita kva eg hev “gjort” isomar og da har eg ikkje anna svar aa gje: eg hev slite mykje sko! Det meste eg hev utretta er aa ha rennt attogfram millom posthuse og sætri og millom heime og sætri. Saa hev eg maala dører og glas og bord og benkjer, snikra grinder og sett upp stakit og fiska lite ein og annan gong. Men med fiskerie hev det gjengi avbragdsleg laakt i all somar, han hev vore ein forunderleg tverrbløyg paa all vis og det hev vore like laakt kva du hev bode honom. Gamelkaranne hev saaleis fengi kvilt seg i god fred som sedvanleg. No den siste veka hev eg halde paa baade jamt og samt med aa skrive av gamle rettsdokumenter. Du hugsar, kanhende, at eg hadde ein heil haug slikt skrap like attende til 1570, og det hev all sin dag vore tankjen min aa skrive dei av i ei stor bok, etter tidsfølgja og med eit nøyagtugt sakregister og namnregister bak-i. Av den boki vilde eg da laga meg som ein slags Mimers brunn, ei kulturhistorisk “urkilde” der eg kunde raake til aa faa baade blaae og brune augo i pant for ein svelg eller tvo. Men, som eg no hev lært aa kjenne meg sjøl, viste eg væl, at skulde det verta noko av med desse vilde det ein eller annan slags tvang til, og difor sporde eg rigsarkive um dei vilde kjøpe av meg heile smørja. Og det vilde dei; truleg fær eg ikkje meir enn imillom 40 og 50 kronor, men det er store penger det og for ei slik kjørkjerotte. Og saa trælar eg aa skriv av alt, som eg skjønar eller kan tenkje meg kan ha den allerminnste snev av interesse ved utgjevingi av den store kulturhistoria for Gudbrandsdalen som eg tenkjer aa gje ut i 1921. Jamen skulde du sjaa og høyre, at eg finn mangt rart, lel, i desse gamle skrullom! Guldkorn paa alle storleike, summe saa ørande smaae, at berre eit slikt gløgt auga som “vi” kulturhistorikere hev, kan bli var dei forutta mikroskop. Ein dag sat eg og teikna av segl og bumerkjer og meinar du ikkje eg fann segl og bumerkjir aat 28 av dei likaste gardmennom paa Vaage og i Heiddalen! Er du i slegt med ein Arne Haraldstad i 1652 eller Amund Haraldstad i 1652 saa kostar det berre eit auga, saa jaggu skal eg syne deg korleis sigille aat dei karane saag ut! Og segle aat Gjeslingane paa Sandbu, du! Iver Amundsen i 1631, han som bestefar min heitte etter og som eg, og, “igrunnen” heiter etter. Sjaa her: XX, slikt var Gjeslingmerkji; jaggu skal eg grava meg maken, det skal eg, og skrive denna kroken under namni mine og baade til helg og søkn! Dersom eg ikkje tek upp atter bumarke av Bjørnstadfolke, da, og skriv denne aspekteren her: XX. Alvorsleg tala, so er det mangt aa finne um live, stelle og umstøorne i gamle dagar i desse brevi som kan vera moro aa ha um det kom eit menneskje. – Live her i bygdi er seg sjøl likt, det vart eit godt aar men peningtidi er klein – og i Amerika er det ennda verre, er det sjaaande til av avisune. Fraa Hans og Ola Austrem hev eg nyleg fengi brev og dei skildrar krisa med myrk leet; dei hev no von um at uvære skal gje seg snøgt, men det er ’kje so godt aa vita. Fraa Ola Stokkestad fekk eg og brev her ein dagen, han vilde endeleg fenge meg til, aa setja meg i brodden for at Janson, naar han kjem til Norig ihaust, kan faa ei innbjoding fraa den gamle heimbygdi hans til aa halde nogre foredrag her. Jau, det vilde peinadø, høve godt, at formannen i det kristelege og attaat rett-truande Vaage skulestyre sette seg i forenden for aa importere unitarisme, saa fengd som lufti allt er med vantru og heidenskap! Eg laut ta paa meg uniformi etter det Augsburgske reglement og seja nei, men eg lova ut at eg skulde skrive um saki til Jansons elever, som det hellest er mange av i bygdi, og faa dei til aa slaa seg ihop um ei innbjoing. Og det skal eg halde, for ingen skulde meir ynskje aa høyre Janson enn eg og ingen saag med meir hugna at hans gudelege sjaamaater vann framgonge enn eg. – Som eg gat um fyrst-i fer det listor til luttaking i det nye maalblade Garborg og Steinsvik skal gjeva ut 3 gonger i vika fraa ihaust. Korleis det stend seg med paaskrivingi utyver lannde kjenner eg ikkje noko til, men det er no fulla go von um, at dei 10.000 kroner kjem inn saa dei kan fenge blade iverk. Det vilde no likavel vera eit munaleg framsteg fyr maalsaki, – og saa denne nye læseboki aat Rolfsen! Dyredø ho kjem til aa “smugle” inn mykje norskdom! Jaggu stekjer det av gronnskog, høgfjell, salt sjø og nyslegi gras berre du opnar denne 2 delen! Og 2 deler til skal vi fenge – hadde eg berre vore almektug eit ottedagars tid no i skulestyre skulde vist ungane sluppe toggje upp att Pauss og Lassen fleire vintre. Vi fær nok Rolvsons, men det verdt ikkje anna enn etter hand som det gamle lagere gjeng i hundene. Hels Ola Stokkestad naar døkk raakes – no nettup var syster hans, ho Ragnhild inne her og kom att fraa Elverum eller rettare Hamar med lærarindeeksamen. Tenkjer vi skal faa ei greid dygtug lærarinde av henna.

Helsing fraa mor og meg!

Din

Ivar.

Skilleteign hev eg lagt av aa bruke, da eg hev funne ut, at eg ikkje veit sikkert kvar dei skal stande.

Fotnoter

  1. Den 17de Mai. Første nummeret kom 9. januar 1894. Redaktørar var Rasmus Steinsvik og Arne Garborg, men frå 1898 var Steinsvik åleine.
  2. Mari Hovda.