Kulturminne i fjella kring Lesja

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kulturminne i fjella kring Lesja er ei liste over fangstanlegg, buplassar, setre og andre kulturminne som er registrert i fjellområda i Lesja og tilgrensande område. Lista var opphavleg inspirert av Facebookgruppa Jakthytter og læger i Lesjafjella, som vart oppretta 26. desember 2018 og raskt førte til at betydeleg lokal- og kulturhistorisk informasjon vart delt blant entusiastiske medlemer, også for andre typar kulturminne i området.

Kommentarar og referansar kan vere henta frå FB-gruppa eller andre kjelder.

For å finne staden på norgeskart.no: høgreklikk på referansen i tabellen og "Kopier linkadressen". Lim denne inn i søkefeltet på norgeskart.

Områdeinndeling

Etter Mølmen 1986[1] med kortform i parentes for tabellen nedanfor.

Sørsida av hovuddalføret

  • Område kring Asbjørnsdalen, Grønvatna, Grøndalen og Raudbergan (Asbjørnsdalen-Grøndalen)
  • Lordalen og område på båe sidene vestover frå Bjøknesetre og Skardåe til Lor-tjønnin (Lordalen)
  • Områda ved Skråkkberget og Søre Gravåtjønne (Tverrfjellet)
  • Område kring Kjølen, Skjervedalen og Slådalen (Kjølen-Slådalen)

Nordsida av hovuddalføret

  • Fjellområda nordafor Bjorli, Svarthøe, Mølmsbotn, Meløype, Skottåbotn og Meløype (Bjorli-Meløype)
  • Områda ved Langtjønnin, Bronhøe, Myutjønne, Skageosen, Vangsvatnet, Buahøene og Sandåbotn (Langtjønnin-Sandåbotn)
  • Merrabotn, Gåsbulie og område kring Kvittjønnin og Horrungan (Merrabotn-Horrungan)
  • Dalsida (sjølve dalen) og fjellområda på nordsida omkring Storsvartdalen, Vetlsvartdalen og Sjongshøe (Dalsida pluss)
  • Skamsdalen, Lesjøtælet, Drugshøtjønne og Langvassdalen (Skamsdalen pluss)
  • Områda kring Mjogsjøen, Strålsjøen og Gardsenden (Mjogsjøen-Gardsenden)

Buer, hytter og herbør

Eigennamn med referansar Type Bilde Område Koordinatar
Asbjørnskoia[2] Buplass Asbjørnskoia.jpg Asbjørnsdalen-Grøndalen 62.16595° N 8.11742° Ø
Buplass Storhøhalsen[3] Buplass BuplassStorhøhalsen.jpg Bjorli-Meløype 62.2763512° N 8.3700373° Ø
Grønbue[4] Buplass Grønbue2013.JPG Asbjørnsdalen-Grøndalen 62.1190° N 8.1699° Ø
Trughammarkoia[5] Buplass Langtjønnin-Sandåbotn 62.3355° N 8.4205° Ø
Lusbue[6] Buplass Langtjønnin-Sandåbotn 62.3202667° N 8.4479667° Ø
Buplass Ettare Herrahøe[7] Buplass Asbjørnsdalen-Grøndalen 62.17684° N 8.08919° Ø
Sæterbøkoia[8] Buplass Sæterbøkoia.jpg Bjorli-Meløype 62.33020° N 8.20392° Ø
Bu Nørdre Løypet[9] Buplass NørdreLøypet-2.jpg Bjorli-Meløype 62.3500602° N 8.1923772° Ø
Bu på vestsida av Kollhøe[10] Buplass Bjorli-Meløype 62.29° N 8.26° Ø
Olabue i Skottåbotn Buplass OlabueSkottåbotn.JPG Bjorli-Meløype 62.2713838° N 8.4005166° Ø
Buplass i Nørdre Bolla, Skjåk Buplass HerbørNørdreBollaSkjåk nyare.jpg Asbjørnsdalen-Grøndalen 62.13009° N 7.88764° Ø
Brøstkoia Buplass Brøstkoia.JPG Bjorli-Meløype 62.3262° N 8.2389° Ø
Gordonbue[11] Buplass Lordalen 62.0199° N 8.1602° Ø
Buplass ved Fellingvatnet[12] Buplass Lordalen 62.0060° N 8.3413° Ø
Buplass ved Storbolla[13] Buplass Langtjønnin-Sandåbotn 62.3392° N 8.4925° Ø

Fangstanlegg etter rein og elg

Eigennamn med referansar Type Bilde Område Koordinatar
Fangstanlegg Storhøhalsen Fangstanlegg Storhøhalsen-grop2.jpg Bjorli-Meløype 62.2709° N 8.3770° Ø
Fangstanlegg Gravranden Fangstanlegg ØvstegropGravranden.JPG Bjorli-Meløype 62.277828° N 8.323759° Ø
Fangstanlegg ved Gunnaknatten[14] Fangstanlegg FangstgropGrunnaknatten.jpg Bjorli-Meløype 62.2820° N 8.3807° Ø
Fangstanlegg ved Nedre Mølmsvatnet[15] Fangstanlegg Bjorli-Meløype 62.28215° N 8.37323° Ø


Setre

Eigennamn med referansar Type Bilde Område Koordinatar
Ner-Enstadsetre[16] Seter Asbjørnsdalen-Grøndalen 62.1976233° N 8.3150784° Ø
Nistugu Kvamsetre[17] Seter NistuguKvamssetre-2.jpg Bjorli-Meløype 62.2480967° N 8.2776873° Ø
Sy-Kvamsetre[18] Seter SyKvamssetraGrøndalen2004.jpg Asbjørnsdalen-Grøndalen 62.1956122° N 8.3133472° Ø
Vangssetre[19] Seter Vangssetre.jpg Merrabotn-Horrungan 62.200737° N 8.6388154° Ø

Kjelder

Referansar

  1. Sjå kjeldelista.
  2. Frank-Wiggo Stavem i FB-gruppa 5.1.2018 og Mølmen 1988 s. 129.
  3. Mølmen 1988 s. 191.
  4. Frank-Willy Stavem i FB-gruppa 26.12.2018.
  5. Ola-Jo Nørstegård i FB-gruppa 30.12.2018 og Mølmen 1988 s. 195.
  6. Eirik Setrom i FB-gruppa 30.12.2018 og Mølmen 1988 s. 198.
  7. Rune Aamelfot i FB-gruppa 1.1.2019 og Mølmen 1988 s. 126.
  8. Vidar Stavem i FB-gruppa 6.1.2019.
  9. Runar Aamelfot i FB-gruppa 6.1.2019 og Mølmen 1987 s. 142.
  10. Ola-Jo Nørstegård i FB-gruppa 30.12.2018.
  11. Mølmen 1986 s. 139.
  12. Mølmen 1986 s. 158-161.
  13. Mølmen 1986 s. 199.
  14. Mølmen 1979 s. 154-159.
  15. Mølmen 1979 s. 160f.
  16. Seterboka s. 247.
  17. Seterboka s. 251f.
  18. Seterboka s. 247.
  19. Seterboka s. 174.