Knud Gislesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Knud Gislesen, Asker seminars fyrste og mest markante bestyrar, her avbilda som biskop i Tromsø.

Knud Gislesen (fødd i Hjartdal 29. desember 1801, død i Tromsø 20. mai 1860) var skulemann og teolog. Han var biskop i Tromsø frå 1855 til han døydde. Men hans mest betydelege innsats var innan skulevesenet, mellom anna som den fyrste styraren på Asker seminar, som det blir sagt at han dreiv fram til å bli «det mest anseede i landet og mønster for de andre stiftsseminarier». (H. Blom Svendsen.)

Familie

Gislesen var fødd og oppvaksen på garden Løksli i Hjartdal. Faren, Gisle Knudsen (1771-1852), var gardbrukar og kyrkjesongar frå Rue i same bygda. Mora var Marie Pedersdotter (1758-1848) frå Varlo i Øvre Eiker.

Knud Gislesen var fyrst (frå 1831) gift med Sophie Dorthea Finckenhagen (1803-1847), dotter av kaptein Nils Finckenhagen og Elisabeth Juell. Etter hennar død gifta Gislesen seg i 1854 på nytt med Henriette Jakobine Martine fødd Vibe (1809-1859). Han hadde ikkje born i noko av dei to ekteskapa. Men Gislesen og fyrste kona tok til seg ei pleiedotter som var hjå dei til Sophie Finckenhagen døydde i 1847 og pleiedottera gifta seg i 1848. Henriette Gislesen hadde ei adoptivdotter frå sitt fyrste ekteskap med Christian Frederik Glückstad.

Utdanning

Fyrste skuleundervisninga fekk Knud Gislesen personleg frå faren og ved omgangsskulen i bygda. Han vart sjølv omgangsskulelærar der allereie som 16-åring, og dreiv med dette i fem år. I denne tida gjekk han ei tid på seminaret i Kviteseid. Om somrane var han heime og hjelpte til på garden. Etter skulehaldartida var han eit par år huslærar hjå sokneprest Meldahl i heimbygda. Hjå han og sokneprestane Heyerdahl i Tinn og Hans Landstad i Seljord fekk Knud oppmuntring til å studere. I 1825 drog han til Christiania, der han fekk gratis artiumsførebuande undervisning mellom andre hjå professorane Svend Borchmann Hersleb og Stener Johannes Stenersen. Gislesen vart student allereie året etter, og i desember 1830 avla han teologisk embetseksamen.

Yrkeskarriere

I studietida var Gislesen i tre år lærar ved Møllers institutt. I åra 1830-1833 var han adjunkt ved Skiens lærde Skole (latinskulen). Frå september 1833 var han residerande kapellan i Asker prestegjeld med særleg plikt til å undervise som fyrstelærar ved Asker seminar som da var bestemt igangsett. Frå 1836 var han styrar for seminaret, ei stilling som var knytta til det residerande kapellaniet i prestegjeld.

I tida ved Asker seminar hadde han to gonger tenestefri og stipend til studiereiser utanlands. Fyrste gongen var i 1836 til Danmark og Slesvig-Holstein for å studere lærarutdanninga der. I 1849-1850 var han i 15 månader på reise i Tyskland, Belgia, Sveits, Austerrike, Italia og Sverige.

I 1855 søkte og fekk Gislesen sokneprestembetet i Gjerpen, men vart allereie same år utnemnd til biskop i Tromsø, og byrja der året etter.

Pedagogen og teologen

Gislesen hadde ry for å vere ein ypparleg lærar. Han interessrte seg for den europeiske pedagogikken i tida, og var m.a. påverka av sveitsaren Pestalozzi (folkeskulens far), tyskaren W. Harnisch (lærarskulepedagog) og engelskmannen Joseph Lancaster (den eine av opphavsmennene til den Lancaster-Bellske metode, som la vekt på gruppeundervisning under leiing av dei beste elevane). Gislesens innsikt og røynsler kom til nytte som medlem av den store skulekommisjonen av 1839. Hans hovudfag var kristendom, men han gjekk meir enn fleirtalet i kommisjonen inn for reiskapsfag (rettskriving, stilskriving, taleøvingar og rekning) og orienteringsfag som geografi, historie og forfatningskunnskap.

Teologisk ser det ikkje ut til at Gislesen stod for noko spesielt markant retning. Han hadde ein viss haugiansk ballast frå heimemiljøet. Samstundes var han påverka av dei to generøse lærarane sine i Christiania, dei antirasjonalistiske, Grundtvig-influerte og etter måten liberale teologiske professorane Hersleb og Stenersen.

Som sokneprest i Gjerpen og biskop i Tromsø fekk Gislesen mykje å gjere med å motverke utslaga av den lammerske vekkelse, som jo resulterte i etablering av ei frikyrkje. I Tromsø hadde biskopen ei utfordring også frå ein annan kant, nemleg ei katolsk nyvekkjing i landsdelen.

Kjelder og litteratur

  • Gvåle, Gudrun Hovde: Knud Gislesen (1801-1860) i Telemark historie, nr. 10, 1989. Utg. av Telemark Historielag.
  • Norsk forfatter-lexikon 1814-1880, ved J.B.Halvorsen, bd. ?, Kristiania 18??
  • Svendsen, H. Blom: Artikkel om Knud Gislesen i Norsk biografisk leksikon bd., Oslo 19??
  • Knud Gislesen i Historisk befolkningsregister.


Forgjenger:
 Daniel Bremer Juell 
Biskop av Tromsø
Etterfølger:
 Carl Peter Parelius Essendrop